Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2020

Er José Mourinho grunnen til Tottenhams svake prestasjonar?

Bilde
Det såg lenge ut som om Tottenham kom til å kjempe på fleire frontar denne sesongen. FA-Cupen såg ut som eit potensielt trofé, åttedelsfinalen mot RB Leipzig skulle vere mogleg å kome seg vidare frå, og Spurs skulle også kjempe om ei topp 4-plassering og Champions League-spel neste sesong. Men etter seks kampar på rad utan siger er laget frå Nord-London ute av både FA-Cupen og Champions League, og ligg på ein skufande 8. plass i Premier League. Mange skuldar på José Mourinho som hovudgrunnen til at det har gått gale. Er det han som har skulda? Eller er det nokon andre som må ta ansvar? Foto: Annegret Hilse (Reuters/NTB Scanpix) Grunnar til at José Mourinho har skulda På slutten av Mauricio Pochettino si tid var det tydeleg å sjå at spelarane ikkje lenger spelte for argentinaren og at spelargruppa rett og slett var umotiverte. Det var etter litt over fem år med 48-åringen i sjefsstolen. José Mourinho tok over etter Pochettino, og allereie tre månadar ut i tida hans som Tott