Jan Vertonghen - ei moderne Tottenham-legende

33-åringen kom inn portane på det gamle treningssenteret til klubben sommaren 2012 og har sidan då verkeleg vore med på ei reise i ein klubb som har sett stor utvikling. Åtte år etter overgangen frå Ajax, forlèt Vertonghen no Tottenham som ei ekte legende.


I'll never get sick of the Super Jan celebration : coys

Bilde: Reddit

I løpet av sine ni år i Ajax, klarte belgiske Jan Vertonghen å bli kåra til årets spelar i Nederland i 2012, i tillegg til å plukke med seg to ligameisterskap og to cupgull. Dette gjorde at den teknisk skulerte midtstopparen tiltrekte seg merksemd frå fleire europeiske storklubbar, og det var Tottenham og nyleg tilsette André Villas-Boas som trekte det lengste strået i kampen om den då 25 år gamle Ajax-spelaren. 

Vertonghen fekk ein svært bra start på livet i Nord-London og passa godt inn i Villas-Boas sin filosofi som baserte seg mykje på å halde ballen i laget. Han starta ikkje 2012/2013-sesongens første Premier League-kamp, som enda i eit 2-1-tap for Newcastle på bortebane, men allereie i serierunde nummer to fekk han sin første start og «90-minuttar».

Det første høgdepunktet i den liljekvite trøya kom då Tottenham slo Manchester United på Old Trafford for første gong på 23 år (!) i september 2012. Vertonghen sette fart framover med ballen på karakteristisk vis, spelte vegg med Gareth Bale, som han forresten utvikla eit svært godt samarbeid saman med, og sette ballen i mål via Jonny Evans heilt i opninga av kampen som enda i 3-2-siger for Spurs på «The Theater of Dreams».


Belgiaren heldt fram med å levere solide kampar samtidig som han også bidrog framover i bana i 2012/13-sesongen, deriblant ein assist mot Chelsea og ei matchvinnande scoring mot Swansea. I mars 2013 scora han faktisk to mål, ein halv-volley og ei heading, på Anfield i eit 3-2-tap mot Liverpool. Tre veker seinare leverte han både mål og assist i ein 2-1-siger borte mot Swansea der han både vart assistert og assisterte, ja, du gjetta det; Gareth Bale. Vertonghen fekk med seg nok ein assist i den påfølgjande serierunden, og stod ved sesongslutt igjen med heile fire mål og tre målgivande pasningar i ligaen – det er imponerande til midtstoppar å vere. Det kan også nemnast at han scora i 3-0-sigeren over Inter i Europa League. Det er ikkje utan grunn at han fekk kallenamnet «Super Jan» blant Spurs-fansen allereie den første sesongen.


2013/14-sesongen vart langt i frå den beste for både Vertonghen og Tottenham. Villas-Boas fekk sparken etter 5-0-tapet for Liverpool på heimebane og Tim Sherwood vart flytta opp som hovudtrenar, noko midtstopparen ikkje verka å vere spesielt nøgd med. Han fekk i perioden under Sherwood kritikk blant Spurs-fansen for å vere litt sutrete og å ikkje ha kroppsspråket i orden. Han møtte også på ein god del skadeproblem og gjekk glipp av heile 15 seriekampar på grunn av trøbbel med ankelen.


Mauricio Pochettino tok over sjefsstolen etter Sherwood for Spurs sommaren 2014 og Vertonghen vart naturlegvis identifisert som ei viktig brikke i hjartet av forsvaret. Han sleit ikkje like mykje med skader denne sesongen og enda opp med å starte 31 kampar i Premier League. Men det var sesongen etter, 2015/16, at ein verkeleg skulle få sjå kva både Vertonghen og Tottenham var kapable til å utrette – mykje takka vere ein tidlegare lagkamerat.


I forkant av 2015/16 vart Toby Alderweireld, som imponerte i Southampton sesongen før, henta til Tottenham, og Vertonghen danna straks eit godt og utfyllande midtstopparpar med sin tidlegare lagkamerat. «Super-Jan» var den som gjekk i duellane, lirka til seg ballen på aggressivt vis, leste spelet på eksepsjonelt vis og var proaktiv i stilen, medan Alderweireld kontrollerte og rydda opp det som eventuelt kom forbi Vertonghen. Begge belgiarane leverte på eit høgt nivå i dei to sesongane Tottenham var med i tittelracet, 2015/16 og 2016/17, trass i at dei begge hadde nokre periodar med skader. Var duoen det beste midtstopparparet i Premier League på 2010-talet? Det skal nok vere mogleg å argumentere for det.


Tottenham var ikkje i nærleiken av å utfordre suverene Manchester City i kampen om tittelen i 2017/18-sesongen, men sjølv om laget hadde ein liten tilbakegang prestasjonsmessig, leverte Jan Vertonghen sin beste sesong i Tottenham-trøya. Det som er litt spesielt er at han leverte ein praktsesong medan Toby Alderweireld var ute med skade i brorparten av sesongen (november – april) – kanskje kom han seg litt ut av skuggen til Alderweireld? Han leverte i alle fall godt nok til å bli kåra til sesongen spelar av One Hotspur-medlemmar og medlemmar av den offisielle supporterklubben – og det i ein sesong der Harry Kane scora 30 mål i ligaen. Det seier litt om kor god Vertonghen faktisk var den sesongen.


