Kva lærte vi av José Mourinho sin debut som Tottenham-trenar?
Laurdag ettermiddag var det duka for ein svært interessant kamp på London Stadium. Ein hardt pressa Manuel Pellegrini og West Ham tok imot nyleg tilsette José Mourinho og Tottenham til dyst. Bortelaget gjekk opp i ei 3-0-leiing, og sjølv om heimelaget reduserte både ein og to gongar, vann Mourinho i sin debut som Tottenham-trenar. Men kva lærte vi av portugisaren sin første kamp på sidelinja for Spurs? Kjelde: Hidustan Times Dele Alli kjem til å blomstre José Mourinho har fått eit rykte på seg for å berre like store, fysiske midtbanespelarar som er gode i duellspelet, og neglisjere spelartypar som er annleis enn dette - men dette er ikkje sant. Portugisaren har spelt ei viktig rolle i Deco, Frank Lampard, Wesley Sneijder, Mesut Özil og Oscar sine karrierar, og no ser det ut som om Dele Alli er den neste "10-aren" som skal blomstre få under 56-åringen sine vingar. Det som kan vere til fordel for den unge engelskmannen, er at han, i tillegg til å ha mange av dei ty...