Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2022

Kva kjem Dejan Kulusevski til å tilføre Tottenham?

Bilde
Etter at Luis Diaz valde å gå til Liverpool i staden for Tottenham, var Dejan Kulusevski nestemann på lista for Fabio Paratici. På deadline day vart den 21 år gamle svensken klar, og det er store forventningar til kva han kan få til i Nord-London. Men kva slags type spelar er eigentleg Kulusevski? Korleis vil kantspelaren passe inn i Antonio Contes Tottenham-lag? Og blir han ein suksess? Bilde: Tottenham Hotspur Herja i Parma I 2016 bestemte Dejan Kulusevski for å forlate Brommapojkarna og flytte frå Sverige, til fordel for Atalanta i den italienske byen Bergamo. Der imponerte han stort for aldersbestemte lag, og i 2019 drog han på utlån til Parma for å få seg verdifull erfaring og speletid. Kulusevski imponerte stort i Parma, leverte 10 mål og 9 målgivande pasningar, og vart kåra til 2019/20-sesongens beste unge spelar i Serie A.  Prestasjonane hans i Parma blei lagt merke til av dei største klubbane i Europa, og Juventus valde å bla opp 35 millionar Euro for å sikre seg kantspelaren.