Analyse: Kva lærte vi av Manchester United 1-6 Tottenham?
![Bilde](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEjIWQYClpTW5VoXPOiSiT_cO3Tj6nebRME5FW4QaU-Or_bsd0vNcnOWs2CpMNawX5vapz_AL2dMpx03vynBuCtryyt-hyTZrEyOXfNyXcWmhJ5b4UofapYtUKo5litp9W5f8SXgZj5Lq4Ox/w640-h360/Bilde.jpg)
Premier League-søndagen leverte det eine sjuke resultatet etter det andre, og eitt av dei var Manchester United 1-6 Tottenham. Ein skal vere forsiktig med å analysere for djupt etter at eit lag spelar mesteparten av kampen med ein spelar mindre, men det var framleis nok av ting å ta tak i frå oppgjeret. Bilde: Evening Standard Intelligent c*nts og vinnarmentalitet Etter eit sjokkresultat, som for eksempel Manchester United 1-6 Tottenham, brukar ofte brorparten av merksemda å gå til kor dårlege laget som tapte spelte. Seinare i innlegget skal vi kome tilbake til nettopp det, men før den tid skal vi innom eit av Tottenham-trenar José Mourinho sine sitat, som vart kjent gjennom Amazon-dokumentaren "All or Nothing": "You have to be intelligent c*nts, not stupid c*nts." Høgrekant Erik Lamela hadde nok dei orda i hjernebarken då han slo til med ein alboge mot Manchester United-spiss Anthony Martial. I retur fekk han eit klaps, og då han tydeleggjorde dette ovanfor domma