Kven bør erstatte Conte i Tottenham?

Blir Julian Nagelsmann Tottenhams neste hovudrenar? Bilde: FC Bayern München Det såg så lovande ut i mai i fjor. Tottenham hadde nettopp kvalifisert seg til Champions League, spelt svært bra fotball og kom til å forsterke laget inn mot neste sesong. Men denne sesongen har det verkeleg ikkje gått som forventa for Antonio Conte og Tottenham. Etter italienarens krasse pressekonferanse etter 3-3-oppgjeret mot Southampton verkar det ikkje å vere nokon veg tilbake. Tottenham må no på jakt etter nok ein ny hovudtrenar. Når dette innlegget kjem ut kan erstattaren allereie vere klar, men eg spør likevel: kven bør erstatte Antonio Conte? La oss ta ein titt på nokre av dei aktuelle kandidatane. Mauricio Pochettino Nesten heilt sidan Mauricio Pochettino fekk sparken hausten 2019, har ein romantisk retur til Nord-London lege i lufta for argentinaren. Det følast som om Pochettino har noko uoppgjort i klubben, og dette kan vere det rette tidspunktet for 51-åringens comeback. Samtidig som...