Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2019

Kven bør Tottenham kjøpe?

Bilde
Kven bør Tottenham kjøpe? 31. januar 2018. Det er datoen Tottenham sist kjøpte ein spelar til førstelaget. Bygginga av ny stadion har teke opp mykje tid, energi og ikkje minst pengar, men denne sommaren ser det endeleg ut som om nye spelarar vil kome inn portane. Men kven bør laget frå Nord-London hente denne sommaren? Sentral midtbane Dette er den mest prekære posisjonen for Tottenham å investere i. Førre sesong var Tottenham avhengig av at Harry Winks og Moussa Sissoko var friske for å ha ei nokså fungerande midtbane. Når Eric Dier eller Victor Wanyama måtte inn og vikariere, så gjekk det bra nokre gongar, men i mesteparten av tilfella såg midtbana dårleg og mangelfull ut. Å selje enten Wanyama eller Dier dette vindauget vil vere smart, ettersom begge er på ei nedgåande kurve. Wanyama er nok den som er mest aktuell for eit sal, sidan han hadde nokre gode kampar på slutten av sesongen som kan ha auka verdien hans. I tillegg ser nok Pochettino på Dier som ein potensiell mi