Kva kjem Steven Bergwijn til å tilføre Tottenham?

Dei siste dagane etablerte og eskalerte rykta om at Spurs kom til å hente PSV-spelar Steven Bergwijn, og onsdag føremiddag annonserte Premier League-klubben at 22-åringen kjem til å spele i liljekvitt framover. Men kven er eigentleg Steven Bergwijn og kva type spelar er han? Korleis passar han inn i laget? Og er dette eit godt kjøp av Tottenham?

Kjelde: Tottenham Hotspur

Har teke nye steg kvar sesong

Steven Charles Bergwijn vart fødd og vaks opp i Amsterdam, og var i Ajax sitt akademi fram til 2011. Men som 14-åring, etter ei konflikt med ein av ungdomstrenarane i den tradisjonsrike klubben, valde han å byte ut Ajax med PSV. I Eindhoven vidareutvikla han seg kvart einaste år, og sidan 2013 har han vore fast inventar i Nederland sine diverse landslag. I 2014 vart han kåra til turneringas spelar i U-17-EM, der "Oranje" tapte for England i finalen. I oktober 2018 fekk Bergwijn herrelandslagsdebuten sin, og han har til no spelt ni kampar med flagget på brystet på seniornivå.

I klubblaget har han også gått gradene, og gradvist blitt ein betre og betre fotballspelar. Det var i 2016/17-sesongen at hollendaren verkeleg byrja å få litt speletid for PSV, og han stod att med 2 mål og 1 assist på 914 minutt i Eredivisie. Sesongen etter, 2017/18, tok han store steg, og på 2175 minutt i ligaen, scora Bergwijn 8 mål og fekk med seg 7 målgivande pasningar. Og i 2018/19-sesongen nådde han eit svært høgt nivå, og leverte til slutt heile 14 mål og 12 assists for PSV i Eredivisie. Denne sesongen har han også vore svært produktiv, og står med 5 mål og 10 målgivande pasningar etter 1336 minutt på bana.

Dribleglad sjanseskapar på venstrekanten


Bergwijn er ein kantspelar, helst på venstresida, som likar å skjere innover i bana for å bruke høgrefoten sin. Han kan også spele som ein slags "second striker"/falsk niar, høgrekant og også som ein kreativ spelar i meir sentrale område, men han trivst best på venstrekanten. 22-åringen har fantastiske dribleferdigheiter, og har denne sesongen dribla 2,5 gongar per kamp, like mykje som bestemann i Tottenham, Heung-Min Son. Han kan ha nokre lause touchar i blant, men har likevel svært god nærteknikk. I tillegg er han utruleg hurtig, og sjølv om han ikkje er den høgste med sine 178 centimeter, er han nokså kompakt med god balanse, bra styrke og eit lågt tyngdepunkt. Det er med andre ord ikkje lett å ta frå Bergwijn ballen.

22-åringen er også kapabel til å score mål. Han er stort sett roleg når han skal avslutte, og er også ganske "iskald" elles i kampane, og tek difor ofte rette val. Han kan også skyte og score frå utanfor 16-meteren. I tillegg er han svært kreativ med heile 2,8 nøkkelpasningar per kamp, klart betre enn absolutt alle i Tottenham denne sesongen. Han kan slå gode innlegg, kombinere, flikke og slå presise gjennombrotspasningar. Han er ein sjanseskapar av høg kvalitet, og er den spelaren, saman med Steven Berghuis, som har skapt nest-flest sjansar frå ope spel i Eredivisie sidan starten av førre sesong. 

Får Bergwijn spele i sin føretrekte posisjon?

Men kvar kjem José Mourinho til å bruke den dribleglade og sjanseskapande kantspelaren i laget sitt? Portugisaren har sagt at han har lyst til å spele med ein asymmetrisk 4-2-3-1, og spørsmålet er då om Heung-Min Son eller Steven Bergwijn får spele på venstrekanten. Dersom hollendaren blir føretrekt der, og Tottenham ikkje får inn ein spiss i løpet av januar, kan laget kanskje sjå slik ut.



