Innlegg

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Bilde
  Bilde: Twitter, @hkane «Should I Stay or Should I Go» song The Clash i 1982. Det spørsmålet tenkjer nok Harry Kane på i desse dagar. Han leverte, som vanleg varene denne sesongen, men lagets sesong stod nok ein gong ikkje i stil med stjernespissens prestasjonar. For to år sidan forsøkte han å tvinge gjennom ein overgang til Manchester City. Med tre år igjen av kontrakten sat han med dårlege kort på handa, og det vart aldri ein overgang til Premier Leagues beste lag. No har han eitt år igjen av kontrakten og maktdynamikken mellom Kane og klubben er dermed drastisk endra. Bør Tottenham selje han i sommar og få ein pen sum på konto, eller er det meir verdi i å behalde han i eitt år til, men la han gå gratis neste sommar? Eller kan han faktisk signere under på ei ny kontrakt? Uerstatteleg Harry Kane scorar mål. Det veit alle. Han enda opp med 30 ligamål for eit svært varierande og nokså dysfunksjonelt lag førre sesong. I løpet av sesongen vart han også både Tottenhams og Englands mestsco

Kven bør erstatte Conte i Tottenham?

Bilde
Blir Julian Nagelsmann Tottenhams neste hovudrenar? Bilde: FC Bayern München Det såg så lovande ut i mai i fjor. Tottenham hadde nettopp kvalifisert seg til Champions League, spelt svært bra fotball og kom til å forsterke laget inn mot neste sesong. Men denne sesongen har det verkeleg ikkje gått som forventa for Antonio Conte og Tottenham. Etter italienarens krasse pressekonferanse etter 3-3-oppgjeret mot Southampton verkar det ikkje å vere nokon veg tilbake. Tottenham må no på jakt etter nok ein ny hovudtrenar. Når dette innlegget kjem ut kan erstattaren allereie vere klar, men eg spør likevel: kven bør erstatte Antonio Conte? La oss ta ein titt på nokre av dei aktuelle kandidatane. Mauricio Pochettino   Nesten heilt sidan Mauricio Pochettino fekk sparken hausten 2019, har ein romantisk retur til Nord-London lege i lufta for argentinaren. Det følast som om Pochettino har noko uoppgjort i klubben, og dette kan vere det rette tidspunktet for 51-åringens comeback.   Samtidig som det vil

Kva har gått gale for Tottenham denne sesongen?

Bilde
Bilde: TeamTalk Før sesongen var forhåpningane store. Antonio Conte hadde nettopp leia laget sitt til ein plass blant topp fire, klubben hadde henta inn fleire spelarar av høg kvalitet og det var mykje positivt å bygge vidare på inn mot 2022/23-sesongen.    Men etter ein god start på sesongen, i alle fall når det kom til å plukke poeng, har Tottenham slite stort – både med å vinne fotballkampar regelmessig, men også med å spele bra fotball og levere gode resultat over tid.  Trass i at Harry Kane har levert ekstreme tal og at Gianni Vio omtrent eigenhendig har skaffa laget fleire poeng med drastisk forbetra dødballar, verkar Spurs å ha tatt eit steg tilbake samanlikna med det dei leverte på vårparten i førre sesong.   Mot Manchester City såg Tottenham ut som eit av verdas mest organiserte og mest dødelege lag, men ei veke seinare såg det ut som eit einaste stort rot og i 1-4-tapet for Leicester.   Kva er det eigentleg som har gått gale for Tottenham denne sesongen?   Son og Lloris   Ein

Er Kulusevski Tottenhams viktigaste spelar?

Bilde
Trass i god poengfangst, har Tottenham slite med å finne rytmen og levere gode prestasjonar jamnt i sesongens første månadar. Den potensielle grunnen: ein svensk høgrekants fråvær. Bilde: The Telegraph Hausten 2022 har vore av det varierande slaget for Tottenham. Laget ligg på fjerdeplass og har plukka 29 poeng, noko som må kunne seiast å vere godkjend, i tillegg til å ha vunne gruppa i Champions League og gått vidare til sluttspelet.  Samtidig har ikkje prestasjonane vore optimale. Nokre av kampane har vore gode, nokre har vore svake frå start til slutt, mens mesteparten av kampane har vore både gode og dårlege.   Fleire viktige spelarar har vore ute med skade. Cristian Romero er ein av dei, det same er Richarlison, men Dejan Kulusevski har kanskje vore Tottenhams største sakn denne hausten. I løpet av hans skadeperiode, har laget gått på tap mot både Arsenal, Manchester United og Newcastle, og levert fleire svake prestasjonar. Når svensken spelar ute til høgre i Tottenhams angrepsrek