Innlegg

Viser innlegg fra april, 2019

Kva lærte vi av Tottenhams avansement til semifinalen i Champions League?

Bilde
Son, Llorente og VAR - Tottenham er vidare til semifinalen i Champions League! Då Tottenham trakk Manchester City i Champions League-kvartfinalen skreiv Kyle Walker "This will be fun" på Twitter, og jammen fekk han rett. Etter eit drama ikkje eingong William Shakespeare kunne ha skrive, gjekk Tottenham vidare til semifinale i verdas gjevaste klubbfotball-konkurranse. La oss sjå på nokre av punkta ein kunne notere seg frå gårsdagens elleville kamp.  Kjelde: BBC So close, yet so VAR away for Manchester City. VAR (Video Assistant Referee) vart denne sesongen innført i utslagsrundene av Champions League, noko som har fått stor innverknad på kva veg kampane har bikka. Sjølv likar eg mest å prate om sjølve fotballen, taktikkane og spelet, men etter ein slik kamp må VAR diskuterast. Manchester City hadde gått vidare til semifinalen dersom det ikkje hadde vore for denne teknologiske nyvinninga, sidan Sergio Aguero var i offside då han fekk ballen frå ein touch av Bernardo

Kva lærte vi av Manchester United - Barcelona?

Bilde
Kva lærte vi av Manchester United - Barcelona? Det var ein tett og jamn kamp mellom to av verdas største klubbar onsdag kveld, men ein augneblinks brillianse var nok til å gjere at bortelaget Barcelona gjekk sigrande ut av det første kvartfinale-oppgjeret. Men kva lærte vi så av kampen? Det skal vi sjå litt på no. Kjelde: 90min Manchester United: Dårleg backspel, men bra sentral midtbane Banens verste i går kan nok dei fleste seie seg einige i; nemleg Ashley Young. Engelskmannen slo gjennom som ein rapp kantspelar, men har i dei siste åra vorte flytta ned som back eller vingback på begge sidene. Han har gjort ein nokså bra jobb lenge, men det har etter kvart vorte tydeleg at 33-åringen byrjar å drage på åra. Sjølv om "Dei raude djevlane" klarte å halde Barcelona-angrepet overraskande stille, så sleit Young når han fekk ballen høgt i bana. Han kom til mange innleggsmoglegheiter, heile 11 forsøk faktisk, og trefte ikkje medspelar på eit einaste forsøk! Som eit re

Kva lærte vi av Liverpool - Tottenham?

Bilde
Kva lærte vi av Liverpool - Tottenham? Liverpool tok søndag ettermiddag imot Tottenham til ein svært viktig kamp i Premier League. Heimelaget kjempar om ligatittelen, medan Tottenham har, etter ei dårleg rekke med resultat, blitt drege med i kampen om Champions League-plassane. Det såg ut til å ebbe ut i poengdeling, men heilt på tampen kløna Tottenham-keeper Hugo Lloris det til og ballen fann vegen til nettmaskene - sluttresultatet vart dermed 2-1 til Liverpool. Det var mange interessante punkt og hendingar som fann stad i denne toppkampen, og vi skal no kome innom nokre av dei. Kjelde: Evening Standard Marginar og ein fomlete keeper Liverpool si evne til å ha "tur" og å ha marginane på si side har vore heilt utruleg denne sesongen, men det er ikkje slik at flaks berre blir delt ut vilkårleg heile tida. Det er nemleg oftast dei gode laga som har flaks, nettopp fordi dei set seg sjølve i gode posisjonar og legg ned det harde arbeidet som må til for å kunne vippe ka