Tottenhamspelarane i VM: Gruppespelet


Tottenhamspelarane i VM: Gruppespelet

Hugo Lloris


Den franske landslagskapteinen leverte eit bra gruppespel, der Frankrike, som forventa, vann gruppa. I den første kampen slapp han inn ei straffe, men spelte ein svært god kamp. Hadde det ikkje vore for Lloris, så hadde Corentin Tolisso scora sjølvmål mot Australia. Hugo var heilt nede i hjørnet på kattemjukt vis, og viste kvifor han er ein habil keeper. Elles var han bra ute som sweeper-keeper og avklarerte diverse frispark og innlegg. Mot Australia var han av dei få som leverte for "Les Bleus". Han spelte heile den andre kampen mot Peru også, og der heldt han "nullen". Peru er eit bra lag og var svært uheldige som ikkje fekk meir ut av kampane sine, men Frankrike gjorde også sitt for at dei ikkje skulle score. Peru hadde eit skot i tverrliggaren, men utanom det hadde Lloris god kontroll på det som kom av forsøk. I den siste kampen mot Danmark, der ingen prøvde å vinne, vart han kvilt og Steve Mandanda stod i "buret". Alt i alt var Hugo Lloris ein av dei mest stabilt gode og pålitelege spelarane for franskmennene i gruppespelet. Argentina ventar i 8-delsfinala kl. 16.00 på laurdag, og Frankrike vert sett på som små favorittar. Klarer Lloris å halde Messi & co frå å score mål?

Karakter: 8

Christian Eriksen


Ein annan Tottenham-spelar som har levert gode kampar i gruppespelet er Christian Eriksen. Talismanen til det danske fotballandslaget har vore svært delaktig i alt Danmark har gjort. I den første kampen mot Peru hadde han ein frustrerande 1. omgang, der han slo mange dårlege dødballar. I ope spel hadde han rett nok lite å spele på, sidan medspelarane hans ikkje hadde spesielt gode løp. I 2. omgong var han meir "på hugget" og han vart avgjerande då han slo Yussuf Poulsen gjennom åleine med keeper. Etter den fine assisten kom han åleine med keeper ved eit høve, men klarte ikkje å sette den i mål. Han var ikkje banens beste i denne kampen (det var målvakt Kasper Schmeichel), men det var lett å sjå kor viktig han er for laget. I kamp nummer to mot Australia starta kampen på best mogleg vis. Nicolai Jørgensen la ballen igjen til Eriksen som kom på eit svært bra løp. Han dundra ballen i mål frå ca. 14 meter på ein slags volley. I motsetnad til Peru-kampen var playmakeren meir involvert i 1. omgang enn i dei neste 45 minutta. I "gruppefinalen" mot Frankrike var begge lag fornøgde med uavgjort, noko som gjenspegla seg i kampen som enda 0-0. Eriksen forsøkte seg frå distanse fleire gangar, men hadde ikkje hellet med seg. Alt i alt spelte han kvart einaste minutt av gruppespelet, samstundes som han var ein av dei som sprang mest. Han er Danmark sin klart viktigaste spelar, og var svært involvert i begge måla deira. Danmark møter eit sterkt Kroatia-lag på søndag kl. 20.00. 

