Innlegg

Viser innlegg fra desember, 2022

Er Kulusevski Tottenhams viktigaste spelar?

Bilde
Trass i god poengfangst, har Tottenham slite med å finne rytmen og levere gode prestasjonar jamnt i sesongens første månadar. Den potensielle grunnen: ein svensk høgrekants fråvær. Bilde: The Telegraph Hausten 2022 har vore av det varierande slaget for Tottenham. Laget ligg på fjerdeplass og har plukka 29 poeng, noko som må kunne seiast å vere godkjend, i tillegg til å ha vunne gruppa i Champions League og gått vidare til sluttspelet.  Samtidig har ikkje prestasjonane vore optimale. Nokre av kampane har vore gode, nokre har vore svake frå start til slutt, mens mesteparten av kampane har vore både gode og dårlege.   Fleire viktige spelarar har vore ute med skade. Cristian Romero er ein av dei, det same er Richarlison, men Dejan Kulusevski har kanskje vore Tottenhams største sakn denne hausten. I løpet av hans skadeperiode, har laget gått på tap mot både Arsenal, Manchester United og Newcastle, og levert fleire svake prestasjonar. Når svensken spelar ute til høgre i Tottenhams angrepsrek