Analyse: Korleis kjem Pochettino sitt PSG til å sjå ut?

Mauricio Pochettino har vore arbeidsledig sidan han fekk sparken frå managerstolen på Tottenham Hotspur Stadium for over eitt år sidan, men Paris Saint Germain annonserte nyleg at argentinaren er deira nye trenar etter at Thomas Tuchel fekk fyken på julaftan. Pochettino har tidlegare skildra dette som ein av draumejobbane hans, ettersom han tidlegare har spelt for klubben - men korleis kjem eigentleg hovudstadslaget til å sjå ut under han? Kva skjer med stjernespelarar som Neymar og Kylian Mbappé? Og kven vil han ha inn og ut dørene på Parc des Princes?


Bilde: @PSG_English

Press, intensitet og blendande angrepsfotball?

Mauricio Pochettino sin spelestil sette djupe spor i Premier League, og Spurs-utgåva hans mellom 2015 og 2018 var eit av dei laga som i stor grad var med på å påverke moderne fotball. Argentinaren innførte doble treningsøkter for at laget hans skulle ha god nok motor til å presse motstandarane høgt i bana, spele intens fotball og halde ut i 90 minutt. Saman med blant anna Jürgen Klopp og Pep Guardiola, som begge kom til England høvevis eitt og to år etter Pochettino, gjorde han intenst press til eit av dei viktigaste særprega hos fleire av ligaens beste lag i denne perioden. 

2016/17-sesongen var spelemessig den beste sesongen for Spurs under Pochettino då dei hamna på 2. plass med 86 poeng. I tillegg til å vere solide bakover med berre 26 mål imot, minst i ligaen, spelte laget hans blendande fotball offensivt som leia til 86 scora mål, det også best i ligaen. Argentinaren lukkast med å skape eit ekstremt bra kollektiv utifrå ei relativt ung spelargruppe, og mellom 2015 og 2018 var Spurs rett og slett eit maskineri som var ekstremt vanskeleg å stoppe når dei hadde dagen. 

Press, intensitet og offensiv fotball er prinsipp Pochettino kjem til å ta med seg til Paris. Men kor like kjem eigentleg Pochettino si Spurs-utgåve og dei komande åras PSG-lag under argentinaren til å sjå ut?

Dei siste kampane Thomas Tuchel fekk leie PSG i, brukte tyskaren hovudsakleg ein 3-5-2-variant. Under Pochettino sitt første spelarmøte med PSG-spelarane, kan ein frå eit bilde observere ein 3-5-2-formasjon på tavla. Det er ikkje nødvendigvis noko ein skal eller bør sjå på som ein peikepinn, ettersom han kan ha prata om dei føregåande kampane - men trebackslinje er noko Pochettino er godt kjend med frå tida i Tottenham, spesielt i den gode 2016/17-sesongen.

Ein kan spotte ein 3-5-2 på tavla i bakgrunnen. Bilde: @PSG_English

Det hadde vore spennande å sjå ein 3-4-3-variant med den spelargruppa Pochettino har til disposisjon ut denne sesongen. 


Hovudformasjonen til Pochettino i Tottenham i løpet av dei fem og eit halvt åra han heldt til i den engelske hovudstaden, var 4-2-3-1. Slik kan Pochettino setje opp laget dersom han vel å gå for det som har vore hans mest brukte formasjon.


Det blir ekstremt spennande å sjå korleis Pochettino vel å setje opp laget sitt, kva slags spelartypar han plasserer kor og kva spelarar som blir nytta. Det er spesielt to spelarar det er knytt mange spørsmål til... 

Kva kjem til å skje med Neymar og Mbappé?

Kylian Mbappé og Neymar er utvilsamt dei to store stjernene i dette PSG-laget, men korleis kjem Pochettino til å nytte dei? Kjem dei i det heile tatt til å bli verande i klubben lenger enn inneverande sesong? Det er mykje som er oppe i lufta angåande brasilianaren og franskmannen, men det herskar liten tvil om at Pochettino er i stand til å kunne få det aller beste ut av dei.

Neymar har eit stort ego. Det største egoet Pochettino har vore borti i løpet av trenarkarrieren sin, men han er samtidig sannsynlegvis den mest talentfulle spelaren han har vore borti hittil – og om Neymar blir verande, kan Pochettino bygge laget rundt han. Brasilianaren er litt skadeplaga, men når han er på bana, er det få spelarar i verda som leverer betre. Han har levert tre mål og tre målgivande pasningar på 571 minutt i Ligue 1 denne sesongen. Han står med ein xGChain (totale xG av kvar spelsekvens ein spelar er involvert i) på heile 10,39 på dei sju kampane han har spelt hittil, noko som er femte mest i ligaen - men ingen av dei andre spelarane på topp 10-lista er i nærleiken av eit like godt snitt som Neymar. Han har også flest andreassistar per 90 minutt i ligaen med 0,44. Han har flest skot, nøkkelpasningar og driblingar per kamp i PSG-laget. De ser teikninga. 28-åringen er ekstremt involvert i PSG sitt angrepsspel når han er skadefri.

