Preview: Chelsea - Tottenham
Preview: Chelsea - Tottenham Søndag 1. april kl. 17.00 er det duka for eit oppgjer med høg temperatur mellom London- og topp 4-rivalane Chelsea og Tottenham. Kan dei kvite frå Nord-London distansere Chelsea, eller kjem Vest-London-laget til å kjempe seg tilbake i kampen om Champions League-plass? Lagnyheiter - Chelsea For Chelsea er dei "hårreisande" midtstopparane Ethan Ampadu og David Luiz garantert ute, i tillegg til Ross Barkley som mest sannsynleg skal spele med reservelaget. Thibaut Courtois og Andreas Christensen har hatt ei småskade kvar, men er forventa å vere tilbake 1. påskedag. Lagoppstillinga blir mest sannsynleg: Thibaut Courtois Cesar Azpilicueta - Andreas Christensen - Antonio Rüdiger Victor Moses - N´Golo Kanté - Cesc Fabregas - Marcos Alonso Willian - Alvaro Morata - Eden Hazard Dersom Christensen ikkje kan vere med på søndag ettermiddag, så kan vi sjå Gary Cahill kome inn. Italienske Davide Zappacosta utfordrar Moses sin høgre-vingba...