Karakter: 8,5

Heung-Min Son


Heung-Min Son er, likt med Christian Eriksen, talismanen til landslaget sitt. Den første kampen mot Sverige var hans verste i gruppespelet, der han ikkje fekk til så mykje. Sør-Korea var det klart beste laget i starten, men etter kvart tok Sverige over kampen og vann fortent. Han var farleg frampå på høgrekanten til tider, men fekk ikkje til noko spesielt. Mexico-kampen var også svært frustrerande for det asiatiske laget og Son, som tapte 1-2 til slutt. Son hadde mange forsøk i løpet av kampen, og hadde ein stor trippelsjanse tidleg i kampen. Han fekk målet sitt på overtid av overtida, og det var nydeleg utført. Han benda ballen heilt ute i sida med venstrefoten, men målet kom litt for seint for at Sør-Korea skulle få med seg noko frå kampen. I den siste kampen mot Tyskland var Sør-Korea lågtliggande, og dei klarte å frustrere Tyskland. Dei heldt dei unna heilt til overtida, då dei kontra inn måla sine. Kampen enda 2-0 og Son scora mål nummer to. Neuer var på bærtur og mista ballen til ein motspelar. Han slo Son gjennom, og han sprang frå den næraste forsvararen og sette ballen i det ope målet. Heung-Min Son leverte absolutt eit bra gruppespel, men prestasjonane hans var akkurat ikkje nok til å vere med i kampen om avansement. Han spelte alle minutta, scora begge måla sine på overtid, og fekk eit gult kort for filming i den siste kampen, noko ein naturlegvis ikkje vil sjå. Alt i alt var Son Sør-Korea sin stabilt beste spelar (Keeperen deira, Hyeon-Woo Jo, var fantastisk mot Tyskland, men ikkje like god mot dei andre). 

Karakter: 7,5

Toby Alderweireld


Midtstoppargeneralen Toby Alderweireld leverte eit solid gruppespel. Han var med på å halde "buret" reint mot Panama i den første kampen, noko ein kunne forvente mot såpass svak motstand. Panama skapte ein stor sjanse litt ut i 2. omgong, men elles hadde Belgia og Alderweireld god kontroll og "cruisa" inn til ein 3-0-siger. Alderweireld var, som han er kjend, god i pasningspelet, spesielt i oppspelingsfasa. Den neste kampen mot Tunisia var svært målrik og enda til slutt 5-2. Dette vil nok ikkje det belgiske forsvaret vere nøgde med, sjølv om dei vann komfortabelt med tre mål. Alderweireld leverte nok ein bra kamp, og han viste fram den fantastiske pasningsfoten sin på 4-1-målet. Han sentra då ei millimeterpresis langpasning til Eden Hazard som sette ballen i mål åleine med keeper. Dette har vi sett han og Dele Alli gjere fleire gongar for Tottenham, spesielt i 2015/2016-sesongen. Alderweireld vart, saman med dei fleste andre, kvilt i den siste og uviktige kampen mot England. Sjølv om Belgia ikkje møtte spesielt god motstand, så leverte Alderweireld solide og gode kampar, noko som viser at han er ein svært profesjonell idrettsutøvar. Assisten hans var høgdepunktet av prestasjonane hans.

Karakter: 8

Mousa Dembele


Mange hadde nok trudd at den sentrale midtbanespelaren skulle vere med frå start i dei viktige kampane, men Roberto Martinez hadde andre tankar. Axel Witsel, som spelar i Kina, startar framfor han, noko som rett og slett er ganske merkeleg. Mot Panama kom han inn i det 74. minutt i ein allereie avgjort kamp, og han var med på å trygge inn sigeren. I neste kamp mot Tunisia kom han ikkje inn i det heile tatt. I den betydningslause kampen mot England fekk han derimot spele frå start. Han spelte ein heilt grei kamp, der han hadde rimeleg bra kontroll på midtbana. Kampen var prega av lågt tempo, og ein kan nesten ikkje telle det som ein offisiell kamp. Vi får håpe at vi får sjå meir av Dembele i sluttspelet, Tottenham-fansen veit godt kor mykje talent som bur i han.

Karakter: 6

Jan Vertonghen


"Super Jan" har hatt eit svært likt gruppespel som midtstopparmakkeren Toby Alderweireld. Han var også med på å halde "nullen" mot Panama, samstundes som han pådrog seg eit gult kort. Han var sikker, påliteleg og god i oppspelingsfasa. Han kjefta også ein god del på Yannick Ferreira-Carrasco som spelar vingback i 3-4-3-systemet til Roberto Martinez. Han spelar til vanleg på vingen, noko som gjer at Vertonghen er den einaste med defensive fiber på venstresida av forsvaret. Han spelte 90 minutt også i kampen mot Tunisia der Belgia slapp inn to mål. Vi kan forvente at Belgia blir testa meir i sluttspelet enn dei har blitt no, noko som kan gjere at ein får sjå kvaliteten som bur i den belgiske midtstopparen. Han vart også kvilt i England-kampen. Belgia kjem til å møte Japan i neste kamp, noko som bør vere overkomeleg motstand for Vertonghen & co, sjølv om Japan har vore betre enn mange hadde forventa.

