Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2021

Analyse: Korleis kjem Pochettino sitt PSG til å sjå ut?

Bilde
Mauricio Pochettino har vore arbeidsledig sidan han fekk sparken frå managerstolen på Tottenham Hotspur Stadium for over eitt år sidan, men Paris Saint Germain annonserte nyleg at argentinaren er deira nye trenar etter at Thomas Tuchel fekk fyken på julaftan. Pochettino har tidlegare skildra dette som ein av draumejobbane hans, ettersom han tidlegare har spelt for klubben - men korleis kjem eigentleg hovudstadslaget til å sjå ut under han? Kva skjer med stjernespelarar som Neymar og Kylian Mbappé? Og kven vil han ha inn og ut dørene på Parc des Princes? Bilde: @PSG_English Press, intensitet og blendande angrepsfotball? Mauricio Pochettino sin spelestil sette djupe spor i Premier League, og Spurs-utgåva hans mellom 2015 og 2018 var eit av dei laga som i stor grad var med på å påverke moderne fotball. Argentinaren innførte doble treningsøkter for at laget hans skulle ha god nok motor til å presse motstandarane høgt i bana, spele intens fotball og halde ut i 90 minutt. Saman med blant ann