Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2020

Preview: Borussia Dortmund - Bayern München

Bilde
Tysdag kveld er det klart for ein kamp som fort kan verte heilt avgjerande for korleis 2019/20-sesongen i Bundesliga endar. Dersom Borussia Dortmund går sigrande ut på Signal Iduna Park, tettar dei luka opp til 1. plassen til eitt poeng. Klarer Bayern München å ta sigeren, skaffar dei seg ei luke på sju poeng ned til 2. plassen og sikrar på lang veg nok ein ligatittel. Kva og kven må du halde eit auge med under dette oppgjeret? Og kven går sigrande ut? Bilde: 90 min Korleis blir lagoppstillingane? Då laga møttest i november, vann Bayern München soleklart i ein 4-0-siger på Allianz Arena, og i den kampen stilte Lucien Favre laget sitt opp i ein 4-2-3-1-formasjon. Etter at "Die Schwarzgelben" la om til ein 3-4-3-formasjon, har dei blitt meir solide defensivt samtidig som dei får meir ut av spelarane sine offensivt, eksemplifisert av vingbackane Achraf Hakimi og Raphael Guerreiro.  Mats Hummels måtte ut med ei skade i pausen mot Wolfsburg laurdag ettermiddag, og

Dei 3 mest spennande talenta i fotballverda

Bilde
Det er lite som er meir spennande og interessant enn unge og lovande fotballspelarar. Borussia Dortmund er for eksempel eit av dei artigaste laga å følgje med på i fotball-Europa, mykje på grunn av spelarar som Jadon Sancho og Erling Braut Håland. Dei er begge fødde i 2000, men i dette innlegget skal eg prøve å kåre dei tre mest spennande talenta i fotballverda som er fødde i 2002 eller seinare. Det er sjølvsagt svært vanskeleg, faktisk umogleg, å seie kven som kjem til å bli best til slutt, men desse tre spelarane er etter mi meining dei mest spennande.  3. Jude Bellingham Bilde: Goal Lag: Birmingham City Fødselsdato: 29.06.2003 Posisjon: Sentral midtbane Lista startar med ein spelar som faktisk er fødd seinare enn 2002, nemleg 16 år gamle Jude Bellingham. Før denne sesongen var det svært få som hadde hørt om han utanfor "The Midlands", men han er no, ni månadar etter a-lagsdebuten hans, å rekne som eit av fotballverdas aller største talent. Då han starta bor