Kva har gått gale for Tottenham denne sesongen?

Bilde: TeamTalk


Før sesongen var forhåpningane store. Antonio Conte hadde nettopp leia laget sitt til ein plass blant topp fire, klubben hadde henta inn fleire spelarar av høg kvalitet og det var mykje positivt å bygge vidare på inn mot 2022/23-sesongen. 

 

Men etter ein god start på sesongen, i alle fall når det kom til å plukke poeng, har Tottenham slite stort – både med å vinne fotballkampar regelmessig, men også med å spele bra fotball og levere gode resultat over tid. 


Trass i at Harry Kane har levert ekstreme tal og at Gianni Vio omtrent eigenhendig har skaffa laget fleire poeng med drastisk forbetra dødballar, verkar Spurs å ha tatt eit steg tilbake samanlikna med det dei leverte på vårparten i førre sesong.

 

Mot Manchester City såg Tottenham ut som eit av verdas mest organiserte og mest dødelege lag, men ei veke seinare såg det ut som eit einaste stort rot og i 1-4-tapet for Leicester.

 

Kva er det eigentleg som har gått gale for Tottenham denne sesongen?

 

Son og Lloris

 

Ein av dei største grunnane til at Tottenham ikkje har prestert som forventa denne sesongen, er fallet i kvalitet blant fleire av stallens aller viktigaste enkeltspelarar. 

 

Og det største spørsmålet av dei alle er som følgjande: kva er det eigentleg som har skjedd med Heung-Min Son denne sesongen? Førre sesong delte han toppscorartittelen i Premier League saman med Mohamed Salah på 23 mål. 


Fasit etter 23 kampar i inneverande sesong: fire mål. Eg er usikker på om eg kan hugse ein fotballspelar som har sett meir ut som tidenes skygge av seg sjølv enn det sørkoreanaren har gjort denne sesongen. 


Han leverer ikkje målpoeng i nærleiken av på same nivå som tidlegare, han utgjer ikkje lenger ein spesiell trussel inn bak motstandarens forsvar, han driblar ikkje like mykje og like bra som før, og han mistar ballen ekstremt mykje når han forsøker å involvere seg sentralt i bana. 


Eg har ikkje svaret på kvifor og korleis han har blitt så mykje dårlegare på så kort tid, men det er umogleg å ikkje tenkje at all reisinga til Sør-Korea på landslagsoppdrag og uhorveleg mange kampar i beina dei siste ti åra har sett sitt preg på Son. 


Det er i alle fall ingen tvil om at hans prestasjonar, samanlikna med det han leverte førre sesong, har påverka laget negativt.

 

Lenger bake på bana er det også spesielt éin spelar som har utmerka seg i negativ forstand denne sesongen: keeper og kaptein Hugo Lloris. 


Han slepp denne sesongen, statistisk sett, inn fleire mål enn forventa og er den spelaren i heile Premier League med flest tabbar som har leia til mål imot denne sesongen. Målvakter kan gjere fatale feil av og til, men denne sesongen har det blitt oftare enn «av og til». 


Det har blitt eit klart mønster som viser ein svært negativ trend. Franskmannen manglar sjølvtillit og utstrålar ikkje tryggleik til resten av forsvaret og laget elles, og han verkar å ha hamna i ein ond spiral. 

 

Det er fleire enkeltspelarar enn berre desse to som har levert skuffande sesongar så langt, men med tanke på at desse var svært viktige brikker førre sesong, er det desse to individuelle spelarane som har påverka laget negativt i aller størst grad.

 

Taktiske problem

 

Men å legge skulda på to enkeltspelarar blir altfor enkelt. Det er trass alt hovudtrenar Antonio Conte som vel ut kven som skal starte, kven som skal kome innpå og korleis laget skal spele. Italienaren er ein sta mann. 


Han har visse favorittar i spelarstallen og er heilt tydeleg på kva fotball han ønskjer å spele. Det gir nokre fordelar, men også nokre ulemper, og dei ulempene har ikkje Tottenham klart å løyse på ein god måte.

 

Eit klokkeklart system, ein nærmast urokkeleg formasjon og ein heilt tydeleg filosofi gir Tottenham-spelarane klare rammer. Dei kjenner rollene sine og spelmønstera inn og ut. Samtidig gjer dette også at Contes Tottenham blir føreseielege for motstandarane. 


