Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2020

Det kunne vore så mykje meir for Victor Wanyama

Bilde
28-åringen leverte ein fantastisk debutsesong etter å ha kome frå Southampton til Tottenham i 2016, men ei kneskade gjorde at det etter kvart gjekk nedover for den kenyanske landslagskapteinen, og i mars melde han overgang til Montreal Impact. Bilde: Ninety Minutes Online I 2011 gjekk Wanyama frå belgiske Beerschot AC til skotske Celtic, og kenyanaren vart kjapt ein viktig del av «The Bhoys». Han imponerte stort i laget som vann ligaen dei to sesongane han oppheldt seg i Skottland, og høgdepunktet kom då Celtic klarte å slå giganten Barcelona i gruppespelet av Champions League i november 2012. Wanyama scora heimelagets første mål i ein historisk 2-1-siger, der Celtic hadde ballen 16,4 % av tida. Wanyama leverte heile 13 mål og 9 målgivande pasningar på 91 kampar i Glasgow, og Southampton og trenar Mauricio Pochettino fekk opp auga for den defensive midtbanespelaren. Han fann fort sin plass i laget på sørkysten av England, og bidrog mykje til Southamptons sterke prestasjo