Er Kulusevski Tottenhams viktigaste spelar?
Trass i god poengfangst, har Tottenham slite med å finne rytmen og levere gode prestasjonar jamnt i sesongens første månadar. Den potensielle grunnen: ein svensk høgrekants fråvær.
Bilde: The Telegraph
Hausten 2022 har vore av det varierande slaget for Tottenham. Laget ligg på fjerdeplass og har plukka 29 poeng, noko som må kunne seiast å vere godkjend, i tillegg til å ha vunne gruppa i Champions League og gått vidare til sluttspelet.
Samtidig har ikkje prestasjonane vore optimale. Nokre av kampane har vore gode, nokre har vore svake frå start til slutt, mens mesteparten av kampane har vore både gode og dårlege. Fleire viktige spelarar har vore ute med skade. Cristian Romero er ein av dei, det same er Richarlison, men Dejan Kulusevski har kanskje vore Tottenhams største sakn denne hausten. I løpet av hans skadeperiode, har laget gått på tap mot både Arsenal, Manchester United og Newcastle, og levert fleire svake prestasjonar.
Når svensken spelar ute til høgre i Tottenhams angrepsrekke, tilfører han laget ein enorm trussel offensivt. Han har ei pakke beståande av teknikk, kraft, smidigheit, og målpoeng, i tillegg til at han tek svært gode avgjersler og har ein høg fotball-IQ. 22-åringen spelar som ein rutinert og fotballsmart 29-åring, noko som er svært sjeldan.

Statistikken med og utan Dejan Kulusevski frå start i Premier League denne hausten, som eg har «lånt» frå Lars Peder Hellerud sin Twitter-konto, er slåande:
Med Kulusevski i laget:
· 2,43 poeng i snitt per kamp.
Utan Kulusevski i laget:
· 1,50 poeng i snitt per kamp.
Tottenham har altså scora meir enn dobbelt så mange ligamål og nesten tatt ett poeng meir i snitt per kamp med Kulusevski frå start samanlikna med når han ikkje startar.
Datamengda er avgrensa og kanskje ikkje eit fullstendig grunnlag for å gi ein konklusjon, men det gir likevel ein peikepinn på kor mykje betre Spurs er med den 22 år gamle svensken i lagoppstillinga.
Ubalansert utan svensken
Som vi ser av statistikken over, er Tottenham eit svakare lag utan Kulusevski på bana. Det har perioden mellom midten av september og starten av november eksemplifisert på ein svært god måte.
Tottenham har forsøkt å løyse hans fråvær på fleire måtar, utan å lukkast spesielt godt. Uansett korleis Conte har prøvd å strukturere angrepet, har den enten mangla balanse eller kvalitet utan Kulusevski. Med Richarlison til høgre manglar ein spelaren som kan linke saman spelet mellom midtbana og angrepet. Bryan Gil har fått prøve seg litt her og der, og har vist nokre gode tendensar, men spanjolen har ikkje fått nok speletid til å verkeleg prøve seg i angrepsrekka. Lucas Moura har starta nokre kampar til høgre i angrepet, men har prestert svært svakt dei gongane han har fått sjansen.
Men Conte har ikkje berre brukt ein 3-4-3-formasjon med Kulusevski ute. 3-5-2-varianten har også blitt brukt hyppig, med varierande hell. Den har gitt meir tryggleik defensivt, men den gjer samtidig dette Tottenham-laget mindre farlege offensivt. Ein god 3-5-2 er avhengig av kreativitet frå enten vingbackane eller midtbana, og det har ikkje Conte fått når han har nytta seg av den formasjonen.
Det er ikkje alltid korrelasjon betyr kausalitet, altså at Kulusevskis skade er grunnen til at Spurs har prestert svakare, og det er definitivt andre faktorar enn berre hans fråvær som har påverka Tottenhams resultat og prestasjonar negativt. Det er i tillegg lett å bygge opp ein enorm status rundt spelarar som har vore skada ei periode der laget har prestert dårleg, og dei kan verke som betre fotballspelarar enn det dei eigentleg er.
Det er ei felle ein må passe seg å ikkje gå i, men det synst eg ikkje ein gjer i diskusjonen rundt Dejan Kulusevski. Ikkje berre trur eg, eg er heilt overtydd om at hans fråvær har vore hovudgrunnen til Tottenhams svakare prestasjonar og resultat.
