Korleis presterte "topp 6" i Premier League-sesongen 2018/19?

Korleis presterte "topp 6" i Premier League-sesongen 2018/19?

Premier League 2018/19 leverte det beste tittelracet (med tanke på kvalitet) vi nokon gong har sett, og det var til slutt berre eitt poeng som skilde Manchester City og Liverpool, i favør dei førstnemnde. Medan tittelracet var av høg klasse, kan ikkje det same seiast om kampen for Champions League-spel neste år. Chelsea, Tottenham, Arsenal og Manchester United leverte samla 3 sigrar på dei 20 siste kampane (kvart lag sine fem kampar lagt saman), noko som vitnar meir om ein nedrykksbatalje enn noko anna. I den raude delen av Manchester hamna Ole Gunnar Solskjær i sjefsstolen, og det såg lenge ut som ein dans på raude rosar, men det har etter kvart gått tråare for "the babyfaced assassin".

1. Manchester City: 100 poeng førre sesong. Dei kunne umogleg levere like bra denne sesongen, men Pep Guardiola og Manchester City viste kvifor dei er tidenes beste Premier League-lag. Å levere 100 poeng ein sesong er bra nok i seg sjølv, men å følgje opp med 98 poeng er nesten ein større prestasjon. At Guardiola klarer å halde spelarane motiverte nok til å halde det gåande i same tempo er ikkje noko anna enn svært imponerande. Laget sleit litt rundt juletidene, men ei sigersrekke som ikkje liknar grisen gjorde at dei tok ligatittelen rett framfor nasa på Liverpool. Ein målforskjell på +72 (95-23) er sensasjonelt bra. For eit lag!
Karakter: A
Beste spelar: Bernardo Silva


Bilderesultat for manchester city
Kjelde: VG

2. Liverpool: For ein sesong laget frå Merseyside har hatt! 97 poeng og berre eitt tap hadde heldt til ligagull i alle Premier League-sesongane før dei to siste (17/18 og 18/19), noko som vitnar om ein særs bra sesong. På det meste hadde dei ei luke på 7 poeng ned til Manchester City på 2. plass, men at dei gav vekk dette gullet blir likevel feil å seie. At dei klarte å hamle såpass bra opp med Guardiola og City er stor idrett, og bra for konkurransen i ligaen. Sjølv om Liverpool hadde marginane med seg i mange avgjerande situasjonar, så var dei også berre nokre marginar frå å ta 1. plassen. "Raudtrøyene" adresserte problema sine i sommarvindauget og kjøpte inn svært gode spelarar i desse posisjonane (gjeld spesielt Alisson og Fabinho). Jürgen Klopp tok dei frå 75 poeng og 4. plass til 97 poeng og 2. plass på ein sesong - og har i tillegg leia laget til to Champions League-finalar på rad. Ein fantastisk sesong av Klopp & co.
Karakter: A
Beste spelar: Virgil van Dijk


Bilderesultat for virgil van dijk
Kjelde: 90Min

3. Chelsea: "Blåtrøyene" byta i sommar trenar frå ein italienar til ein annan. Maurizio Sarri har kome inn og endra på mykje av det Antonio Conte hadde gjort med laget. Jorginho vart henta frå Sarri sin tidlegare klubb Napoli, og skulle vere med på å implementere det som har vorte kalla "Sarri-ball". I starten såg det svært lyst ut, og Chelsea hang med både Liverpool og Manchester City i toppen, men dabba etter kvart av. Sarri & co slo City 2-0 i desember, men tapte 6-0 mot same lag to månadar seinare. Laget frå Vest-London brukte også ein god del krefter på Europa League, som dei no har kome til finalen i. Ein stor andel av Chelsea-fansen har uttrykt sin misnøye om "Sarri-ball", men topp 4 og Europa League-finale (og faktisk Ligacup-finale) i debutsesongen må absolutt kunne seiast å vere godkjend. Det som er bekymrande for Chelsea til neste sesong er at talismanen deira, Eden Hazard, mest sannsynleg dreg til Real Madrid i sommar. Han har vore ekstremt viktig og det blir spennande å sjå korleis dei skal klare seg utan han.
Karakter: B/C
Beste spelar: Eden Hazard


