Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2021

Kva er grunnen bak Højbjerg sin formdupp?

Bilde
Då Pierre-Emile Højbjerg vart henta til Nord-London i fjor sommar, var ikkje forventningane skyhøge. Dansken kom for å fylle eit hol sentralt på midtbana i ei djuptliggande og defensiv rolle, men dei første månadane leverte 25-åringen over alle forventningar. I det siste har han ikkje vore like instrumental og god, men perioden før landslagspausen viste kva som må til for at Højbjerg, som er ein av Spurs sine aller viktigaste spelarar, skal fyre på alle sylinder igjen.  Bilde: HITC King-kong på midtbana i haust Højbjerg var ikkje berre ein av Tottenham sine beste spelarar i haust, men ein av Premier Leagues aller beste midtbanespelarar fram til utgangen av 2020. Trass i ein ganske slett prestasjon i ei tafatt serieopning mot Everton, løfta dansken seg fort etter Spurs-debuten sin i takt med laget, og viste straks prov på at Spurs hadde gjort ein av sesongens beste signeringar. Den sentrale midtbana hadde mangla defensive fiber i fleire sesongar etter at både Eric Dier og Victor Wanyama