Kva kjem Dejan Kulusevski til å tilføre Tottenham?

Etter at Luis Diaz valde å gå til Liverpool i staden for Tottenham, var Dejan Kulusevski nestemann på lista for Fabio Paratici. På deadline day vart den 21 år gamle svensken klar, og det er store forventningar til kva han kan få til i Nord-London. Men kva slags type spelar er eigentleg Kulusevski? Korleis vil kantspelaren passe inn i Antonio Contes Tottenham-lag? Og blir han ein suksess?

Bilde: Tottenham Hotspur

Herja i Parma

I 2016 bestemte Dejan Kulusevski for å forlate Brommapojkarna og flytte frå Sverige, til fordel for Atalanta i den italienske byen Bergamo. Der imponerte han stort for aldersbestemte lag, og i 2019 drog han på utlån til Parma for å få seg verdifull erfaring og speletid. Kulusevski imponerte stort i Parma, leverte 10 mål og 9 målgivande pasningar, og vart kåra til 2019/20-sesongens beste unge spelar i Serie A. 

Prestasjonane hans i Parma blei lagt merke til av dei største klubbane i Europa, og Juventus valde å bla opp 35 millionar Euro for å sikre seg kantspelaren. Tida hans i Juventus viste seg å bli meir problematisk enn forventa med fleire trenarbytte og varierande speletid. Sjølv om han viste glimt av briljans i Torino, valde Juventus å la han gå til Tottenham på eit 18 månaders langt lån for 10 millionar Euro, med opsjon eller obligasjon på kjøp for ytterlegare 35 millionar Euro. 

Kreativ, unik og moden for alderen

Når ein ser Kulusevski spele, sit ein med eit inntrykk av at han er mykje eldre enn 21 år. Han tek modne avgjersler. Han veit når han skal skyte, når han skal sentre, når han skal prøve å drible av ein mann til, og når han skal vente på at den rette opninga dukkar opp. Ein får inntrykk av at han har full kontroll på det han driv med, veit kva som er det beste å gjere i omtrent kvar einaste situasjon, og når det skal gjerast. Det er den modne åtferda som skil han frå resten av dei offensive spelarane på hans alder. 

Kulusevski har hovudsakleg spelt på høgrekanten i seniorkarrieren sin så langt, og kva likar kantspelarar å gjere? Jo: å drible - og det er svensken svært god på, men han er ikkje som mange andre kantspelarar på hans alder. Ein assosierer ofte unge, dribleglade kantar med å vere små, tynne og hurtige. Men Kulusevski står i kontrast til det med 186 centimeter på strømpelesten, ganske breie skuldrer og ein tettbygd fysikk, noko han brukar til sin fordel. Han er svært god til å bruke kroppen sin som eit skjold og hindre motspelarar i å ta frå han ballen - og har ein nokså unik profil som kantspelar.

I 2019/20-sesongen i Parma dribla han 2.1 gongar per kamp i Serie A, 10. mest i heile ligaen. Svensken elskar 1-mot-1-situasjonar, og han er vanskeleg å ha med å gjere for motspelarar, sjølv om han ikkje er blant dei raskaste vingane i toppfotballen. Kulusevski er ingen eksplosiv kantspelar som Leroy Sané, men han er heller ikkje treig, og brukar den farta han har på effektivt og dynamisk vis. Den gode nærteknikken og dribleferdigheitene, kombinert med ei god forståing av spelet, gjer at han ofte glir forbi motspelarar. 

Det fekk Kalidou Koulibaly, ein av Serie As raskaste og mest fysiske midtstopparar, kjenne på då Napoli møtte Parma i 2019/20-sesongen. I det eine oppgjeret stal Kulusevski ballen, sprang forbi Koulibaly, og sette ballen sikkert i mål åleine med keeper. I returoppgjeret skaffa Kulusevski straffespark. Då sprang han forbi Koulibaly, skjerma ballen med kroppen og tvang senegalesaren til å felle han inne i 16-meteren. 