Karakter: 7

Dele Alli


Den offensive midtbanespelaren har fått gruppespelet sitt øydelagd av ei skade han pådrog seg i den første kampen mot Tunisia. Han starta mot Tunisia og hadde nokre gode involveringar der han blant anna skapte ein stor sjanse for Jesse Lingard, men hadde elles ein ganske dårleg kamp. Det såg ut som om han spelte med skada heilt frå seint i 1. omgong til det 80. minutt, då han vart bytta ut. Han har ikkje spelt sidan han vart bytta ut, men ein kan forvente at ein får sjå han i løpet av sluttspelet. Alle som har fulgt med på Premier League veit at han er ein fantastisk fotballspelar, og som kan spele i fleire roller - både som kreativ og/eller målfarleg offensiv midtbanespelar. 

Karakter: 5

Eric Dier


Den anvendelege forsvars-/midtbanespelaren har ikkje hatt eit optimalt meisterskap hittil. Det er klart at Gareth Southgate føretrekk Jordan Henderson framfor Dier. Fleire vil hevde at Dier er ein betre fotballspelar enn Henderson, men det at Henderson lenge har vore kaptein gjer nok at han er førstevalet til trenaren. Dier fekk såvidt kome inn mot Tunisia, men spelte ikkje i det heile tatt i storsigeren mot Panama. Han spelte derimot heile kampen mot Belgia som ikkje var av noko betydning. I denne kampen var Belgia det førande laget, og Dier leverte ein middelmådig kamp. Dette er mest sannsynleg den siste gongen han startar ein kamp i dette meisterskapet, og han vil nok vere skuffa over dette. Han kjem til å kome innpå dersom England vil trygge inn ei leiing e.l. Dier har nok dei komande meisterskapa i sikte, der ein kan forvente at han vil spele frå start, dersom han klarer å oppretthalde framgangen. 

Karakter: 4

Harry Kane


Det engelske landslaget sin kaptein har levert som forventa, om ikkje meir, hittil i meisterskapet. I 1-2-sigeren mot Tunisia vart han heilt avgjerande, sidan han scora begge måla etter corner, der det første målet vart scora med beina på ein retur, medan det andre målet vart heada inn. Det siste målet var på overtid - noko som gjorde scoringa ekstra spesiell. I tillegg skapte han mykje trøbbel for forsvaret, og skulle hatt straffe etter at  trøya hans vart til eit segl på fleire dødballar. I Panama-kampen heldt Kane fram med å score mål. Han var den første engelske spelaren som scora hat-trick i VM sidan Gary Lineker, noko som viser kor spesiell Harry Kane er. To av måla var rett nok på straffespark, men straffene var bortimot perfekte ettersom han limte dei i det same krysset begge gongane. Kane vart, saman med mange andre, kvilt i Belgia-kampen, noko som gjer at han er ekstra utkvilt til sluttspelet. Ein kan forvente seg fleire mål frå det som foreløpig er VM sin toppscorar med 5 mål. 

Karakter: 10

Danny Rose


Danny Rose har, likt med Eric Dier, hatt eit skuffande VM hittil. Han kom ikkje inn på bana i kampen mot Tunisia, men fekk spele litt over 20 minutt mot Panama. Ashley Young har blitt Southgate sitt førsteval, noko som skuldast den skuffande sesongen Rose har hatt. Han fekk starte mot Belgia, men viste kvifor han ikkje har fått starte dei andre kampane. Han vart finta på ræva av Adnan Januzaj på målet, og skulle ha klart å avverge situasjonen. Det blir spennande å sjå om Danny Rose klarer å nå nivået han hadde før langtidsskada han pådrog seg i januar 2017. 

