Korleis passar Sergio Reguilón inn i Tottenham?

Fleire pålitelege kjelder melder at Tottenham har henta Sergio Reguilón og at det berre er eit tidsspørsmål før han blir presentert i den liljekvite trøya. Den spanske venstrebacken kjem frå ein svært god sesong i Sevilla og vil tilføre laget frå Nord-London mykje kvalitet – men må José Mourinho endre systemet sitt for å spele til 23-åringen sine styrker? Det skal ein ikkje sjå vekk frå...

Bilde: Daily Mail

Offensiv og uredd i spelestilen

Sergio Reguilón er ein vaskekte Real Madrid-gut og har gått gradene i klubben sitt akademi frå han var åtte år gamal. I 2018/19-sesongen fekk han sitt gjennombrot då han tok plassen til Marcelo i ei rekkje kampar. Zinedine Zidane var ikkje like entusiastisk som Santiago Solari, og førre sesong tok venstrebacken turen til Andalucia for å spele for Sevilla på lån. Han vart straks ei viktig brikke i Julen Lopetegui sitt mannskap og bidrog sterkt til at klubben tok sin fjerde Europa League-tittel på seks år.

Reguilón passar på overflata fint inn i stereotypien om "tekniske" spelarar som kjem frå ein anna liga og som ikkje kjem til å takle fysikken og tempoet i Premier League – men det er ein grunn til at det er ein stereotypi og ikkje realiteten. Han står med 178 centimeter på strømpelesten og er ikkje den kraftigaste typen, men han har ein energisk og aggressiv stil som kjem til å passe Premier League veldig godt. Spanjolen er svært eksplosiv og hurtig, og går inn i alle duellar på modig vis med stor kraft. Ein får aldri eit halvhjerta forsøk eller involvering av Reguilón.

23-åringen er ein offensiv back som likar å bidra offensivt. Han dribla tredje mest i Sevilla med 1,6 driblingar per kamp i La Liga 2019/20 blant dei som var fast inventar i laget. Reguilón sine gode dribletal kjem av at han er svært god på å nytte farta si som eit våpen til å gå forbi motspelarar, i staden for å bruke rein nærteknikk. Farta og hans ekstreme driv med ballen i beina gjer også at han er ein av lagets viktigaste spelarar i å forflytte ballen framover i bana og inn i farlege område på motstandar sin banehalvdel.

I Julen Lopetegui sitt Sevilla, har Sergio Reguilón fått lov til å angripe som eit godstog langs venstresida. Han er svært god til å lese forskjellige situasjonar og kva som krevjast av han for å løyse eit eventuelt problem eller kva han må gjere for å skape trøbbel for motstandaren. Han veit akkurat når han skal ta eit støtteløp, ein underlapp eller ein overlapp, og kan vere med på å strekke motstandaren si defensive linje eller tilføre breidde og strekke ut spelet. Etter å ha tatt eit løp framover i bana, endar ofte trekket opp med at Reguilón slår eit innlegg etter ein overlapp. Førre sesong slo han, ifølgje Shayan Jalilian, 4,75 innlegg per kamp med ein suksessrate på 41,2%. 

I La Liga førre sesong leverte han to scoringar og fire målgivande pasningar, og var den spelaren som skapte tredje mest sjansar for Sevilla med 1,3 nøkkelpasningar per kamp i La Liga, noko som tydeleggjer kor viktig Reguilón var i Sevilla sitt angrepsspel. Han hadde blant anna den målgivande pasninga på utlikninga mot Manchester United i Europa League-semifinalen. 

Defensivt er han også ganske god, spesielt 1-mot-1 ettersom han sjeldan blir tatt på fart. Han er, som skrive, aggressiv i stilen og er god på å stresse ballførande motspelar. 23-åringen er også ganske god til å posisjonere seg og følgje løp som går inn i rommet bak han. Med sine 1,1 avskjeringar per kamp, tredje mest i Sevilla-laget, viser han god speleforståing. 

Men, som med dei aller fleste, er heller ikkje Sergio Regúilon heilt perfekt og feilfri. Trass i at han har god nærteknikk, gjer han av og til nokre merkelege ting med ballen i beina, som for eksempel å ikkje få med seg ballen når han skal akselerere framover på venstresida. Han kan også bli betre til å forsvare seg inne i eigen 16-meter ved innlegg frå motsett kant. 

Tvinger overgangen Mourinho til å legge om til ei trebackslinje?

José Mourinho har spelt med ein asymmetrisk forsvarsfirar heilt frå første stund i sjefsstolen i Tottenham. Høgreback Serge Aurier, som no ser ut til å vere erstatta av Matt Doherty, har fått fritt spelerom til å gå høgt i bana og vere med i angrepsspelet. Venstrebacken har då heldt seg djupt i bana og danna ein forsvarstrear i lag med midtstopparane, ei rolle som har vore tilpassa Ben Davies. Det systemet har sett omtrent slik ut:


Men dette systemet kjem ikkje til å spele på Reguilón sine styrkar, og skal ein få det meste ut av den nye spelaren sin, må Mourinho sjå seg nøydd til å legge om på strukturen i laget. Ei 4-3-3-løysing hadde vore ekstremt interessant og sannsynlegvis svært underhaldande, men ikkje solid nok defensivt og pragmatisk nok for Mourinho.