Men eit meir sannsynleg alternativ er at Heung-Min Son får behalde venstrekanten, medan Bergwijn blir flytta over på høgresida, i alle fall i starten, medan han skal spele seg i form og tilpasse seg livet i eit nytt land. Då vil nok Tottenham anten få inn ein ny spiss, som t.d. Krzysztof Piatek eller Olivier Giroud, eller halde fram med Lucas Moura på topp. Hadde eg vore Mourinho, ville eg gjort alt i mi makt for å forhindre det siste alternativet. 




Og så har vi eit litt meir langsiktig alternativ. Etter kvart som Bergwijn har kome inn i Premier League-kvardagen og Kane er tilbake frå skade, kan kanskje 4-3-3, ein formasjon Tottenham ikkje har hatt vane for å spele, vere ei moglegheit. Steven Bergwijn og Heung-Min Son er naturlege breiddehaldarar, og det vil vere fint å ha endå ein formasjon i arsenalet. Dette vil også komplimentere spelarar som Tanguy Ndombele og Giovani Lo Celso på midtbana. I tillegg kan ein også då spele med meir defensive backar, og vere meir solide defensivt. Interessant!


Blir Bergwijn ein suksess?

Og så må vi naturlegvis stille det opneberre spørsmålet: Er dette eit bra kjøp for Tottenham? Det kan ein ikkje vite enno, men, etter mi meining, tydar det meste på at denne overgangen kjem til å bli ein suksess både for klubben og spelaren. Bergwijn er ein svært dynamisk spelar, som trivst på kontringar, noko som passar José Mourinho-fotball svært bra. Han tek gode val og har individuelle ferdigheiter på eit svært høgt nivå, noko denne spelarstallen har mangla ganske lenge. Han er også svært anvendeleg. 22-åringen kan spele på begge kantane, som ein falsk niar, og også endå djupare som ein kreativ spelar. Han tilfører laget endå fleire alternativ og moglegheiter.

I tillegg verkar Bergwijn svært klar for å ta steget opp frå Eredivisie. Trass i sin unge alder, 22 år, har han allereie vunne Eredivisie heile tre gongar, og var ein av PSV sine viktigaste brikkar førre sesong, då dei hamna berre tre poeng bak eit utruleg bra Ajax-lag.

Det er naturlegvis alltid ein risiko involvert når ein hentar spelarar frå Eredivisie. Spelarar som Jozy Altidore, Alfonso Alves og til og med Memphis Depay kan skrive under på det. Bergwijn er eitt år eldre enn det Depay var då Manchester United henta han frå PSV, og det var ikkje ein suksess, men etter at han fekk tillit i Lyon, har hollendaren blomstra. Han er rett og slett ein svært god fotballspelar, men det ville seg ikkje, av ulike grunnar, for Manchester United i Premier League. Den hollandske marknaden kan altså vere ganske "hit or miss".

Men Spurs har stort sett fått valuta for pengane når dei har henta spelarar frå Eredivisie det siste tiåret. Jan Vertonghen og Christian Eriksen kan ikkje reknast som noko anna enn store suksessar, og Davinson Sanchez må også kunne seiast å vere eit ganske bra kjøp. Vincent Janssen derimot, må nok reknast som ein ganske kraftig bom.

Det er framleis store hol i Tottenham sin spelarstall, som t.d. på spissplass og defensiv midtbane, men det skal ikkje ta noko vekk frå Steven Bergwijn og hans kvalitetar som spelar. Ein slik type ving har vore nødvendig å få inn i laget ganske lenge eigentleg, og 22-åringen verkar å vere ein svært god spelar, som passar bra inn i Mourinho-fotballen. Han kjem naturlegvis til å trenge tid for å tilpasse seg tempoet i Premier League og det å bu i London, så ein bør eigentleg ikkje forvente så frykteleg mykje før neste sesong, men ein skal ikkje sjå vekk ifrå at Bergwijn glimtvis kjem til å vise fram kvalitetane sine som fotballspelar denne våren...

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?

Kva lærte vi av Sheffield United 3-1 Tottenham?