Dele Alli bør få speletid – her er kvifor:
![Bilde](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEiYj2QFwlJ-HcHL0Ue562VZAza8nN6lN8OO7mALm1E8f3iWM7lq68ptZbyOJr73H0hq26PrulKpoQ0dgxJXDDPeSl8UgCC459ZwKdYmplMkF7miweDC9JyJtwKVefdUraftXSdCkldJwqs2/w640-h426/Allii.jpg)
2020/2021 har så langt ikkje vore av det optimale slaget for Dele Alli. Det har berre blitt usle 619 minutt med speletid i alle turneringar i skrivande stund, og sjølv om det verkar som om José Mourinho er klar til å gi 24-åringen sjansar framover, er det langt ifrå sikkert at han kjem til å få mykje speletid. Spørsmålet er då naturlegvis; Bør Mourinho gi Dele Alli mykje speletid? Eg meiner ja, og her er kvifor: Bilde: Football London Som skrive, har ikkje Alli spelt mykje denne sesongen. Det er vanskeleg å bedømme prestasjonane hans dei siste månadane, ettersom han gjerne har spelt mot motstandarar på litt varierande nivå, i tillegg til at det er vanskeleg å kome rett inn i laget eller bli bytta inn utan spesielt mykje kamptrening – og det med ein sjølvtillit som garantert ikkje er på topp. Det har vore gode augneblinkar, som i Europa League-kampen mot Ludogorets og FA Cup-oppgjeret mot Marine – men også ein del av det motsette, som i 1. omgangen i seriepremieren mot Everton og ballmi