Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2019

Preview: Tottenham - Liverpool

Bilde
Preview: Tottenham - Liverpool Laurdag 1. juni kl. 21.00 er det klart for årets største fotballkamp, og for Tottenham den største kampen i klubbens historie. Dei "liljekvite" frå Nord-London har aldri vore i ei finale i den største klubbturneringa av dei alle, medan Liverpool har sjansen til å revansjere fjorårets tap mot Real Madrid og sikre sitt 6. Champions League-trofé. Men korleis kom laga seg til denne finalen? Kjelde: Golfarmagh.co.uk Comeback kings Jo, begge lag utøvde det mange vil kalle mirakel for å kome seg til denne finalen. Liverpool med Anfield i ryggen tok igjen Barcelona si 3-0-leiing frå den første kampen, og vann 4-0 heime mot katalanarane på ekstremt imponerande vis. Tottenham låg i pausen på Johan Cruyff Arena under 3-0 samanlagt, men eit hat-trick av Lucas Moura, der det siste målet kom heilt på slutten av overtida, gjorde at Tottenham gjekk vidare til finalen på Wanda Metropolitano i Madrid. Trenarane Jürgen Klopp og Mauricio Pochettino

Korleis presterte "topp 6" i Premier League-sesongen 2018/19?

Bilde
Korleis presterte "topp 6" i Premier League-sesongen 2018/19? Premier League 2018/19 leverte det beste tittelracet (med tanke på kvalitet) vi nokon gong har sett, og det var til slutt berre eitt poeng som skilde Manchester City og Liverpool, i favør dei førstnemnde. Medan tittelracet var av høg klasse, kan ikkje det same seiast om kampen for Champions League-spel neste år. Chelsea, Tottenham, Arsenal og Manchester United leverte samla 3 sigrar på dei 20 siste kampane (kvart lag sine fem kampar lagt saman), noko som vitnar meir om ein nedrykksbatalje enn noko anna. I den raude delen av Manchester hamna Ole Gunnar Solskjær i sjefsstolen, og det såg lenge ut som ein dans på raude rosar, men det har etter kvart gått tråare for "the babyfaced assassin". 1. Manchester City: 100 poeng førre sesong. Dei kunne umogleg levere like bra denne sesongen, men Pep Guardiola og Manchester City viste kvifor dei er tidenes beste Premier League-lag. Å levere 100 poeng ein sesong