Den openberre løysinga for José Mourinho og co. bør vere å legge om til ei trebackslinje med vingbackar. Matt Doherty er mest vant til å spele som høgre-vingback frå tida i Wolverhampton og det vil nok passe han enda litt betre enn den offensive høgreback-rolla i 4-2-3-1-formasjonen. Sergio Reguilón spelte hovudsakleg i ein bakre firar under Julen Lopetegui i Sevilla, men han har eit ferdigheitsregister som skal passe ei vingback-rolle ypparleg. 

Det store spørsmålet er om Mourinho då bør gå for ein 3-4-3-variant eller ein 3-5-2-formasjon. Om portugisaren går for 3-4-3, blir han nøydd å utelate ganske mange sentrale midtbanespelarar frå lagoppstillinga. Går Mourinho for 3-5-2, blir det få plassar for angrepsspelarane, noko som ikkje er ideelt ettersom Gareth Bale også ser ut til å ende opp på Tottenham Hotspur Stadium. 


Inneverande sesong kjem til å bli knallhard for Tottenham med eit komprimert kampprogram og Europa League i tillegg til Premier League og dei forskjellige cupane. Mourinho kan og bør dermed setje opp laget sitt utifrå spelarane som er tilgjengelege ettersom laget sannsynlegvis kjem til å få skadetrøbbel også denne sesongen. Det blir spennande å sjå kva slags system som blir føretrekt av Mourinho med dei beste spelarane tilgjengelege. 


Kjem Reguilón til å bli ein suksess i Tottenham-trøya?

Å kapre Sergio Reguilón i dagens marknad er ein stor siger for Spurs, men det har kome med ein aldri så liten "catch". Real Madrid har nemleg ein tilbakekjøpsklausul på omtrent €40 – 45 millionar, ca. €10 millionar meir enn overgangssummen Daniel Levy og co. betalar for spanjolen. Om Real Madrid nyttar seg av klausulen, kan ein sjå på denne overgangen som eit lån. Ettersom Real Madrid er Reguilón sin barndomsklubb, kjem han med stort sannsyn ikkje til å takke nei dersom dei vil hente han tilbake heller – sjølv om Ferland Mendy sannsynlegvis står framfor han i køa. 

Uansett om venstrebacken berre blir verande i eitt eller to år i Nord-London, er dette ein god overgang for Tottenham. Ja, dei tek ein liten risiko med å betale €30 – 35 millionar for han, men det er ein risiko det definitivt er verdt å ta etter det han leverte for Sevilla førre sesong. Han tok store steg undervegs i sesongen og ein skal ikkje sjå vekk frå at han tek ytterlegare steg også komande sesong. Han er ikkje heilt blant verdas beste venstrebackar enno, men han er heller ikkje veldig langt unna. 

Sergio Reguilón er utan tvil ei oppgradering på Ben Davies og forbetrar Tottenham i ein lagdel dei trengde forsterkingar. Spanjolen tilfører laget enda meir fart, noko som er ekstremt hendig å ha, eksemplifisert ved Alphonso Davies i Bayern München som var ein stor trussel offensivt og som også frigjorde dei andre angrepsspelarane i laget førre sesong. Det at Reguilón bombar nedover venstresida med overlappar vil også gjere at Heung-Min Son kan flytte seg lenger inn i bana og posisjonere seg i det farlege området mellom motstandar sin høgreback og midtstoppar. Ein skal ikkje sjå vekk frå at spanjolen og sør-koreanaren får eit godt samarbeid på venstresida til Tottenham.

Om, eller kanskje heller når, Reguilón dreg tilbake til Real Madrid, har nok Tottenham eit håp om at Ryan Sessegnon og Dennis Cirkin skal vere klare til å ta steget opp og overta venstreback-posisjonen etter spanjolen. Om ein klarer å gi dei to unge engelskmennene verdifulle minutt i denne komprimerte sesongen og lar dei utvikle seg utan å ha ansvaret som førsteval i venstrebackposisjonen, kan dette bli eit bortimot perfekt scenario for Tottenham. Tilbakekjøpsklausulen gjer sannsynlegvis at dei får utvikle seg samtidig som vegen til ellevaren ikkje er blokkert. 

Alt i alt bør Spurs-fansen vere ekstremt nøgde med å ha fått på plass Sergio Reguilón i Nord-London. Han tilfører laget nytt blod og hevar nivået på venstrebackposisjonen betrakteleg. Det blir ekstremt spennande å sjå korleis Mourinho endrar laget sitt for å tilpasse og få det beste ut av Reguilón, for han bør ikkje spele i "Ben Davies-rolla" som defensiv back. Etter det Spurs viste mot Everton, skal ein ikkje sjå vekk i frå at ei systemendring er sunt og nødvendig – og Reguilón kan bli ei av dei viktigaste brikkene i det nye systemet. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?

Kva lærte vi av Sheffield United 3-1 Tottenham?