Kva kjem Steven Bergwijn til å tilføre Tottenham?
Dei siste dagane etablerte og eskalerte rykta om at Spurs kom til å hente PSV-spelar Steven Bergwijn, og onsdag føremiddag annonserte Premier League-klubben at 22-åringen kjem til å spele i liljekvitt framover. Men kven er eigentleg Steven Bergwijn og kva type spelar er han? Korleis passar han inn i laget? Og er dette eit godt kjøp av Tottenham? Kjelde: Tottenham Hotspur Har teke nye steg kvar sesong Steven Charles Bergwijn vart fødd og vaks opp i Amsterdam, og var i Ajax sitt akademi fram til 2011. Men som 14-åring, etter ei konflikt med ein av ungdomstrenarane i den tradisjonsrike klubben, valde han å byte ut Ajax med PSV. I Eindhoven vidareutvikla han seg kvart einaste år, og sidan 2013 har han vore fast inventar i Nederland sine diverse landslag. I 2014 vart han kåra til turneringas spelar i U-17-EM, der "Oranje" tapte for England i finalen. I oktober 2018 fekk Bergwijn herrelandslagsdebuten sin, og han har til no spelt ni kampar med flagget på brystet på sen...