Karakter: 3

Kieran Trippier


England sin høgre-vingback har kanskje vore deira nest beste spelar hittil i meisterskapet. Med sine presise dødballar og innlegg som blir piska inn, har han vore ein viktig ressurs for laget. Mot Tunisia var han aktiv, involvert og avgjerande for sigeren. Dødballane han slo traff som regel alltid pannebrasken til Harry Maguire, som anten flikka den vidare eller prøvde å score sjølv. Det avgjerande overtidsmålet kom etter at Trippier traff Maguire sitt hovud, som sendte ballen vidare til Kane, som heada den sikkert i mål. Utanom dette hadde han ei svært god pasning til Jesse Lingard som skaut i stanga etter å ha blitt spelt åleine med keeperen. I kampen mot Panama skaffa han seg assist då John Stones heada ballen i mål etter ein godt slått corner. Han vart bytta ut i det 70. minuttet og England slapp inn mål 7 minutt seinare. Tilfeldig? Trippier stod også over mot Belgia, men han er garantert tilbake frå start mot Colombia kl. 20.00 på tysdag. 

Karakter: 9

Davinson Sanchez


Den colombianske midtstopparen hadde eit gruppespel med varierande prestasjonar. Den første kampen mot Japan var ei farse av Colombia. Carlos Sanchez vart utvist allereie etter 4 minutt, der dommaren meinte at han hadde tatt ballen med handa inne i 16-meteren, noko som var i grenseland. Før hands-situasjonen rota Sanchez det til i forsvaret, noko som gjorde at Japan i det heile tatt kom seg innanfor 16-meteren til Colombia. Han skulle ha klart å avverge situasjonen, men i staden stod det 0-1 til Japan. Litt seinare i omgangen lot Sanchez ein japanar kome til skot altfor lett, og han spelte rett og slett ein dårleg kamp, som kunne ha kosta laget avansement. I kamp nummer to mot Polen var midtstopparen mykje betre. Lewandowski kom seg til nokre sjansar, men Colombia heldt nullen og vann kampen 0-3 på strålande vis. Søramerikanarane viste kvifor dei er eit svært bra fotballag, og sendte Polen på "hovudet og ræva" ut av meisterskapet. Den siste kampen mot Senegal var anspent, og tidleg i kampen fekk Sanchez ei straffe dømt mot seg etter at han takla Sadio Mané. Sanchez var derimot på ballen, noko VAR fekk med seg, og Senegal fekk ikkje straffe. Utanom dette hadde Sanchez og resten av forsvaret rimeleg bra kontroll, og dei skal klare å gi England ein god kamp i 8-delsfinalen tysdag kl. 20.00. Alt i alt retta Sanchez opp feila han gjorde i den første kampen med to "reine bur", og var dermed ein viktig del av Colombia sitt avansement. 

Karakter: 7

Oppsummering


11 av 12 Tottenham-spelarar som har delteke i VM har gått vidare frå gruppene sine og til sluttspelet, noko som må seiast å vere ein god prestasjon. 8 av desse spelar rett nok for Belgia og England som var heldige med motstanden dei møtte i gruppa. Hugo Lloris og Frankrike var også soleklare favorittar til å gå vidare frå gruppa si. Christian Eriksen har vore svært delaktig på å sende Danmark vidare, noko som kanskje er den største prestasjonen av alle Tottenham-spelarane i gruppespelet. Davinson Sanchez starta "shaky", men var med på å "stenge butikken" i dei to neste kampane, noko som sendte Colombia vidare. Heung-Min Son var den einaste som ikkje gjekk vidare, og det skulle mykje til for å slå ut Tyskland, Mexico og Sverige. Dei reiser derimot frå VM med siger mot den regjerande verdsmeisteren, noko dei kan vere svært nøgde med. Alt i alt har VM vore ein stor suksess for Tottenham-spelarane hittil. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Kva lærte vi av Liverpool - Tottenham?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?