Analyse: Kva lærte vi av Manchester United 1-6 Tottenham?

Premier League-søndagen leverte det eine sjuke resultatet etter det andre, og eitt av dei var Manchester United 1-6 Tottenham. Ein skal vere forsiktig med å analysere for djupt etter at eit lag spelar mesteparten av kampen med ein spelar mindre, men det var framleis nok av ting å ta tak i frå oppgjeret. 

Bilde: Evening Standard

Intelligent c*nts og vinnarmentalitet

Etter eit sjokkresultat, som for eksempel Manchester United 1-6 Tottenham, brukar ofte brorparten av merksemda å gå til kor dårlege laget som tapte spelte. Seinare i innlegget skal vi kome tilbake til nettopp det, men før den tid skal vi innom eit av Tottenham-trenar José Mourinho sine sitat, som vart kjent gjennom Amazon-dokumentaren "All or Nothing": "You have to be intelligent c*nts, not stupid c*nts." 

Høgrekant Erik Lamela hadde nok dei orda i hjernebarken då han slo til med ein alboge mot Manchester United-spiss Anthony Martial. I retur fekk han eit klaps, og då han tydeleggjorde dette ovanfor dommar Anthony Taylor, vart franskmannen utvist. Argentinaren slapp derimot unna med gult kort. Det var ikkje pent gjort av Lamela, men Martial var "stupid" og Lamela var ein "lucky, but intelligent c*nt" for å bruke José Mourinho-terminologi.

Om ein ser vekk frå den situasjonen, og tek med i vurderinga at Manchester United spelte 2/3 av kampen med ein spelar mindre, var det likevel ein ekstremt imponerande kamp av Tottenham - sannsynlegvis den beste i løpet av Mourinho si tid i sjefsstolen. Trass i at seriepremieren mot Everton var av det svært tamme slaget, har dei første vekene av sesongen vore lovande for laget frå nord-London. Den siste veka har dei slått Chelsea ut av ligacupen, gått vidare til gruppespelet i Europa League og slått Manchester United på Old Trafford - og i tillegg spelt feiande flott fotball. 

Det verkar som om Mourinho sine idear har blitt skikkeleg forstått av spelargruppa og portugisaren sin vinnarmentalitet, for å bruke eit slitt uttrykk, verkar å ha smitta over på spelarane. Spurs fekk straffe og scoring imot i opningsminutta - korleis responderte dei? Jo, ved å utlikne og deretter ta leiinga like etterpå. Mange lags ballong hadde mista luft i ein slik situasjon, men trua på planen og ferdigheitene innad i laget var for stor til å la det skje i Tottenham-leiren.

#OleOut?

Starten på 2020/21-sesongen har vore svært tung for Manchester United. Kva har gått gale?

Ole Gunnar Solskjær bør ikkje totalslaktast etter 1-6-tapet for Tottenham. Mykje av skulda ligg hos spelarane og i rekrutteringa av dei som sit høgare i hierarkiet, men det må samtidig vere lov å vere kritisk til nokre av nordmannens taktiske avgjersler i dette oppgjeret. 

José Mourinhos Tottenham og Ole Gunnar Solskjærs Manchester United er to lag som likar å ligge lågt, absorbere presset og spelet til motstandar for så å kontre dei i senk - og i 1. omgang fekk førstnemnde sitt mannskap gjere nettopp det. Solskjær sette forsvarslinja si høgt, noko som gjorde at det vart store rom for ein hurtig spelar som Heung-Min Son å utnytte bak forsvaret. Spurs fann også store rom på sidene, spesielt ute til høgre der Serge Aurier hadde ein autostrada framfor seg kvar gong Spurs vridde spelet dit. Personleg synst eg også at det var merkeleg at Paul Pogba fekk spele heile kampen, spesielt når spelarar som Bruno Fernandes og Nemanja Matic gjekk ut i pausen. Franskmannen hadde ein horribel kamp, og Donny van de Beek, som kom inn for Mason Greenwood i det 68. speleminuttet, burde ha vore den første til å erstatte han. Nordmannen gjorde lite for å endre på fleire aspekt som utvilsamt ikkje fungerte, og Mourinho vann den taktiske bataljen mellom dei to.

Manchester United sitt høge press var også svært uorganisert og lett for Tottenham-spelarane å spele av. Det var ofte fleire angrepsspelarar som gjekk i press høgt, for eksempel Mason Greenwood, Bruno Fernandes og Marcus Rashford, og når Spurs på uunngåeleg vis kom seg forbi presset stod Nemanja Matic igjen åleine mot tre Spurs-spelarar og masse rom å dekke. Ein skulle tru at Solskjær kom til å trappe litt ned på presset når "The Red Devils" vart reduserte til ti mann, men dei heldt fram på same vis. Det gjorde at Spurs heldt fram med å få boltre seg i enorme rom inne på deira banehalvdel, samtidig som det sleit ut heimelagets spelarar. Rett og slett ein total taktisk bommert av Solskjær. 