Dei kan studere «automatismane» i Contes oppsett og legge ein kampplan for å stoppe Spurs i å utføre nettopp desse mønstera. Fleire lag har lukkast svært godt med å presse høgt mot Tottenham, blant anna Chelsea, Arsenal, Manchester United og Newcastle. 


Klarer ein å utføre eit godt organisert press høgt i bana med høg nok intensitet, er moglegheita for å stoppe Tottenhams fotball ved rota stor. Spesielt i storkampane, som Tottenham har slite fælt i denne sesongen, har dette blitt svært tydeleg.

 

Conte har ikkje hatt eit motsvar til lag som har sett opp ein god kampplan for å stoppe hans mannskap i å spele den fotballen dei ønskjer. Han har, etter mi meining, vore altfor sta og for lite fleksibel, og det har kosta Spurs poeng i fleire kampar denne sesongen. 


Skal plan A fungere for Tottenham er dei enten avhengige av at omtrent alle leverer gode prestasjonar eller at motstandar ikkje leverer i nærleiken av sitt maksimale nivå. 

 

Akkurat kva motsvaret til desse taktiske problema er vanskeleg å seie. Men, som Albert Einstein sa: «Definisjonen på galskap er å gjere det same om og om igjen og forvente andre resultat». 


Staheita til Antonio Conte har, etter mi meining, påverka Tottenham meir negativt enn positivt denne sesongen.

 

Mangel på fullstendige prestasjonar

 

Eit tema som har gått igjen denne sesongen er den enorme forskjellen i nivået mellom førsteomgangane og andreomgangane. 


Mellom sigeren mot Everton, som kom midtvegs i oktober, og sigeren mot Crystal Palace tidleg i januar, sleppte Tottenham inn først i ti kampar på rad!

 

Utover hausten bygde det seg opp ein teori om at Conte og Tottenham bevisst sparte seg litt i førsteomgangane på grunn av det harde kampprogrammet i forkant av VM, for så å skru på turboen når det byrja å brenne på dass i andreomgangane. 


I oktober og november spelte laget 13 kampar på 43 dagar, og mange lag sleit med å oppretthalde høg intensitet over 90 minutt. 


Men i dei to kampane etter VM-pausen, mot Brentford og Aston Villa, leverte Tottenham svake førsteomgangar og sleppte inn først. Og mot sistnemnde var faktisk andreomgangen enda verre enn dei første 45 minutta. 

 

Ein har tidvis sett at dette Tottenham-laget kan spele svært bra fotball når ein klarer å presse høgt og halde ein viss intensitet i spelet sitt, men å kome ut frå garderoben etter pause med eitt eller to mål i sekken ved fleire høve gir ikkje det beste grunnlaget for å konsekvent vinne fotballkampar. 


Den første skikkeleg gode og fullstendige prestasjonen for sesongen kom i februar i 1-0-sigeren mot Manchester City. 


Skal Tottenham plukke tre poeng jamnt og trutt, kan dei ikkje varierere like mykje i prestasjonane undervegs i kampane som dei har gjort så langt.

 

Forsvarsrekka

 

Ein kjem heller ikkje utanom Tottenhams defensive tal denne sesongen. Når ein tenkjer på Antonio Conte, assosierer ein han med solide og godt organiserte fotballag. 


I løpet av trenarkarrieren hans har laga hans stort sett berre sleppt inn eitt mål per kamp i snitt i ligaen gjennom ein heil sesong, og i fjor vår verka det som om Conte hadde funne oppskrifta. 


Tottenham var botnsolide bakover i bana og sleppte berre inn åtte mål på dei siste 14 ligakampane. Totalt enda Spurs opp med 40 mål imot i Premier League førre sesong.

 

Det står i sterk kontrast til denne sesongen. Allereie i løpet av 23 kampar, litt over halvspelt sesong, har Spurs rukke å sleppe inn heile 35 mål – berre fem færre enn det ei slapp inn totalt i løpet av førre sesong. 


Sesongen starta greitt med sju mål imot på dei første sju kampane, men på dei siste 16 kampane har Contes mannskap sleppt inn 28 mål. Det er heilt uhøyrt for eit Conte-lag å sleppe inn over 1,5 mål per kamp i snitt, som Spurs har gjort denne sesongen. 


Forsvarsspelet som vart levert i 1-4-tapet mot Leicester er noko av det mest hårreisande og uorganiserte eg har sett på svært, svært lenge.

