Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2018

Tottenhamspelarane i VM: Gruppespelet

Tottenhamspelarane i VM: Gruppespelet Hugo Lloris Den franske landslagskapteinen leverte eit bra gruppespel, der Frankrike, som forventa, vann gruppa. I den første kampen slapp han inn ei straffe, men spelte ein svært god kamp. Hadde det ikkje vore for Lloris, så hadde Corentin Tolisso scora sjølvmål mot Australia. Hugo var heilt nede i hjørnet på kattemjukt vis, og viste kvifor han er ein habil keeper. Elles var han bra ute som sweeper-keeper og avklarerte diverse frispark og innlegg. Mot Australia var han av dei få som leverte for "Les Bleus". Han spelte heile den andre kampen mot Peru også, og der heldt han "nullen". Peru er eit bra lag og var svært uheldige som ikkje fekk meir ut av kampane sine, men Frankrike gjorde også sitt for at dei ikkje skulle score. Peru hadde eit skot i tverrliggaren, men utanom det hadde Lloris god kontroll på det som kom av forsøk. I den siste kampen mot Danmark, der ingen prøvde å vinne, vart han kvilt og Steve Man

Review av Tottenhamspelarane sin sesong

Review av Tottenhamspelarane sin sesong Det har vore ein spennande sesong for alle som har hjartet i den "liljekvite" klubben frå Nord-London, og å kome på 3. plass etter å ha spelt heile sesongen på "bortebane" er ein god prestasjon. Fleire spelarar har stått fram som verdsstjerner, medan nokre har hatt skuffande sesongar. Kven har gjort kva, og kven er årets spelar? Svara finn du nedanfor. Spelarbørs (skala 1-10) Hugo Lloris: Klubb- og landslagskapteinen hadde ikkje ein like god sesong som i 2016/2017. Høgare tabbefrekvens, og, som vanleg, ein litt for stor andel merkelege utspark/utspel gjorde at fleire vart misnøgde med prestasjonane hans. Han avslutta derimot sesongen sterkt, og retta opp inntrykket ein god del. Karakter: 7 Michel Vorm: Den hollandske andrekeeperen spelte i 11 kampar denne sesongen, noko som var eksakt same tal som sesongen før. Mesteparten av kampane han spelar i er cupkampar, og han møter difor ofte litt dårlegare motstand. Han