Korleis passar Sergio Reguilón inn i Tottenham?
![Bilde](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEiQPbH59loe0xzJ2qSoeOCs0YJs0EC52btUZ1WqcCpn1lMwuad2cpODZ1MM4rZVZjO2Djw7smBisigEQC5fIHULlXpT4qYqkgC79B_HLmvGHBbEIBb4Ugn_Ejpczokk-Sa4iHlX84l7oR3p/w640-h384/DailyMail.jpg)
Fleire pålitelege kjelder melder at Tottenham har henta Sergio Reguilón og at det berre er eit tidsspørsmål før han blir presentert i den liljekvite trøya. Den spanske venstrebacken kjem frå ein svært god sesong i Sevilla og vil tilføre laget frå Nord-London mykje kvalitet – men må José Mourinho endre systemet sitt for å spele til 23-åringen sine styrker? Det skal ein ikkje sjå vekk frå... Bilde: Daily Mail Offensiv og uredd i spelestilen Sergio Reguilón er ein vaskekte Real Madrid-gut og har gått gradene i klubben sitt akademi frå han var åtte år gamal. I 2018/19-sesongen fekk han sitt gjennombrot då han tok plassen til Marcelo i ei rekkje kampar. Zinedine Zidane var ikkje like entusiastisk som Santiago Solari, og førre sesong tok venstrebacken turen til Andalucia for å spele for Sevilla på lån. Han vart straks ei viktig brikke i Julen Lopetegui sitt mannskap og bidrog sterkt til at klubben tok sin fjerde Europa League-tittel på seks år. Reguilón passar på overflata fint inn i stereot