Preview: Tottenham - Watford

Preview: Tottenham - Watford

Måndag kveld er det duka for ein kamp under flomlysa på Wembley. Kjem Nord-London-laget til å ta ein oppskriftmessig siger eller kan laget som ligg litt nord for London stoppe dei "liljekvite" frå å gå sigrande ut?

Lagnyheiter - Tottenham

For Tottenham er det kun dei engelske karane Harry Winks og Danny Rose som er ute med skader. Ellers er Kyle Walker-Peters tilbake i full trening og troppen er stort sett frisk. 

Forventa lagoppstilling:
Hugo Lloris
Toby Alderweireld - Davinson Sanchez - Jan Vertonghen
Kieran Trippier - Eric Dier - Mousa Dembele - Ben Davies
Christian Eriksen - Harry Kane - Dele Alli

Det blir svært spennande å sjå kva slags formasjon Mauricio Pochettino sitt mannskap kjem til å starte med. Dersom han går med ein 3-4-3-formasjon eller noko som liknar så kan vi sjå Toby Alderweireld kome inn i laget saman med Davinson Sanchez og Jan Vertonghen, medan dersom han vil fortsette i sin vante 4-2-3-1-formasjon, så kan han berre velje to av midtstopparane. Alderweireld var svært god mot Brighton for snart 2 veker sidan, og etter mi meining bør han starte kampen. Kieran Trippier har vore ein god del betre enn høgreback-kollega Serge Aurier, og Pochettino kjem til å starte med sitt beste lag dei siste fire kampane, så han startar mest sannsynleg kampen. Victor Wanyama kan kome inn for Eric Dier, så kven av dei som får tillit frå start er ganske "50-50". Christian Eriksen, Dele Alli og Harry Kane er 99 % sikre i lagoppstillinga, og dersom ein skal spele ein 3-4-3-formasjon, så blir det vanskeleg å starte med fleire offensive spelarar. Heung-Min Son, Lucas Moura og Erik Lamela er alle alternativ til å kome inn frå benken eller starte i ein annan formasjon. 

Lagnyheiter - Watford

Watford har mange utilgjengelege spelarar. Nathaniel Chalobah, Tom Cleverley, Younes Kaboul og Gerard Deulofeu er garanter ute. Nøkkelspelarane Roberto Pereyra og Troy Deeney er svært tvilsame, medan Sebastian Prödl og André Carillo er "50-50". 

Forventa lagoppstilling:
Orestis Karnezis
Daryl Janmaat - Adrian Mariappa - Christian Kabasele - José Holebas
Kiko Femenia - Abdoulaye Doucouré - Etienne Capoue - Will Hughes
Richarlison - Stefano Okaka

Den greske keeperen Orestis Karnezis starta førre kamp der dei ikkje slapp inn mål, så han får nok fortsette framfor tidlegare Tottenham-keeper Heurelho Gomes. I den bakre linja så kan ein sjå for seg at Craig Cathcart kome inn på midtstopparplass. Då kan ein flytte Adrian Mariappa ut på høgrebacken og ta ut Daryl Janmaat, noko dei gjorde førre helg mot Crystal Palace, men eg ser for meg at den hollandske høgrebacken får tillit frå start. Med så mange midtbane- og angrepsspelarar ute, så kjem vi til å sjå endringar i lagoppstillinga frå førre kamp. Roberto Pereyra og Troy Deeney er ikkje med, og kan bli erstatta med Kiko Femenia og Richarlison, som ikkje har vore i like god form som tidlegare i sesongen. Tottenham-fansen får også eit gjensyn med franskmannen Etienne Capoue. Om Watford går ut i ein 4-4-2- eller 4-2-3-1-formasjon er litt uvisst, men Richarlison kan spele både som spiss nummer to og som ving, noko som gjer at dei kan forandre formasjonen sin undervegs i kampen. 

Tidlegare møter og eit spesielt mål

På dei siste seks oppgjera mellom laga, så har Tottenham vunne fem av dei, medan førre kamp enda uavgjort. Watford har m.a.o. ikkje vunne mot Tottenham på svært lenge. Vi må faktisk heilt tilbake til ein ligacup-kamp i 1994 for å sjå ein Watford-siger. Førre gong dei slo Tottenham på bortebane i ligaen var i 1985 under legendariske Graham Taylor. Det ser altså ikkje spesielt bra ut for Watford dersom ein skal dømme ut i frå tidlegare møter. 

Tottenham - Watford er kjend for ein spesiell augneblink, nemleg keeper Paul Robinson sitt mål. Tottenham fekk frispark litt utanfor eigen 16-meter som Robinson skulle ta. Han sparka ballen opp mot Watford-forsvaret som lot ballen sprette, og med noverande West Bromwich-keeper Ben Foster på halvdistanse, så spratt ballen over han og i mål. Ein augneblink som er umogleg å gløyme. 

Spelarprofil: Kieran Trippier

Du lurer kanskje på kvifor eg har valt Kieran Trippier som spelarprofilen til denne kampen, men han har eit svært godt forhold til kampane mot Watford. Han har nemleg 5 målpoeng på 5 kampar mot Watford i Tottenham-trøya, derav 1 mål og 4 målgivande pasningar. Han har denne sesongen hatt nokre dårlege kampar, men stort sett vore solid bakover og eit våpen framover. Heimekampen mot Real Madrid var særs god, der han skaffa seg ein assist og var ein av banens beste. Høgreback-konkurrent Serge Aurier har svinga mykje meir i prestasjonane, noko som har gjort Trippier til førstevalg. Han har blitt klandra som syndebukk ved fleire anleiingar av fleire Tottenham-supporterar, i likheit med Moussa Sissoko, men er ein svært profesjonell fotballspelar som alltid gjer sitt beste og er i verdstoppen når det gjeld å slå innlegg. Kieran Trippier er ein spelar som bør bli satt meir pris på, og ein skal ikkje sjå vekk frå at han er involvert offensivt måndag kveld. 

Tips

Tottenham kjem frå to heimetap, to bortesigrar og ein uavgjort kamp på dei fem siste kampane, medan Watford har tre tap og to uavgjorte på sine siste fem. Tottenham er i litt betre form enn Watford, men ingen av laga er i "flytsona". Watford ligg på ein trygg 12. plass og har ikkje mykje å spele for, medan Tottenham må halde Chelsea på avstand for å sikre Champions League-spel. Tottenham bør altså vere meir motiverte enn Watford. Harry Kane har vore utsatt for noko som liknar på mobbing av sitt eige fotballforbund og vil nok vise seg fram i denne kampen, samstundes som han vil prøve å ta igjen Mohamed Salah på toppscorarlista, noko som blir svært vanskeleg. Er det ein mann som kan klare det så er det Harry Kane som scora 7 mål på dei 2 siste kampane førre sesong. Tottenham er som regel gode mot Watford og scorer gjerne litt mål mot dei også. Eg trur at dette kan bli både enveis- og overkjøring.  Oddsen ved Norsk Tipping for heimesiger er kun 1,13. Difor vil mitt anbefalte spel for denne kampen vere heimesiger med 0-2 i handikap til 2,10 i odds. Mitt resultattips: 4-0.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Kva lærte vi av Liverpool - Tottenham?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?