Kva lærte vi av Sheffield United 3-1 Tottenham?
Torsdag kveld møttest var det duka for kamp mellom Sheffield United og Tottenham, og begge lag måtte vinne for å i det heile tatt ha eit lite håp om Champions League-spel neste sesong. "The Blades" imponerte og slo eit tafatt Spurs 3-1, og det var nok av ting å ta tak i etter kampen. Bilde: St. Louis Post-Dispatch Handsregelen - den største farsen i nyare fotballtid? Eg brukar vanlegvis ikkje å kommentere på dommaravgjersler, hands og VAR, ettersom eg helst vil at fokuset skal vere på det taktiske aspektet ved fotballkampar, korleis kampen utvikla seg og kvifor den enda som den gjorde - men i gårsdagens oppgjer mellom Sheffield United og Tottenham nådde kombinasjonen av den udugelege handsregelen og VAR eit nytt botnpunkt i det som allereie har vore ein introduksjonssesong av det verste slaget. Tottenham trudde at dei hadde skapt balanse i rekneskapen like etter Sander Berge si 1-0-scoring då Harry Kane sette ballen i mål med venstrefoten, men VAR ville det an...