Kven bør erstatte Conte i Tottenham?

Blir Julian Nagelsmann Tottenhams neste hovudrenar? Bilde: FC Bayern München

Det såg så lovande ut i mai i fjor. Tottenham hadde nettopp kvalifisert seg til Champions League, spelt svært bra fotball og kom til å forsterke laget inn mot neste sesong.

Men denne sesongen har det verkeleg ikkje gått som forventa for Antonio Conte og Tottenham. Etter italienarens krasse pressekonferanse etter 3-3-oppgjeret mot Southampton verkar det ikkje å vere nokon veg tilbake.


Tottenham må no på jakt etter nok ein ny hovudtrenar. Når dette innlegget kjem ut kan erstattaren allereie vere klar, men eg spør likevel: kven bør erstatte Antonio Conte? La oss ta ein titt på nokre av dei aktuelle kandidatane.



Mauricio Pochettino

 

Nesten heilt sidan Mauricio Pochettino fekk sparken hausten 2019, har ein romantisk retur til Nord-London lege i lufta for argentinaren. Det følast som om Pochettino har noko uoppgjort i klubben, og dette kan vere det rette tidspunktet for 51-åringens comeback.

 

Samtidig som det vil vere ein romantisk retur, vil nok også nokre seie at det minnar om å «gå tilbake til eksen». Å gå tilbake til det som fungerte for fem-seks år sidan er ikkje alltid løysinga. Det er viktig å ikkje henge seg opp i fortida. Men når det er sagt, trur eg mykje ligg til rette for at eit nytt forhold mellom Pochettino og Tottenham skal kunne fungere, sjølv om det siste året i argentinarens første periode ikkje var spesielt fruktbart.

 

Spurs-fansen veit i stor grad kva fotball som kjem til å spelast om Pochettino returnerer til klubben. Intensitet og energi i det defensive arbeidet kombinert med underholdande og offensiv fotball framover i bana. Og ei slik tilnærming til fotball treng klubben verkeleg etter å ha hatt José Mourinho, Nuno Espirito Santo og Antonio Conte i sjefsstolen. Tottenham har også fleire svært spennande spelarar, og Pochettino har vist at han er utruleg god til å utvikle og heve nivået på unge spelarar.

 

Spelartroppen passar Pochettinos fotball bra. Hugsar ein tilbake til Pochettinos beste Tottenham-utgåve, hadde ein raske, offensive og energiske backar i Kyle Walker og Danny Rose. Spurs har fleire slike typar på backplass i Pedro Porro, Djed Spence og Destiny Udogie. Midtbana var fysisk, pressresistant og hardtarbeidande, og fungerte som ei plattform for resten av laget til å fungere. Dei typane har ein i Pierre-Emile Højbjerg, Rodrigo Bentancur, Yves Bissouma, Pape Sarr og Oliver Skipp. Får ein inn ein ny keeper, éin eller to midtstopparar som er komfortable med å spele seg ut bakfrå og ein offensiv midtbanespelar i Christian Eriksen-rolla, kan ein nok ein gong få sjå Pochettino-ball på sitt beste i Nord-London.

 

Eg trur ei ny periode med Mauricio Pochettino som Tottenham-trenar kunne fungert bra, gitt at han får nok økonomisk støtte til å forsterke laget. Og tenk – berre tenk – kor fint det ville vore å sjå han tilbake på trenarbenken på Tottenham Hotspur Stadium...

 

Julian Nagelsmann

 

Men Pochettino er ikkje øvst på mi liste over kandidatar til trenarjobben i Tottenham. For Julian Nagelsmann fekk, nesten ut av ingenting, sparken i Bayern München nyleg. Tyskaren er mitt førsteval blant trenarane Tottenham potensielt kan hente.

 

Ja, Bayern leiar ikkje Bundesliga når vi går inn i april, men sesongen, gitt føresetnadane, har framleis vore av det gode slaget. I fjor sommar mista klubben Robert Lewandowski, ein spelar som snitta på over 35 mål per sesong i Bundesliga mellom 2019 og 2022. Utan å erstatte han skikkeleg, har Nagelsmanns lag likevel scora 112 mål i alle turneringer denne sesongen. Sjølv om Dortmund ligg eitt poeng framfor Bayern på tabellen, har sistnemnde dei soleklart beste underliggande tala i Bundesliga.

 

Og i Champions League har Nagelsmanns lag levert ein perfekt sesong. I gruppespelet slo dei Inter og Barcelona både på bortebane og heimebane, og i åttedelsfinalen gjekk Bayern München sigrande ut i begge kampane mot eit PSG-lag med blant anna Lionel Messi og Kylian Mbappé. Om ikkje det var imponerande nok, har Bayern heldt nullen i sju av åtte Champions League-kampar denne sesongen.

 

Så, kva tilnærming har Julian Nagelsmann til fotball? Tyskaren likar å spele ein fartsfylt, intens og direkte fotball, men han ønskjer samtidig at laget hans skal ha kontroll på kampane. Kontrollert kaos kan vere ein fin måte å skildre det på, og ei slik tilnærming vil begeistre Tottenham-fansen. Det høge presset er essensielt for at Nagelsmann-ball skal fungere. Det er kjelda til både målsjansar og å hindre motstandar i å utrette noko. Tyskaren er taktisk fleksibel og kan spele med både ei trebacks- og ei firebackslinje, noko som gjer at han i stor grad kan tilpasse seg dei spelarane han har til rådigheit.

