Innlegg

Viser innlegg fra april, 2018

Preview: Tottenham - Watford

Preview: Tottenham - Watford Måndag kveld er det duka for ein kamp under flomlysa på Wembley. Kjem Nord-London-laget til å ta ein oppskriftmessig siger eller kan laget som ligg litt nord for London stoppe dei "liljekvite" frå å gå sigrande ut? Lagnyheiter - Tottenham For Tottenham er det kun dei engelske karane Harry Winks og Danny Rose som er ute med skader. Ellers er Kyle Walker-Peters tilbake i full trening og troppen er stort sett frisk.  Forventa lagoppstilling: Hugo Lloris Toby Alderweireld - Davinson Sanchez - Jan Vertonghen Kieran Trippier - Eric Dier - Mousa Dembele - Ben Davies Christian Eriksen - Harry Kane - Dele Alli Det blir svært spennande å sjå kva slags formasjon Mauricio Pochettino sitt mannskap kjem til å starte med. Dersom han går med ein 3-4-3-formasjon eller noko som liknar så kan vi sjå Toby Alderweireld kome inn i laget saman med Davinson Sanchez og Jan Vertonghen, medan dersom han vil fortsette i sin vante 4-2-3-1-formasjon, så

Preview: Manchester United - Tottenham

Preview: Manchester United - Tottenham Laurdag kl. 18.15 er det duka for semifinale i FA-Cupen på Wembley i eit oppgjer mellom to av England sine beste lag, Manchester United og Tottenham.  Lagnyheiter - Manchester United For Manchester United er det kun reservekeeper Sergio Romero som ikkje kan vere med i troppen til denne kampen, noko som ikkje hindrar laget noko særleg. Sidan Romero er den einaste ute med skade, så har José Mourinho difor svært mange moglegheiter til kven som skal vere med og korleis laget skal settast opp.  Forventa lagoppstilling: David de Gea Antonio Valencia - Chris Smalling - Eric Bailly - Ashley Young Ander Herrera - Nemanja Matic - Paul Pogba Jesse Lingard - Romelu Lukaku - Alexis Sanchez Den einaste som er litt usikker i dei bakre rekkene er Chris Smalling. Her kan Victor Lindelöf eller Phil Jones kome inn dersom Mourinho vil, men Smalling kjem mest sannsynleg til å få tillit frå start. Midtbana ser ganske "bankers" ut, sjølv o

Preview: Brighton - Tottenham

Preview: Brighton - Tottenham Tirsdag kveld møtest to revansjelystne lag etter tap i helga. Kjem "måkane" eller "hanane" til å gå sigrande ut?  Lagnyheiter - Brighton For Brighton er det kun Izzy Brown og Steve Sidwell som garantert er ute. Dette betyr at sørkystklubben har mange å velje mellom, noko som gjer lagoppstillinga litt vanskelegare å tippe.  Forventa lagoppstilling: Mathew Ryan Ezequiel Schelotto - Shane Duffy - Lewis Dunk - Gaetan Bong Pascal Gross - Beram Kayal - Dale Stephens Anthony Knockaert - Glenn Murray - José Izquierdo Det er usikkert kva slags formasjon Brighton kjem til å starte kampen med, sidan dei både har 4-4-1-1 og 4-3-3 i repertoaret sitt. Ein kan sjå for seg at den spanske veteranen Bruno kan kome inn for italienske Schelotto på høgrebacken for å rotere litt mellom dei. I tillegg kan den fotrappe vingen Solly March kome inn i laget dersom ein legg om til 4-4-1-1. Om Anthony Knockaert eller Jürgen Locadia spelar f

Preview: Stoke - Tottenham

Preview: Stoke - Tottenham Laurdag ettermiddag tek Stoke i mot Tottenham til eit oppgjer der heimelaget sårt treng poeng. Klarer dei å slå dei liljekvite frå Nord-London eller blir det ein oppskriftsmessig bortesiger? Lagnyheiter - Stoke For Stoke er Lee Grant, Eric Maxim Choupo-Moting og Kostas Stafylidis ute med skade. Charlie Adam er suspendert etter å ha fått raudt kort mot Everton. Kevin Wimmer, Kurt Zouma og Mame Biram Diouf er tvilsame og skal gjennomgå testar for å sjå om dei kan vere med. Lagoppstillinga blir mest sannsynleg: Jack Butland Glen Johnson - Ryan Shawcross - Bruno Martins Indi - Erik Pieters Darren Fletcher - Badou Ndiaye Xherdan Shaqiri - Joe Allen - Ramadan Sobhi Peter Crouch Den bakre firaren blir nok lik som mot Arsenal i forrige kamp, medan Darren Fletcher fort kjem inn på midtbana for Moritz Bauer. I tillegg trur eg at 37 år-gamle Peter Crouch kjem inn dersom Mame Biram Diouf ikkje er klar til å spele. Stoke kan også stille i ein 4-4

Review: Chelsea 1-3 Tottenham

Review: Chelsea 1-3 Tottenham Etter at heimelaget starta best slo Tottenham tilbake og snudde kampen. Dette var første gong på 28 år at Nord-London-laget vann på Stamford Bridge.  Samandrag Den første "farlegheita" i kampen skjedde etter i det 11. minutt. Christian Eriksen slo eit fantastisk innlegg mot Dele Alli, som vart pressa akkurat nok av Chelsea-forsvararane til at han ikkje fekk avslutninga på mål. Etter 18 minutt spelt var Willian farleg frampå og fekk avgårde eit skot via eit Tottenham-bein, men Hugo Lloris hadde god kontroll på skotet. Like etterpå vart Marcos Alonso spelt gjennom frå eit innlegg av N´Golo Kanté, og han sette ballen i mål, men vart korrekt avvinka for offside.  I det 30. minutt betalte Chelsea-presset seg. Victor Moses fekk mykje rom på høgresida og slo eit nydeleg innlegg rett på pannebrasken til spiss Alvaro Morata som sette den kontrollert nede i hjørnet. Dette målet må keeper Hugo Lloris ta på si kappe etter å ha kome ut for å