Innlegg

Viser innlegg fra september, 2018

Preview på fotballaurdagen 29. september

Preview på fotballaurdagen 29. september Førstkomande laurdag får vi servert ein fotballmeny utanom det vanlege. Frå kl. 13.00 og heilt til 20.45 spelast det deilige oppgjer i dei store europeiske ligaane. Her er det berre å leite fram fleire skjermar, sidan fleire av kampane spelast samtidig.  13.00: Real Sociedad - Valencia Det er to storklubbar som møtest til dyst tidleg på laurdag. Real Sociedad har opna sesongen greitt og står med to sigrar, to tap og to uavgjorte kampar. Valencia på si side har verkeleg ikkje fått "hjula til å rulle". Dei står med heile fem (!) uavgjorte kampar og eitt tap, men ingen sigrar. Det kan verke som om Valencia har fått i gang innleigde Michy Batshuayi, noko som kjem til å vere til stor nytte for laget. I form er han av dei mest kliniske spissane i Europa. Klubben frå Baskerland har også fått i gang stjernespissen sin, brasilianske Willian. I førre kamp spelte Sociedad 2-2 på heimebane mot Rayo Vallecano, ein kamp dei eigentleg bør vinn