Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2018

Review: Frankrike - Kroatia

Review: Frankrike - Kroatia I ei omstridt finale gjekk franskmennene sigrande ut mot Kroatia. Kroatia var fullt på høgde med Frankrike i banespelet, men "Les Bleus" var effektive og betre i avgjerande augneblinkar. Mykje av kampen vart diverre overskygga av VAR og dommar Nestor Pitana.  Samandrag Det første kvarteret av kampen var sjansefattig og med Kroatia leiande i banespelet. I det 18. minutt derimot, fekk Antoine Griezmann eit feildømt frispark dømt for seg. Den moglegheita nytta han godt. Han slo frisparket godt inn i farleg område, og der stod Mario Mandzukic og stussa ballen vidare i mål. 1-0 til Frankrike etter ein potensiell dommarfeil og eitt sjølvmål. I historiebøkene kjem dette faktisk til å bli skrive ned som tidenes første sjølvmål i ei VM-finale. Stakkars Mandzukic... I det 29. minutt skulle kroatane slå tilbake! Etter klabb og babb i feltet fekk Ivan Perisic kontroll på ballen og hamra den inn med venstrefoten. Svært kontant og effektivt av Inter-spe

Preview: VM-finale! Frankrike - Kroatia

Preview: VM-finale! Frankrike - Kroatia Søndag kl. 17.00 er det duka for dei siste fire åra sin klart største fotballkamp; nemleg VM-finalen! Frankrike er favorittar, men kan kroatane klare å tukte dei? Det blir svært spennande å sjå! Lagnyheiter - Frankrike For "Les Bleus" er Djibril Sidibe tvilsam til å bidra p.g.a. ei småskade, medan Blaise Matuidi er forventa å vere frisk og rask igjen etter eit samanstøt med Eden Hazard i førre kamp. Trenar Didier Deschamps er forventa å halde fram med det same laget.  Forventa lagoppstilling (4-2-3-1): Hugo Lloris (K) Benjamin Pavard - Raphael Varane - Samuel Umtiti - Lucas Hernandez N´Golo Kanté - Paul Pogba Kylian Mbappé - Antoine Griezmann - Blaise Matuidi Olivier Giroud Hugo Lloris, kapteinen på laget, har levert ei strålande turnering hittil. Han har ikkje slept inn mål sidan åttedelsfinalen mot Argentina, og leverte ei praktredning i kvartfinalen mot Uruguay. Alt i alt, mest sannsynleg turneringa sin bes

Preview: Kroatia - England

Preview: Kroatia - England Onsdag kveld er det duka for nok ein VM-semifinale. Kroatia og England møtest til dyst på Luzhniki Stadion til ein svært open kamp. Kven går sigrande ut av "Blazerane" og "Three Lions? Lagnyheiter - Kroatia Trenar Zlatko Dalic blir nøydd å gjere endringar på laget, ettersom høgreback Sime Vrsaljko er ute med skade. Danijel Subasic og Dejan Lovren har slite med småskader, men er forventa å vere tilbake til kampen. Får vi sjå ein gammal ringrev som har spelt i Premier League kome inn? Det skal ein ikkje sjå vekk frå.  Forventa lagoppstilling (4-2-3-1): Danijel Subasic Vedran Corluka - Dejan Lovren - Domagoj Vida - Ivan Strinic Ivan Rakitic - Marcelo Brozovic Ante Rebic - Luka Modric (K) - Ivan Perisic Mario Mandzukic Som sagt er Subasic forventa å fortsette i "buret", sjølv om han har slite med ei lita skade. Han såg ut til å ha pådratt seg ein strekk i kampen mot Russland, men det var visst ikkje så alvorleg

Preview: Frankrike - Belgia

Preview: Frankrike - Belgia Tysdag kveld er det duka for VM-semifinale mellom nabolanda Frankrike og Belgia. Kven av "Les Bleus" og "The Red Devils" kjem til å gå sigrande ut av oppgjeret på St. Petersburg Stadion? Lagnyheiter - Frankrike Frankrike har ein frisk og rask tropp. Den einaste som er tvilsam til semifinalen er høgreback Djibril Sidibe, ettersom Blaise Matuidi er tilbake frå suspensjon, noko som kan føre til endring i laget. Utanom det er Didier Deschamps forventa å halde fram på same vis.  Forventa lagoppstilling (4-2-3-1): Hugo Lloris (K) Benjamin Pavard - Raphael Varane - Samuel Umtiti - Lucas Hernandez N´Golo Kanté - Paul Pogba Kylian Mbappé - Antoine Griezmann - Blaise Matuidi Olivier Giroud Kaptein Hugo Lloris har hatt eit svært bra VM, og kapteinen er naturlegvis sjølvskriven i laget. Han leverte kanskje VMs beste redning mot Uruguay i kvartfinalen. På høgrebackplassen er ei ny stjerne fødd, nemleg Stuttgart-spelaren Benjam

Kort spelarprofil: Dirceu José Guimares - mannen med bananskota

Mannen med bananskota Dirceu José Guimares (Dirceu) Fødd 15. juni 1952 i Curitiba, Brasil Døde 15. september 1995 i ei bilulukke i Rio de Janeiro, Brasil Høgde: 1,72 Venstrebeint Offensiv midtbanespelar, teknisk briljant, frisparkekspert Nasjonalitet: Brasil (44 landskampar mellom 1973 og 1986 – 7 landslagsmål) Spelte i VM for Brasil i 1974, 1978 og 1982 Klubbar: I Brasil spelte Dirceu mellom anna for Botafogo, Fluminense og Vasco da Gama. I Europa spelte han for Atletico Madrid, Hellas Verona, Napoli, Ascoli, Como, Avellino, Ebolitana og Benevento. Han avslutta karriera i Atletico Yucatan i Mexico det året han døydde. I tillegg spelte han også futsal i Italia (i Bologna og i Ancona). Roberto Rivelino «fann opp» (dei brasilianske) bananskota, men det var Dirceu som gjorde dei til fotballkunst. Spesielt blir han, med nr. 11 på ryggen, huska for ei frisparkscoring mot Peru i VM i 1978. Slik skal eit bananskot utførast! Fantastisk! I tillegg ser

Preview: Brasil - Belgia

Preview: Brasil - Belgia Fredag kl. 20.00 er det duka for kvartfinalane sin deiligaste kamp i Brasil - Belgia. Klarer førehandsfavoritten frå Sør-Amerika å tukte Belgia på europeisk jord? Lagnyheiter - Brasil Brasil må sjå seg nøydde til å  endre på laget som slo Mexico 2-0 i åttedelsfinalen. Casemiro er ute med suspensjon, medan Marcelo mest sannsynleg er tilbake frå skada han pådrog seg i den siste gruppespelskampen mot Serbia.  Forventa lagoppstilling (4-2-3-1): Alisson Becker Fagner - Thiago Silva (K) - Miranda - Marcelo Fernandinho - Paulinho Willian - Philippe Coutinho - Neymar Gabriel Jesus På keeperplass har Brasil meir enn god nok dekning, ettersom både Alisson Becker og Ederson er med i troppen til Russland. Begge har levert svært gode sesongar for Roma og Manchester City, men det er Becker som har fått tillit frå landslagstrenaren Tite, og det ville vore merkeleg dersom han byrja å byte om på dette no. På høgreback var det Danilo som starta den før