Kva er grunnen bak Højbjerg sin formdupp?

Då Pierre-Emile Højbjerg vart henta til Nord-London i fjor sommar, var ikkje forventningane skyhøge. Dansken kom for å fylle eit hol sentralt på midtbana i ei djuptliggande og defensiv rolle, men dei første månadane leverte 25-åringen over alle forventningar. I det siste har han ikkje vore like instrumental og god, men perioden før landslagspausen viste kva som må til for at Højbjerg, som er ein av Spurs sine aller viktigaste spelarar, skal fyre på alle sylinder igjen. 

Bilde: HITC

King-kong på midtbana i haust

Højbjerg var ikkje berre ein av Tottenham sine beste spelarar i haust, men ein av Premier Leagues aller beste midtbanespelarar fram til utgangen av 2020. Trass i ein ganske slett prestasjon i ei tafatt serieopning mot Everton, løfta dansken seg fort etter Spurs-debuten sin i takt med laget, og viste straks prov på at Spurs hadde gjort ein av sesongens beste signeringar. Den sentrale midtbana hadde mangla defensive fiber i fleire sesongar etter at både Eric Dier og Victor Wanyama sine skademareritt byrja i 2017/18-sesongen. Den tidlegare Bayern München- og Southampton-spelaren har denne sesongen bidrege med musklar, intensitet og beskyttelse framfor forsvaret – i tillegg til å vere vital i det oppbyggande spelet.

Det er berre fire spelarar i Premier League som står med fleire enn Højbjerg sine 1949 pasningar denne sesongen. Han har eit snitt på 73 pasningar per kamp, over 10 pasningar meir per kamp enn Eric Dier på 2. plass. Den sentrale midtbanespelaren er glad i å droppe djupt, enten mellom midtstopparane eller ved sidan av den som spelar til venstre i midtforsvaret, for å gjere seg tilgjengeleg og involvere seg i det oppbyggande spelet. Han er svært viktig for at Spurs skal klare å forflytte spelet sitt framover, noko som kjem til syne av at 280 av pasningane hans har vore til ein medspelar inne på motstandar sin tredjedel. Det er berre seks spelarar i ligaen med fleire pasningar til den siste tredjedelen på bana, og ingen andre i Spurs-laget er i nærleiken. Det er med andre ord ikkje berre støtte- og tversoverpasningar ein får servert av Højbjerg. 

                        Heat map av Højbjerg sine involveringar i Premier League 20/21 (Sofascore).

Som skrive, bidreg 25-åringen også enormt defensivt. Han skyr verkeleg ikkje unna ein einaste duell, og har faktisk vore involvert i flest duellar av alle spelarar i Premier League denne sesongen med 297 stykk. Dansken elskar å duellere, og har også laga nest-flest frispark av alle i ligaen (52), berre to bak Tomas Soucek sine 54. Højbjerg er svært god til å ligge som eit skjold framfor forsvaret, slik at midtstopparane kan fange eventuelle andreballar som kjem ut av Højbjerg sine duellar. Dansken er også god til å for eksempel støtte oppom eit press eller sikre ein back slik at ein klarer å overmanne motstandaren. Han har ei god nase for å lukte situasjonar der han kan vere med på å vinne att ballen for laget sitt. 

Og så er han det José Mourinho vil kalle ein "intelligent c*nt". Han tilfører dette laget intensitet og leiareigenskapar, og er ei vinnarskalle som dette Spurs-laget sårt trengte. I alle fall før årsskiftet. 

Dupp i form etter nyttår

For etter at 2020 vart til 2021, har ikkje Højbjerg sett heilt ut som den same spelaren dei tomme tribunene på Tottenham Hotspur Stadium fekk oppleve på hausten. Han har sett seigare ut, vore mindre involvert i både duellar og det oppbyggande spelet, i tillegg til å vere slurvete i avgjerande situasjonar, som for eksempel då han laga straffespark i tapa mot både Manchester City og Everton. 

Kjenneteiknet på gode Højbjerg-kampar i haust var at han var den Spurs-spelaren med flest pasningar i laget. Han stod att med flest pasningar i kampar der Spurs dominerte banespelet, som i 6-1-sigeren over Manchester United (104) og i 1-1-kampen mot Newcastle (108). Til og med i 2-0-sigeren over Manchester City, der Spurs berre hadde ballen i omtrent 1/3 av tida, stod han att med flest pasningar i laget (36). Men etter nyttår har historia vore annleis. I 1-1-kampen mot Fulham hadde Dier slått 13 pasningar fleire enn Højbjerg etter 90 minutt. I neste kamp auka Dier den forskjellen til 14 pasningar fleire enn dansken, og både Joe Rodon og Tanguy Ndombele hadde fleire pasningar enn Højbjerg – og der kan potensielt noko av forklaringa ligge. 