Føresetnadane Solskjær har for å gjere det veldig bra, er avgrensa av dei som sit lenger oppe i hierarkiet, men eg klarer ikkje la vere å tenkje at ein trenar som Mauricio Pochettino, som dei sannsynlegvis kunne henta no i sommar, hadde kome inn og gjort ein betydeleg betre jobb. Manchester United har sett elendige ut i sesongopninga og burde eigentleg ha stått igjen med null poeng på dei tre første kampane. Solskjær får ei livline i det raude kortet, men det såg ut til å kunne gå mot eit stygt resultat uansett. 

For at Manchester United skal ta steget opp og utfordre om ligatittelen, må ei endring til. Både blant dei "høge herrar", spelarane og potensielt på trenarsida.

Højbjerg - den viktigaste brikken i puslespelet

Heilt sidan starten på 2017/18-sesongen har Tottenham slite med å finne rett balanse på midtbana. Dei to defensive midtbanespelarane Eric Dier og Victor Wanyama møtte begge på skadetrøbbel, og Mousa Dembele klarte ikkje å spele like mange kampar som før. Då belgiaren forlot klubben i januar 2019, stod ein att med den svært ubalanserte duoen Moussa Sissoko - Harry Winks sentralt på midtbana. No ser det ut til at problemet kan vere løyst.

Pierre-Emile Højbjerg var sommarens første signering for Tottenham, og dansken viste søndag ettermiddag at han etter alle solemerke kjem til å bli ein stor suksess i den liljekvite trøya. Han har sett ganske bra ut i dei andre kampane så langt i sesongen, men mot Manchester United tok han det til eit heilt nytt nivå og var potensielt banens beste spelar - noko som seier ganske mykje. 

Han kontrollerte kampen frå midtbana og hadde klart flest pasningar (104) med ein imponerande suksessrate på 94,2%. Den tidlegare Southampton-kapteinen droppa djupt mellom midtstopparane for å skape overtal mot Manchester United sine to pressande spissar i 4-4-2-formasjonen (4-3-2 etter kvart) defensivt, og styrte kampen med bravur. I tillegg til å imponere enormt i pasningsspelet, leverte han nest-flest taklingar (3) og delt mest avskjeringar (2) av Tottenham-spelarane. Toppen av kransekaka kom då han assisterte 1-5-scoringa til Serge Aurier med ei perfekt vekta gjennombrotspasning til ivorianaren. 

Balansen på Spurs-midtbana mot Manchester United var interessant. Højbjerg kontrollerte spelet frå djupt og beskytta forsvaret, Moussa Sissoko dekte for Serge Aurier som avanserte framover i bana, og Tanguy Ndombele fekk ei friare rolle der han fekk lov til å vandre for å finne rom og skape ubalanse hos motstandar. 

Sistnemnde verkar å vere inne i varmen hos Mourinho igjen og om portugisaren kan få i gang Ndombele, kan han potensielt utgjere ein enorm forskjell denne sesongen. Franskmannen var, trass i nokre nonchalante balltap her og der, strålande mot Manchester United. Han skapte ubalanse hos heimelaget med silkemjuke vendingar og touch, men jobba også iherdig defensivt for å vinne tilbake ballen og hadde faktisk like gode tal defensivt som Højbjerg. Og så scora han også det svært viktige 1-1-målet. Ndombele verkar å vere ein revitalisert mann. 

United-kapteinen stod ikkje fram som ein leiar

Manchester United var utvilsamt eit av ligaens beste forsvar førre sesong. Liverpool sleppte inn 33 mål, Manchester City 35 mål, og tredje minst var "The Red Devils" med 36 mål imot. I løpet av dei tre første kampane av 2020/21-sesongen har dei sleppt inn heile elleve mål, nesten 1/3 av det dei sleppte inn førre sesong. Kva var det som gjekk gale defensivt mot Tottenham?

Vel, det aller meste. Dei nemnde strukturelle bommertane til Solskjær bidrog sterkt til at Tottenham kom til mange sjansar, men det var også ekstremt mange individuelle feil blant Manchester United-spelarane. Kaptein og verdas dyraste forsvarsspelar, Harry Maguire, mannen som skal vere påliteleg og gi spelarane rundt seg ro, var den verste syndaren.

På Spurs si første scoring går det meste gale for engelskmannen. Først headar han ballen inn i Bailly, for så å heade ballen bakover i eit område Erik Lamela kan presse for å få tak i ballen. Luke Shaw ser ut til å kunne klarere ballen, men gjett kven som dukkar opp og dreg ned venstrebacken slik at han ikkje får klarert ballen - jo, kaptein Maguire! Shaw forstår sjølvsagt ingenting og når Tanguy Ndombele scorar, ropar han på frispark - for det er jo naturlegvis Erik Lamela som har gjort noko ulovleg. Hehe, nei da. 