Bilde: The Guardian

I tillegg til å vere dribleglad, er Kulusevski svært kreativ og skapande i nærleiken av motstandars mål. I 19/20 for Parma og 20/21 for Juventus, skapte han bra med sjansar for medspelarane sine med høvesvis 0.26 og 0.30 xA90 (forventa assists per 90. min). Han er god til å løfte hovudet, vite kvar medspelarane sine er, og finne dei med ei presis og godt vekta pasning. Kulusevski likar å drifte innover i bana frå kantposisjonen sin for å delta i kombinasjonar og skape sjansar. Han får for eksempel ofte ballen med ryggen mot mål og ein motspelar tett på. Då er han dyktig til å finne ein medspelar i ein betre posisjon med ei smart pasning på tvers av 16-meteren. Kreativiteten i og rundt motstandars 16-meter, og evna til å setje opp medspelarar i gode posisjonar, er kanskje Kulusevskis fremste styrke som fotballspelar. 

Om eg seier Arjen Robben, kva tenkjer du på då? Jo: skot med venstrefoten i lengste hjørne etter å ha kutta innover i bana frå høgresida. Sjølv om Kulusevski har ein ganske bra høgrefot og kan gå begge vegar, likar også han å kutte innover i bana for å fyre av eit skot. Som vi ser på kartet av Kulusevski sine skot hittil i seniorkarrieren, kjem mange av måla hans frå eit nokså spesifikt område.

Dei grøne prikkane er skot som har gått i mål. Bilde: Understat

Kulusevski er ikkje spesielt glad i å fyre av med all kraft. Om moglegheita er til stades, likar han å plassere ballen, gjerne langs bakken, i lengste hjørne - i staden for å dryle til. Han er ikkje berre elegant når det kjem til dribling og sjanseskaping, men også i måten han vel å skyte på. Samtidig skal det seiast at målproduksjonen er eit av områda Kulusevski kan og bør forbetre seg på for å ta det neste steget som kantspelar. 

21-åringen kan på mange måtar samanliknast med Gareth Bale anno 2020/21 i Tottenham. Ein venstrefota høgrekant som er kreativ, likar å drible og er dynamisk i stilen. Men eitt område skil dei to spesielt, nemleg det defensive bidraget. Bale vart ikkje brukt i storkampane av José Mourinho fordi han ikkje gjorde jobben defensivt, men Kulusevski kjem svært godt ut statistisk defensivt. Han er blant dei aller beste i Europa når det kjem til "pressures" med 23.51 stk per 90 spelte minutt. I motsetning til Bale, vil Kulusevski passe ekstremt godt inn i eit lag som pressar intenst og kollektivt. 

Bilde: FBRef

Noko anna ein bør legge merke til, er kor god Kulusevski er til å gjere seg tilgjengeleg og ta imot ballen i gode område. Han har 6.68 touch inne i motstandars 16-meter og tek imot 8.15 progressive pasningar per 90 spelte minutt, noko som tydar på ein spelar med gode bevegelsar og fin forståing av kva slags rom som vil opne seg opp. Det gjer også at han fungerer som eit "utløp" som medspelarar kan prøve å finne dersom dei slit med å finne andre alternativ eller blir sett under press. 

Førre sesong var Tottenham ustoppelege mot dårlegare lag då Bale, Kane og Son starta i lag. Trioen starta i lag i storsigrar mot Crystal Palace (4-1), Burnley (4-0) og Sheffield United (4-0). Eg samanlikna Kulusevski med Bale tidlegare, og ein skal ikkje sjå vekk frå at svensken kan ha ei liknande effekt mot svakare motstand. Ein tredje angripar av høg kvalitet gir motstandaren noko meir å tenkje på, og opnar opp rom for Son og Kane. 

Kulusevski har eit repertoar som bør hjelpe Spurs til å bli betre mot lag som legg seg lågt i bana. Ja, han er svært god på kontringar, men han har nokre ferdigheiter som kjem til å gjere laget betre rusta til å bryte ned djuptliggande motstandarar. Contes Tottenham verkar å ha meistra det å kontre, og Kulusevski kjem til å gjere dei endå betre også der, men kreativiteten, dribleferdigheitene og fotballforståinga hans vil vere til stor hjelp i kampar der ein ikkje klarer å kontre motstandaren i senk. 

Høgrekant i 3-4-3?

Nok om ferdigheitsregisteret til Kulusevski. Kvar på bana skal han spele i Antonio Contes Tottenham? 