 

Antonio Conte og resten av trenarapparatet må ta ein stor del av ansvaret for at Tottenham tidvis har sett svært uorganiserte ut bakover på bana. Det er deira ansvar å drille inn eit lag som er solide og samanhengande bakover i bana.


Førre sesong lukkast Conte og co. med det defensive, men utan at mykje har endra seg i spelarutvalet, presterer Tottenham plutseleg mykje dårlegare defensivt. Kva har eigentleg skjedd?

 

Det har blitt gjort ekstremt mange feil denne sesongen som ikkje kan skuldast det strukturelle og måten Conte har sett opp laget på. Det må vere lov å så tvil om kvaliteten på forsvarsspelarane i laget. 


Ja, dei defensive tala er resultatet av korleis heile laget forsvarar seg, men eg synst det er ekstremt tydeleg at midtforsvaret ikkje held nivået som skal til for å vere blant dei fire beste laga i Premier League.

 

Eric Dier har ikkje likna på den versjonen vi såg i fjor vår, og har vore tungt involvert i mykje av det dårlege som har skjedd bakover i bana. Ben Davies held fram med å spele, sjølv om han ikkje har kvalitetane som skal til for å spele fast for eit lag i toppen av ligaen. 


Davinson Sanchez har ikkje sett bra ut dei gongane han har vore på bana. Clement Lenglet har store manglar i spelet sitt som har blitt utnytta av motstandarar. Til og med Cristian Romero har ikkje likna heilt på seg sjølv denne sesongen. 

 

Fleire av desse spelarane har dei siste fire åra vist at dei ikkje held det nivået som skal til for å kunne kjempe blant dei aller beste i Premier League, men likevel spelar dei viktige roller i dette Tottenham-oppsettet. 

 

Å tru at å låne Clement Lenglet frå Barcelona skulle fikse problema i midtforsvaret var i beste fall naivt, og at Tottenham ikkje prioriterte å forsterke midtforsvaret sitt i sommar var, sett i ettertid, ei stor, stor tabbe.


Kvaliteten på midtstopparane har ikkje berre vore med på, men bidrege stort til Spurs-lagets svake prestasjonar denne sesongen.

 

Finst det lyspunkt?

 

Skader på enkeltspelarar har også vere med på å påverke Tottenham i negativ forstand denne sesongen. Spesielt Dejan Kulusevskis skadeopphald mellom slutten av september og starten av november gjorde at laget presterte dårlegare.


No mistar Rodrigo Bentancur, etter mi meining Tottenhams nest beste spelar denne sesongen, heile sesongen. I skrivande stund har også Hugo Lloris, Yves Bissouma og Ryan Sessegnon pådratt seg langvarige skader. 


Spesielt hòlet Bentancur etterlèt seg sentralt på midtbana vil vere vanskeleg å fylle, og eg er spent på kor bra ein klarer å erstatte han med dei eksisterande alternativa i stallen.


Samtidig viste både Oliver Skipp og Pape Sarr lovande tendensar i CL-oppgjeret borte mot AC Milan, så saknet etter Bentancur blir kanskje ikkje like stort som forventa, men det er ingen tvil om at mangelen på ein aggressiv og roleg uruguayanar på midtbana kjem til å merkast.

 

I januar signerte ein to spelarar, angripar Arnaut Danjuma og høgreback/-vingback Pedro Porro. Trass i ein svak debut mot Leicester, vil sistnemnde kunne vere ei solid oppgradering på høgresida, spesielt offensivt, noko dette Spurs-laget sårt treng. 


Manglande offensiv produksjon frå vingbackane er også ein av faktorane bak Tottenhams vaklande prestasjonar denne sesongen, og Porro kan vere løysinga på ein av plassane.

 

Samtidig som Tottenham har fått inn to interessante og spennande spelarar i Porro og Danjuma, og at fleire unggutar no får sjansen til å vise seg fram, kan eg ikkje seie at eg ser på resten av sesongen med spesielt optimistiske auge for Tottenhams del. 


Laget slit på fleire frontar, både når det gjeld forma til og kvaliteten på enkeltspelarar, i tillegg til det taktiske, og om ikkje noko endrar seg, trur eg Spurs skal få det tøft med å utrette noko særleg utover våren...

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Kva lærte vi av Liverpool - Tottenham?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?