Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2023

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Bilde
  Bilde: Twitter, @hkane «Should I Stay or Should I Go» song The Clash i 1982. Det spørsmålet tenkjer nok Harry Kane på i desse dagar. Han leverte, som vanleg varene denne sesongen, men lagets sesong stod nok ein gong ikkje i stil med stjernespissens prestasjonar. For to år sidan forsøkte han å tvinge gjennom ein overgang til Manchester City. Med tre år igjen av kontrakten sat han med dårlege kort på handa, og det vart aldri ein overgang til Premier Leagues beste lag. No har han eitt år igjen av kontrakten og maktdynamikken mellom Kane og klubben er dermed drastisk endra. Bør Tottenham selje han i sommar og få ein pen sum på konto, eller er det meir verdi i å behalde han i eitt år til, men la han gå gratis neste sommar? Eller kan han faktisk signere under på ei ny kontrakt? Uerstatteleg Harry Kane scorar mål. Det veit alle. Han enda opp med 30 ligamål for eit svært varierande og nokså dysfunksjonelt lag førre sesong. I løpet av sesongen vart han også både Tottenhams og Englands mestsco