Eg trur han kjem til å bli plassert på høgresida i ein fronttrio saman med Harry Kane og Heung-Min Son i 3-4-3-formasjonen, som har vore Contes føretrekte formasjon etter at han kom til Tottenham. Det er der han primært sett har spelt, både for Parma og Juventus.

Formasjonen, balansen og dynamikken i angrepet vil passe Kulusevski - og dei andre spelarane - svært godt. Kulusevskis kreative ferdigheiter passar bra saman med Kane og Sons ferdigheiter framfor motstandars mål, i tillegg til at ein får inn ein venstrefot i angrepet, noko som gjer angrepet enda meir uføreseieleg. 

Bilde: BuildLineup

Om Conte ikkje går for 3-4-3-formasjonen, og Kulusevski likevel skal spele, er eg spent på kva slags variant det kan bli. Han passar svært godt inn i både ein 4-2-3-1- eller 4-3-3-formasjon, men det verkar ikkje som om Conte er spesielt innstilt på å bruke ei firebackslinje. Då står ein eigentleg berre igjen med ein eller anna variant av 3-5-2. 

Kulusevski har tidlegare uttalt at han ser på seg sjølv som ein slags 10ar. Kanskje ein 3-4-1-2-variant kunne vore spennande å i det minste teste ut?

Bilde: BuildLineup

Dersom Son eller Kane er ute med skade, kan Conte bli freista til å teste ein 3-5-2 med Kulusevski som ein av to angriparar. Eg er spent på korleis svensken hadde takla ein slik formasjon og dynamikk i angrepet.

Bilde: BuildLineup

Antonio Conte uttalte på fredagens pressekonferanse at Kulusevski kan bli brukt som høgre-vingback. Emerson Royal har slite med sluttproduktet og innleggskvaliteten, og svensken vil vere ei stor oppgradering framover i bana. Er det den beste måten å bruke han på? Nei. Kan det vere det beste for laget denne våren? Kanskje. 

Bilde: BuildLineup

Låg risiko, potensielt stor oppside

Dejan Kulusevski overgang til Tottenham er ekstremt spennande. Han har samla med seg mykje erfaring og fått oppleve korleis det er å spele for ein av Europas største klubbar - samtidig som han framleis berre er 21 år gamal. Han har vore med på mykje i dei snart tre åra i toppfotballen, men han er likevel svært ung, og bør ha rom til å vidareutvikle seg som spelar i åra som kjem. 

Ja, han har slite med å finne seg til rette i Juventus. Sjølv om han kanskje kunne prestert betre, synst eg det er mange formildande faktorar som spelar inn i prestasjonane hans i Torino. Han vart eigentleg henta av Maurizio Sarri, men fekk aldri spele under han. Under Andrea Pirlo brukte han ein god del, men han var heller ikkje ein heilt fast del av laget. Denne sesongen, under Max Allegri, har Kulusevski berre starta fem kampar i ligaen. Juventus har vore eit lag og ein klubb i eit generasjonsskifte, og det har vist seg å vere eit vanskeleg miljø å finne seg til rette og prestere i. 

Strukturen på avtalen er fin for Tottenhams del. Dei får teste han ut på eit langt lån før dei eventuelt hentar han, og dersom han slår til, er 35 millionar Euro ein rettferdig og potensielt låg sum å betale for ein spennande spelar. Det er ein overgang med ganske låg risiko, samtidig som potensialet for ei stor oppside er til stades. 

Samtidig skal ein ikkje glorifisere Kulusevski fullstendig. Han har eigentleg berre éin skikkeleg god sesong å vise til, og har slite med å gjere seg til ei viktig brikke i Juventus. Han har også fleire område han kan bli betre på, for eksempel når det kjem til å score mål. Kulusevski må levere dersom han skal bli ei fast brikke i dette Tottenham-laget. Lucas Moura har imponert etter at Conte vart tilsett som manager, så det blir på ingen måte lett for svensken å spele seg inn i laget. Høgrekanten ligg på ingen måte og ventar på han. Han er nøydd til å gjere seg fortent og prestere bra for å etablere seg som førstevalet i den posisjonen. 

Men Kulusevskis potensial er enormt. Slår han ut i full blome, kan han verkeleg bli ein favoritt på Tottenham Hotspur Stadium. Og er det ein mann som skal få det meste ut av han, så er det Antonio Conte.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Kva lærte vi av Liverpool - Tottenham?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?