Innlegg

Viser innlegg fra desember, 2019

Kva lærte vi av Manchester United 2-1 Tottenham?

Bilde
Onsdag kveld var det duka for eit svært spesielt og interessant oppgjer på Old Trafford. Ein nokså hardt pressa Ole Gunnar Solskjær tok imot tidlegare Manchester United-trenar José Mourinho og Tottenham til dyst, og det var nordmannen sitt lag som gjekk sigrande ut av oppgjeret. Kjelde: Football365 Mourinho har mykje å jobbe med Før gårsdagens oppgjer, hadde José Mourinho vunne sine tre første kampar som Tottenham-manager. Ein såg merkbare aspekt av spelet i dei tre første kampane som portugisaren bør gjere noko med, og i dette oppgjeret kunne ein bekrefte dette ytterlegare. I 56-åringen sine fire første kampar, har laget sleppt inn to mål i kvar einaste kamp, noko som er svært ulikt eit Mourinho-lag. Defensivt har han og støtteapparatet rundt han ein stor jobb framfor seg.  Og i desse fire kampane har Tottenham alltid hatt ei periode på rundt 30 minutt der laget har spelt elendig fotball, og det er i desse periodane at alle måla, utanom Marcus Rashford si straffe i gå