 

Nagelsmann er utruleg god til å utvikle spelarar og få dei til å prestere på sitt aller beste. Det er kanskje hans viktigaste evne som trenar. Han har spesielt fått angrepsspelarar til å bli betre og, potensielt, fått dei til å sjå bedre ut enn dei er. Spelarar som Mark Uth, Ishak Belfodil og Sandro Wagner hadde sine beste sesongar under Nagelsmann i Hoffenheim. Det same gjeld Timo Werner, som scora 28 mål og leverte åtte målgivande pasningar i 2019/20-sesongen. Tyskaren har aldri sett betre ut enn under Nagelsmann i RB Leipzig. Angrepsspelarane til Tottenham, og for så vidt resten av laget, kan få ein enorm boost og heve seg mykje under Nagelsmann.

 

Nagelsmann har gjort ein god jobb i dei tre Bundesliga-laga han har vore trenar for, og eg trur han kan utrette store ting om han blir Tottenhams neste hovudtrenar. Fleire klubbar kjem til å vere interesserte i å få 35-åringen inn dørene, så om Levy og Paratici vil ha han, må dei handle raskt. 


Nagelsmann bør vere heilt øvst på lista, etter mi meining.

 

Roberto De Zerbi

 

Ein anna kandidat som også er ekstremt spennande, er Roberto De Zerbi. Før Nagelsmann fekk fyken, var italienaren min personlege favoritt blant trenarane Tottenham kan tilsette.

 

Hovudgrunnen til det er den fantastiske fotballen Brighton har spelt under han. Som skrive, treng Spurs ein trenar med ei offensiv og underhaldande tilnærming til fotball etter å ha hatt Mourinho, Espirito Santo og Conte i sjefsstolen dei siste åra – og akkurat det vil De Zerbi tilføre. 


Italienaren vart Brighton-trenar i midten av september i fjor. Sidan då er det berre Arsenal og Manchester City som har scora fleire mål enn Brighton i Premier League. Under han har spelarar som blant anna Pascal Gross, Solly March og Kaoru Mitoma blitt viktige brikker i eit av Premier Leagues aller beste angrep.

 

Trenarane som lukkast best for tida, er dei som klarer å spele ein type fotball som klarer å skape ein perfekt kombinasjon av possession-basert oppbyggande spel saman med hurtige og direkte angrep. De Zerbis Brighton er ekstremt gode til å skape overtal når dei skal spele seg ut bakfrå og lokke motstandar fram i bana. Det skaper rom å angripe i, og mannskapet hans er utruleg gode til å slå den rette pasninga gjennom motstandars ledd, noko som igjen gir gode moglegheiter til å score.

 

Ingen trenarar er perfekte. Han har fått ei ekstremt fin base å jobbe med etter det arbeidet Graham Potter la ned over tre år i klubben, og Brighton hadde nok ikkje sett like gode ut om han ikkje hadde fått ei så fin plattform å jobbe med.Tidlegare har De Zerbis lag også slite defensivt. Sassuolo-laget hans sleppte i snitt inn 60 mål per sesong i løpet av dei tre åra han var hovudtrenar. I tillegg vil han også trenge ein god del nye spelarar for å kunne spele den fotballen han ønskjer i Tottenham. 

 

Roberto De Zerbi er ein av dei mest interessante og, unnskyld det slitte uttrykket, «moderne» trenarane i fotball-Europa. Får han dei spelartypane som skal til for å spele den fotballen han ønskjer, vil han skape magi i Tottenham. Daniel Levy og Fabio Paratici bør ha italienaren høgt oppe på lista når dei skal tilsette ein ny hovudtrenar.

 

Korleis ser den optimale trenarprofilen ut?

 

Eit anna namn som har dukka opp på ryktebørsen rundt sirkus Tottenham, er Luis Enrique. Spanjolen likar å spele ein ekstremt possession-basert fotball, og det må ei stor omvelting av stallen til for at han skal kunne spele sin type fotball med Spurs. Han er ei fin motvekt til Tottenhams tidlegare trenarar, og eg trur han kunne gjort ein bra jobb med tid og økonomisk støtte, men eg sit likevel med ei magekjensle på at Spurs ikkje bør gå for han. Det finst betre alternativ på marknaden. 

 

Den perfekte motvekta til «serial winner» og «vinn no»-trenarane Tottenham har tilsett i Mourinho og Conte, vil vere å tilsette ein ung trenar som har vist spennande ting på eit lågare nivå. Det er ein risikabel strategi, men trenarar som Michael Carrick og Vincent Kompany har, på kort tid, transformert høvesvis Middlesbrough og Burnley med underhaldande og effektiv fotball. 


Det hadde vist enorm guts om Tottenham hadde tatt sjansen på ein slik type til å bli lagets neste hovudtrenar.

 

Uansett kven som kjem inn dørene, er det utruleg viktig at Tottenham erstatta Antonio Conte med den rette profilen. Dei tidlegare trenarane har hatt lite tolmod blant fansen, mykje på grunn av imaget deira, og mykje på grunn av den pragmatiske tilnærminga dei har vist. 

 

Skal den neste trenaren lukkast, må både klubben og fansen vise tolmod, for det kjem til å kome periodar der laget slit og det ser dystert ut. Eg trur ein trenar med ei offensiv tilnærming vil kjøpe seg meir tid når motgangen kjem, og det blir essensielt å kome seg gjennom dei vanskelege periodane for å oppnå suksess.

 

Om ikkje Tottenham hentar inn rett profil til trenarjobben, vil syklusen med hyppige managerbytte halde fram. Daniel Levy og Fabio Paratici er pent nøydde til å treffe på denne svært viktige avgjersla.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Kva lærte vi av Liverpool - Tottenham?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?