Og ikkje nok med det. Maguire lagar frisparket som fører til 1-2, og er treig i oppfatninga når Kane spelar gjennom Son som scorar Tottenhams andre mål. Den tidlegare Leicester-spelaren kastar seg ofte inn i duellar på uforsvarleg og uforståeleg vis, og skapar problem for eigne lagkameratar. For å toppe det heile, gjekk Serge Aurier sitt innlegg på 1-4 mellom beina til midtstopparen...

Venstreback Luke Shaw, som ikkje fekk klarert på 1-1-målet, hadde også ein forferdeleg kamp. Om ein ser tilbake 1-4- og 1-5-scoringane og ser på posisjoneringa til Shaw, kan ein byrje å lure på kva i alle dagar det er engelskmannen driv med. Han blir dratt innover i bana for å dekke ein motspelar, men opnar samtidig opp eit enormt gapande hol bak seg som Serge Aurier utnyttar seg av effektivt. Porto-back Alex Telles ser ut til å vere på veg, og etter denne kampen, skal ein ikkje sjå vekk frå at han går rett inn i laget brennkvikt. 

Eric Bailly og Aaron Wan-Bissaka var heller ikkje feilfrie. Førstnemnde spelte ei svak og nonchalant pasning som førte til 1-3, medan sistnemnde vart finta på ræva då Ben Davies skaffa straffesparket som førte til 1-6. 

Manchester United er eit topptungt lag og set forsvarsspelarane sine i utfordrande situasjonar og posisjonar, men ein må kunne forvente prestasjonar på ei mykje høgare hylle enn det dei leverte søndag ettermiddag. Skal dette laget kunne utfordre om ligatittelen dei komande sesongane, må ein midtstoppar av høg klasse kome inn dørene på Old Trafford. 

Ligaens to beste spelarar?

Pierre-Emile Højbjerg styrte kampen og gjorde mykje av den usynlege jobben, men sjølv om Heung-Min Son og Harry Kane får mykje av rampelyset, må det kunne seiast at dei har fortent det. Ein kan argumentere for at nettopp dei to har vore Premier Leagues to beste spelarar hittil i sesongen.

Førre sesong leverte Kane to målgivande pasningar i Premier League. No, etter fire seriekampar, står han med sinnsjuke seks målgivande pasningar. Dobbelt så mange assists som nestemann på lista i Premier League. Kane har lenge vist at han har ein fabelaktig høgrefot og eit bra overblikk, men ein har ikkje før denne sesongen sett han i så stor grad innta ei hovmeisterrolle. Måten han oppfattar situasjonen på då han spelte den målgivande pasninga på 1-2 er eksepsjonell, og dei fem andre målgivande pasningane viser at han har tatt dette aspektet av spelet sitt til eit nytt nivå. 

Kane skapte tre sjansar i denne kampen, tredje-mest i laget, men bidrog også på andre frontar. Han vann tilbake ballen og avslutta angrepet på 1-3 og var også sikker med ei ekstremt god straffe som fastsette resultatet til 1-6. Når Tottenham vann ballen og skulle kontre, droppa han ofte djupt for å ta imot ballen som eit oppspelspunkt før han sende den vidare i bakrom, ut til Aurier på høgresida eller skaffa eit frispark. Det kan sjå ut som om Kane, om litt annleis i spelestilen, er tilbake på sitt aller beste.

Og når Kane har funne fram til den assisterande rolla, er det få spelarar enn Heung-Min Son som er betre å samarbeide med. Sør-koreanaren har ein heilt ekstrem timing på løpa sine i bakrom og gjer at lag må legge seg djupare for å ikkje bli straffa av han. Tidlegare i Tottenham-karrieren trengde Son ofte fleire sjansar for å score, men no er han rett og slett som ein skarpskyttar framfor mål - ekstrem presis. Avslutningane på begge måla mot Manchester United er ekstremt vanskelege å utføre og skal ikkje undervurderast. Her har den fotrappe kantspelaren forbetra seg stort. Det er strengt tatt berre Sadio Mané og Neymar som har ei betre sak som verdas beste venstreving enn Son. For ein fotballspelar!

Tottenham sitt angrepsspel har, sidan pausen på St. Mary's Stadium i Southampton, sett fabelaktig ut. På kontringar og overgangar er Spurs livsfarlege, men det byrjar også å sjå ut som om dei veit kva dei driv med mot etablert forsvar. 

Tenk når Gareth Bale skal inn i laget for å kombinere saman med Harry Kane og Heung-Min Son. Det er sjølve definisjonen på ei fryktinngytande angrepsrekke!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Dele Alli bør få speletid – her er kvifor:

Kva er grunnen bak Højbjerg sin formdupp?