7 ting vi lærte frå Liverpool - Manchester United
7 ting vi lærte frå Liverpool - Manchester United Det tradisjonsrike oppgjeret mellom to raude erkerivalar enda i einvegskøyring og heimesiger. Liverpool og Jürgen Klopp er høgtflygande om dagen, medan Manchester United og José Mourinho har nådd eit nytt botnnivå. Her er 8 ting vi lærte frå Liverpool - Manchester United: 1. Fabinho er i gong Den defensive midtbanespelaren frå Brasil har hatt småtrøbbel med å kome i gang for raudtrøyene frå Merseyside. Hans første kamp frå start i Premier League kom seint i oktober, og i bortekampen mot Arsenal sleit han med tempoet. Det gjord han derimot ikkje i denne kampen. Han leste spelet godt, og hadde mange smarte og gode avskjæringar. Han var dermed svært viktig i å øydeleggje bortelagets rytme. Han viste også fram sine typiske "fiskekrok"-taklingar der han, med sine lange bein, pakka inn ballen med foten. Denne type takling gjer at han vinn ballen, og i tillegg klarer å halde på den. Det var ikkje berre defensivt han bidrog....