Review Hasundgot 0-1 Hødd 3
Review: Hasundgot 0-1 Hødd 3 Det var ein tett og jamn kamp som utspelte seg på Hasundgot Stadion onsdag kveld, men det var Hødd 3 som trekte det lengste strået og tok med seg alle poenga heim til Høddvoll. Det var mykje regn og ei våt kunstgrasbane på Dimnøya denne onsdagskvelden. - Ein sjansefattig omgang der Hødd 3 var best Det bitre naboderbyet starta svært sakte. Ingen av laga var villige til å satse og potensielt blottleggje seg i starten, noko kampen bar preg av. Det tok heile 25 min før kampens første sjanse kom, og det var heimelaget som var farleg frampå først. Den kvikke høgrekanten Jørgen Kleiven mottok ei fin pasning frå Nicolai Molvær og kom skrått inn i 16-meteren, der han fyrte av mot lengste hjørne. Hødd sin keeper, Joakim Ulstein, gjorde ein strålande jobb med å få ei hand på ballen og fekk slått den via stonga til corner. Berre to minutt etterpå var det Hødd sin tur å få ein stor sjanse,...