Bilderesultat for eden hazard and sarri
Kjelde: Sky Sports

4. Tottenham: Mauricio Pochettino og spelarane hans var lenge med heilt i toppen av ligaen saman med Manchester City og Liverpool, men ein dårleg vårsesong i Premier League gjorde at dei datt ned i kampen om 4. plassen, som dei klarte å kapre til slutt. Tottenham var det laget med flest spelarar igjen i semifinalane i VM i fjor, og det fekk dei svi for. Skaderekord og ingen signeringar tok hardt på spelarstallen og satsinga i Champions League har også vore med på å slite ut spelarane. I tillegg har ventinga på det nye stadionet teke lengre tid enn forventa, noko som har gjort at laget ikkje har klart å lage eit skikkeleg "fort" på heimebane, fram til no. Pochettino skal ha massiv applaus og stor ære for at han har klart å sikre Champions League-spel til neste år, samtidig som laget har nådd Champions League-finalen for første gong. Den argentinske manageren har også vist sine ferdigheiter med måten han har forandra Moussa Sissoko til ein midtbanespelar av høg klasse. Ein sterk sesong for dei "liljekvite" med tanke på skadeproblema. Det er tydeleg at det må forsterkast i fleire posisjonar i sommar for å kunne ta det neste steget.
Karakter: A-
Beste spelar: Heung-Min Son


Bilderesultat for mauricio pochettino
Kjelde: BBC

5. Arsenal: 2017/18 var den legendariske trenaren Arsene Wenger sin siste i klubben, og Unai Emery tok over roret i forkant av 2018/19. Dei første månadane såg det ut som om spanjolen hadde fått bukt med mange av problema ein hadde under dei siste sesongane med Wenger, og laget hadde ei lang rekke utan tap. Men etter nyttår klarte ikkje dei å halde fram i same tempo, og det var tydeleg at laget hadde nokre svake ledd (les: Shkodran Mustafi). Sjølv om laget frå Nord-London ikkje klarte å hamne blant dei fire beste og sikre Champions League til neste sesong, så har dei framleis sjansen i Europa League-finalen mot Chelsea seinare i månaden. Vi såg at Manchester United ikkje klarte å handtere Sir Alex Ferguson sin avgang spesielt bra, og det var fleire som trudde at Arsenal skulle få liknande problem. Sjølv om det ikkje har vore ein feilfri sesong, så har Emery, etter mi meining, levert bra til ein debutsesong å vere og Arsenal har klart overgangen frå Wenger til å ikkje ha Wenger rimeleg bra. I tillegg er det tydeleg å sjå kor det kan forsterkast i sommar. Angrepet har levert bra, men forsvaret må oppgraderast.
Karakter: C
Beste spelar: Pierre-Emerick Aubameyang


Bilderesultat for pierre emerick aubameyang
Kjelde: 90Min

6. Manchester United: "The Red Devils" sin sesong kan samanliknast med ein tredjegradsfunksjon. Det gjekk først nedover med José Mourinho som manager, deretter oppover etter at Solskjær fekk jobben og på slutten av sesongen har det gått nedover igjen. Varierande prestasjonar er vel definisjonen på United sin 2018/19-sesong. Under Mourinho var det null speleglede, og det var rett og slett keisamt å sjå på Manchester United spele fotball. Slik skal det ikkje vere, og rett før jul kom Ole Gunnar Solskjær inn med entusiasme i laget. Spelarane som Paul Pogba og Marcus Rashford fekk friare tøylar, noko som gjorde at dei presterte betre. Men laget kunne ikkje flyte på ei slik medgangsbølge til evig tid, og dei siste månadane har ikkje vore spesielt gode. Det toppa seg dei to siste kampane med til saman eitt poeng av seks moglege mot Huddersfield og Cardiff, og det er tydeleg at ikkje alt er som det skal i klubben. Det er ikkje berre trenarbyte som skal til for å løyse likninga, men både spelarane og styret må gå i seg sjølve om Manchester United skal nå toppen igjen. I sommar blir det viktig å kvitte seg med stallfyll og eldre spelarar, og enkelt og greitt erstatte dei med spelarar av høgare kvalitet.
Karakter: E
Beste spelar: Paul Pogba


Bilderesultat for ole gunnar solskjær
Kjelde: TV2

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?

Kva lærte vi av Sheffield United 3-1 Tottenham?