På sitt beste, som han var i 2017/18-sesongen, var Vertonghen det engelskmennene kallar «a Rolls Royce of a defender» - svært elegant medan han utførte jobben sin på briljant vis. Belgiaren elska å sklitakle og bortimot perfeksjonerte timingen og presisjonen som må til for å utføre ei effektiv og estetisk tilfredsstillande sklitakling. 33-åringen vart skulert i Ajax-akademiet og mange av særprega hans som spelar utvikla han der. Belgiaren har fantastisk teknikk, spesielt til midtstoppar å vere, og har fleire gongar blitt skildra av lagkameratane sine som den spelaren i laget med «best skills». Vertonghen hadde også ein god venstrefot, og sende ofte i veg presise og progressive pasningar der han pakka ballen godt inn med innsida slik at den skulle nå fram til rett mann.


I tillegg til god teknikk, har Vertonghen hatt eit svært bra driv med ballen i beina, noko han for alvor viste i sigeren mot Manchester United i september 2012. Dette drivet med ballen og den gode nærteknikken, har gjort at Tottenham ofte har prøvd å sette opp Vertonghen i posisjonar der han har rom framfor seg som han kan springe inn i. Han fekk spesielt gjere dette når Pochettino brukte ei trebackslinje der han fekk vere den mest offensive av dei tre midtstopparane. Det var ofte at Spurs spelte på høgresida og såg etter å vri spelet kjapt til Vertonghen på venstresida som deretter skulle utnytte rommet som oppstod og gjerne skape overtal i midtbaneleddet. Dersom han fekk ein mann på seg, likte han også godt å berre kaste skuldra ein veg, gjere ei tyngdeoverføring og gå den andre vegen. Motspelar vart ofte lurt av denne «trademark»-Vertonghen-manøveren.


Det skulle godt gjerast å kopiere 2017/18-sesongen for Vertonghen og i likskap med laget, vart det ein tilbakegang i 2018/19-sesongen. Sjølv om ein kunne sjå at alderen byrja å påverke han, hadde han nokre svært viktige bidrag. Han scora sitt første Premier League-mål sidan januar 2015 då han sette inn sesongens første scoring i opningskampen mot Newcastle. Han sette inn ei svært viktig takling som var avgjerande for at klubben sikra Champions League-spel til neste sesong etter at Pierre-Emerick Aubameyang bomma på straffe på overtid i Nord-London-derbyet. Og så var det sjølvsagt Dortmund-kampen.


Tottenham spelte den første av to kampar i åttedelsfinalen av Champions League mot Borussia Dortmund på Wembley. Vertonghen var gjennom tida si i Tottenham kapabel til å spele som venstreback, men var alltid klar på at han var ein midtstoppar og helst ikkje ville bli brukt ute av posisjon – men i dette oppgjeret fekk han rolla som venstre-vingback, og det er ikkje å overdrive å seie at det var ein av dei beste enkeltkampane av ein spelar i 2018/19-sesongen. Spurs gjekk sigrande ut med siffera 3-0, og ein 31 år gamal Vertonghen leverte både ei flott scoring og ein vakker assist. Midtstopparen viste at han framleis hadde «the skills to pay the bills».


Den påfølgjande sesongen, 2019/20, som nyleg vart avslutta, vart av det dårlege slaget for Vertonghen. Han hadde heilt tydeleg blitt eldre og sleit veldig med å dekke opp for hurtige angriparar som i større grad fekk utnytte rommet bak midtstopparen. Han vart bytta ut mot Southampton i FA Cup-oppgjeret i februar, og var tydeleg nedbroten då han sette seg på benken. Kanskje det var augneblinken han innsåg at Tottenham-karrieren var over? Under returoppgjeret mot RB Leipzig fekk også Vertonghen vite at familien hadde blitt truga med kniv under eit ran i huset hans i London. Det kan umogleg ha vore eit lett 2020 for Vertonghen.


Men sjølv om den føregåande sesongen har vore ei trist affære for både Vertonghen og Tottenham, har han, som då han takla Aubameyang i 2018/19, vore avgjerande for at Spurs spelar fotball i Europa neste sesong. Det var nemleg Vertonghen som scora det avgjerande målet på overtid borte mot Wolverhampton i desember som gjorde at det vart ein 2-1-siger for «dei liljekvite», som til slutt hamna på like mange poeng som Wolverhampton, men med betre målforskjell. Hadde ikkje Vertonghen scora, hadde nok ikkje Tottenham spelt i Europa i det heile tatt neste sesong ettersom Arsenal vann FA Cupen.


Det herskar liten tvil om at det er ein mann med stor påverknad på og respekt frå dei rundt seg som no forlèt klubben etter åtte års teneste. Som nemnd tidlegare, har han tidvis blitt kritisert for dårleg kroppsspråk og når det har gått dårleg har ein ofte sett Vertonghen på karakteristisk vis trekke på skuldrane. Men det er akkurat det ein får med han – både ærlegdom og mykje kjensler. Det går heilt tydeleg inn på han når det går dårleg, medan han skin om kapp med sola når det går bra. Ein får inntrykket av at han snakkar rett frå hjartet heile tida og at han er ein fornuftig og oppegåande fyr som er dønn ærleg – både på godt og vondt.


Vertonghen har, som skrive, vore i klubben i ei periode med stor utvikling. Då han kom til klubben hadde dei ikkje eingong kome seg til det nye treningssenteret og åtte år seinare har klubben både nytt treningssenter og ikkje minst splitter ny stadion. Belgiaren har vore ein av dei største profilane og leiarane i laget desse åra, og Tottenham mistar mykje erfaring, ei lekker målfeiring og ikkje minst ei god dose «banter» i spelargruppa utan Vertonghen. 33-åringen er, sjølv om det ikkje har vorte eit einaste trofé i løpet av perioden hans i klubben, ei vaskekte Tottenham-legende og utan tvil ein av tidenes beste forsvarsspelarar som har brukt den liljekvite drakta.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Analyse: Kva lærte vi av Manchester United 1-6 Tottenham?

Dele Alli bør få speletid – her er kvifor:

Kva er grunnen bak Højbjerg sin formdupp?