Innlegg

Viser innlegg fra november, 2018

Tottenham - Chelsea oppsummert i 12 punkt

Tottenham - Chelsea oppsummert i 13 punkt Laurdag kveld var det duka for lokaloppgjer mellom to bitre rivalar. Nord mot vest, kvit mot blå, og hane mot løver. Tottenham kom flygande ut frå startblokkene, skaffa seg ei tomålsleiing og såg seg aldri tilbake. Her er 13 punkt som må nemnast frå toppoppgjeret: 1. Moussa Sissoko "Wake me up before you go go, who needs Bale when you've got Sissoko?" vart originalt laga som ein humoristisk supportarsong, men den siste månaden har franskmannen levert prestasjonar på eit mykje høgare nivå enn tidlegare. Det er ikkje mange likskapar mellom han og Gareth Bale mens vi først er innom walisaren, men det kan sjå ut som om Sissoko er i ferd med å gjennomgå ein liknande transformasjon i Tottenham. Begge vart kjøpt inn i ei bestemt rolle og floppa. No har Sissoko, som Bale vart, blitt spelt i ei ny rolle og det ser ut som om han har fått ein ny vår. Sentralt på midtbana får han utnytte fysikken sin på best mogleg vis og er svært go