Kvifor trur eg det? Lat oss sjå på kva han har tilført laget i dei to Premier League-kampane han rakk å delta i før VM-«pausen».

Assist-maskin
I haustens siste Premier League-kamp, mot Leeds 12. november, fekk Kulusevski sin første start for Spurs på nesten to månadar. Der var han involvert i fleire av måla i det som til slutt vart ein 4-3-siger. Men det verkelege comebacket hans kom i oppgjeret mot Liverpool veka før. Då kom han på bana mot Liverpool med dryge 20 minutt igjen å spele. Tottenham låg under 0-2 og måtte snart ha ei scoring for å halde liv i kampen og håpet om å ta poeng.Kulusevski hadde ikkje vore på bana i 90 sekund eingong før han assisterte Harry Kane, som reduserte til 1-2 for Spurs.
På bildet nedanfor ser vi at Dejan Kulusevski (raud ring) i kjend stil har gjort seg tilgjengeleg i mellomrommet sentralt. Vingback Matt Doherty får ballen og spelar den inn til svensken.
På karakteristisk vis ser svensken etter ei direkte, framoverretta og progressiv løysing. Thiago Alcantara prøver å presse han og vinne att ballen, men Kulusevski (raud ring) glir lett forbi. Og som vi ser på bildet nedanfor, slår høgrekanten ein lekker stikkar til Harry Kane (pil), forbi Virgil Van Dijk, og Tottenham har scora.
Ein så stor forskjell kan Kulusevskis kvalitetar utgjere.
Det same såg vi i 4-3-sigeren over Leeds. I forkant av Ben Davies’ scoring dribla Kulusevski av ein motspelar før han slo ballen i feltet. Ballen enda til slutt opp hos walisaren som sette inn Tottenhams andre mål for dagen.
Men det var på den avgjerande scoringa, målet som betydde forskjellen på eitt og tre poeng, at Kulusevski verkeleg viste kva han er god for. Svensken tok fleire ekstremt gode avgjersler og smarte moment i forkant av Rodrigo Bentancurs matchvinnande scoring.
På bildet nedanfor har Davinson Sanchez ballen. Kulusevski, i raud ring, kunne valt å droppe djupare og møte colombianaren for å ta ballen, men i staden ser han ei anna moglegheit og tek eit smart løp inn i bakrommet.
Det løpet gjer at Harry Kane blir fri inne sentralt. Sanchez spelar den til engelskmannen, som på sitt første touch spelar den vidare til Kulusevski, som har tima løpet sitt perfekt. Dette er eit briljant eksempel på ein tredjemannsbevegelse, som er noko av det vanskelegaste å stoppe dersom det blir gjort rett.
Dermed har Kulusevski ballen inne i Leeds sin 16-meter. Midtstoppar Robin Koch spring mot han for å hindre ein stor sjanse imot. I denne situasjonen trur eg mange spelarar enten ville prøvd å dra seg innover i bana eller prøvd å enten skyte, spele ballen eller slå eit innlegg. Men Kulusevski har funne ei anna løysing…
Han tek nemleg med seg ballen på utsida av Koch på ein svært roleg, smidig og teknisk god måte. Då har han sett seg sjølv i ein vanskeleg posisjon dersom planen var å gå for ei avslutning sjølv, men Kulusevski har orientert seg og har sett at Rodrigo Bentancur nærmast har opent mål om han får ballen. Svensken blir pressa av Leeds-keeper Ilian Meslier, men forhastar seg ikkje. Han trillar den roleg ut til Bentancur, som set inn den kampavgjerande scoringa.
Det Kulusevski gjorde på denne scoringa, var av aller øvste hylle. Kombinasjonen av løpet inn bak forsvaret, touchet forbi Koch og oversikta til å sentre ut til Bentancur er eineståande.
Det som gjer Kulusevski så god, er at han ikkje berre er god til å oppfatte kva som vil vere den beste løysinga i ein gitt situasjon. Han har også verktøya og ferdigheitene til å gjennomføre den løysinga.
Det er ein dødeleg kombinasjon.
Kommentarer
Legg inn en kommentar