I haust spelte Tanguy Ndombele enten som ein offensiv sentral midtbanespelar i ein 4-3-3-formasjon eller som ein rein 10ar i ein 4-2-3-1-formasjon, men etter nyttår har han og Højbjerg spelt ganske mykje i lag djupt på midtbana. Ndombele likar å trekke djupt for å involvere seg i spelet, og har dermed kanskje tidvis overtatt litt av Højbjerg si rolle i det oppbyggande spelet. Det same kan ein ikkje seie om Moussa Sissoko, Højbjerg sin partner djupt på midtbana i haust, som ikkje er spesielt glad i å involvere seg i det oppbyggande spelet, spesielt om motstandarlaget pressar høgt i bana. Men det er fleire kampar i det siste der Højbjerg har stått att med ein god del fleire pasningar enn Ndombele, så det er ikkje ein klar trend der. 

Det som er tydelegare er at midtstopparane den siste tida har vore meir involverte i det oppbyggande spelet enn tidlegare i sesongen. Mot Arsenal hadde både Alderweireld og Sanchez fleire pasningar enn Højbjerg, noko som også var tilfellet i bortekampen mot Fulham. Men kva er grunnen til dette? Spurs har den siste månaden spelt litt meir offensiv fotball mot dårlegare motstand enn tidlegare, men det var ikkje tilfellet i Arsenal-kampen der begge midtstopparane sentra meir enn Højbjerg. 

Personleg trur eg svaret er at Højbjerg rett og slett er sliten, og dermed ikkje orkar å gjere seg tilgjengeleg like ofte som før, noko som fører til at midtstopparane får eit større ansvar i å bygge opp spelet. Højbjerg har spelt heile 3429 minutt for Spurs denne sesongen, noko som er klart mest av utespelarane. Til samanlikning har neste utespelar på lista, Harry Kane, spelt 3172 minutt. Det er berre Manchester United-trioen Harry Maguire (3945), Aaron Wan-Bissaka (3652), Bruno Fernandes (3490) og Leicester-spelar Youri Tielemans (3447) av utespelarar i Premier League som har fleire minutt i beina enn Højbjerg denne sesongen. Det er dermed ikkje rart at Højbjerg tidvis har sett seig ut dei siste to månadane. 

Viktig brikke i sesonginnspurten

Løysinga er ganske enkel, José Mourinho; reguler Højbjerg si speletid. Spurs anno 2020/21 er svært avhengige av tre spelarar; Harry Kane, Heung-Min Son og Pierre-Emile Højbjerg, noko som har ført til at dei har spelt meir fotball enn dei burde ha gjort hittil. Mourinho har rotert for lite, noko som har gått utover Højbjerg sine prestasjonar i visse kampar dei siste to månadane, medan Heung-Min Son nyleg pådrog seg ei muskelskade. Om Harry Kane ikkje skada ankelen sin mot Liverpool, hadde nok også han fort pådratt seg ei muskelskade. Mourinho har rotert for lite denne sesongen, og hadde Spurs framleis vore med i Europa League, skulle portugisaren fått problem med å stable ein utkvilt Højbjerg på beina. Det at laget har ryke ut av den turneringa, gjer nok at den danske midtbanegeneralen kan spele i samtlege Premier League-kampar resten av sesongen, så lenge han held seg skadefri.

Veka før landslagspausen eksemplifiserte tydeleg kvifor Højbjerg er ein av Spurs sine aller viktigaste spelarar. Laget såg dårlege ut når han var sliten og tung i Arsenal-tapet, og når han var ute med suspensjon mot Dinamo Zagreb, såg laget hjelpelause ut. Suspensjonen gjorde at han fekk ei veke fri frå å spele kamp, og han såg straks mykje betre ut mot Aston Villa der det vart siger og tre poeng. I sistnemnde kamp hadde han dobbelt så mange suksessfulle taklingar (6) som nestemann i laget, i tillegg til å ha klart flest pasningar (72) i Spurs-laget – med andre ord kjenneteikna på ein god kamp frå Højbjerg.

Om han skal klare å levere på nivået han viste i haust komande sesong, må speletida hans bli regulert i større grad. Oliver Skipp kjem i sommar tilbake frå eit suksessfullt lån i Norwich, og bør vere Højbjerg sitt rotasjonsalternativ neste sesong. 

Det at Spurs rauk ut av Europa League, kan vere katalysatoren for at Pierre-Emile Højbjerg er utkvilt og spelar ei særs viktig rolle i kampen om ein plass blant topp fire i sesonginnspurten. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Kva lærte vi av Liverpool - Tottenham?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?