Neymar likar å plassere seg både ute til venstre og inne sentralt for å skape trøbbel for motstandarane, og det blir interessant å sjå om han får ein fast posisjon av dei to under Pochettino. Som nemnd, er eit av særprega til Pochettino-lag presspelet - men Neymar kjem ikkje til å bidra i presset. Dette kan bli eit problem, men Pochettino set pris på gode spelarar og ein skal ikkje sjå vekk frå at han bygger laget slik at Neymar slepp unna med slapt press. Han kan eventuelt få ei litt alternativ rolle til resten av lagkameratane, noko Christian Eriksen på sett og vis gjorde. Dansken var ikkje spesielt aggressiv i presset eller duellsterk, men han var ein del av presset likevel ved å blokkere pasningsmoglegheiter for motstandarane og ved å springe mykje. Kanskje Pochettino kan få til eit kompromiss med Neymar, og gjere han til leiestjerna i dette laget?

Trass i at han hamna i klinsj med den føregåande trenaren, er det mykje som tilseier at Mauricio Pochettino og Kylian Mbappé kjem til å finne tonen. For det første er franskmannen ekstremt god. Han står med ein kombinert xGoals og xAssists på 1,29 per 90 minutt, noko som er klart best i ligaen. Han er toppscorar i Ligue 1 med 12 scoringar hittil, og har også bidrege med solide fire målgivande pasningar, sjuande mest i ligaen. Mbappé er berre 22 år gamal, men likevel ein av verdas beste angrepsspelarar. Han er framleis ung nok til at Pochettino kan forme han og spele ei stor rolle i vidareutviklinga hans. I motsetning til Neymar, kjem nok Mbappé til å vere villig til å vere aggressiv og bidra i presset. Han kan spele både på høgrekanten og som ein rein spiss, og Pochettino elskar å jobbe med unge spelarar. Dette må jo berre bli ein braksuksess, eller?

Samtidig som Pochettino må dyrke desse to spelarane for at laget skal bli best mogleg, blir ei viktig oppgåve å gjere PSG mindre avhengige av dei to stjernene sine når dei er ute med skade eller etter kvart potensielt blir selt. Pochettino sine lag har vore berekraftige i den forstand at dei generelt sett har klart seg godt dersom viktige spelarar har vore ute med skade, noko som blir viktig å få til også i PSG, ettersom Neymar har ein historikk med skader. Ein anna viktig grunn til at den nyleg tilsette trenaren må gjere laget mindre avhengig av dei to stjernene, er at dei potensielt kan forlate klubben om ikkje altfor lenge. Mbappé har lenge blitt rykta til Real Madrid og tidvis også Premier League, medan Neymar vil ha ein reunion med Lionel Messi. Begge spelarane sine kontraktar går ut i 2022, og ein kan føle seg ganske sikker på at minst ein av dei er vekke i løpet av sommaren 2022, om ikkje før. 

Kva kjem Pochettino og PSG til å gjere på overgangsmarknaden?

I løpet av Mauricio Pochettino si periode i Spurs, mellom januar 2018 og juli 2019, signerte ikkje klubben ein einaste spelar. Sjølv om argentinaren hadde den klart minste pengesekken å operere med blant "topp seks-laga" i Premier League, klarte han likevel å føre laget til to tittelrace og ei Champions League-finale. No får han ein av fotballverdas aller største pengesekkar til disposisjon. 

Svært gode fotballspelarar som Neymar, Kylian Mbappé, Presnel Kimpbembe, Marco Verratti, Marquinhos og Keylor Navas kjem sannsynlegvis til å vere essensielle brikker i Pochettino sitt PSG. Utanom desse, kan det fort vere store endringar på veg. Mauricio Pochettino er ikkje redd for å sende erfarne og innverknadsrike karakterar i garderoben ut dørene dersom dei ikkje er 100 % med på prosjektet og ideane hans. Denne PSG-stallen treng ei oppfrisking for å kome kjapt i gong med Pochettino-æraen og ein skal ikkje sjå vekk frå at store delar av dagens stall er vekke innan 2-3 år. Det blir for eksempel spennande å sjå kva som skjer med 32 år gamle Angel Dí Maria, som har ei kontrakt som går ut til sommaren. Han er utvilsamt veldig god, men kjem PSG til å tilby han ei ny kontrakt når dei veit kor glad Pochettino er i yngre spelarar? Kjem Mauro Icardi, som vanlegvis ikkje er spesielt glad i å presse, til å få tillit hos Pochettino? Det er vanskeleg å konkludere med noko, men han verkar ikkje som ein typisk Pochettino-spiss. 

Eit av dei største ankepunkta i PSG si klubbdrift, forutan "sportswashingen" Qatar driv med gjennom klubben, er måten dei har latt mange talent gå frå klubben på. I fjor sommar lot dei både Tanguy Kouassi (18) og Adil Aouchiche (18) gå gratis til høvevis Bayern München og Saint Etienne. Tidlegare har spelarar som Christopher Nkunku (RB Leipzig), Giovani Lo Celso (Real Betis), Timothy Weah (Lille), Moussa Diaby (Bayer Leverkusen), Jonathan Ikoné (Lille), Odsonne Edouard (Celtic) og ikkje minst Kingsley Coman (Juventus) fått gå enten gratis eller for mindre pengar enn det dei har seinare har blitt verdt. Dette kan det bli ei endring på med Pochettino ved roret. Spelestilen hans passar godt til unge og hungrige spelarar som er tilbøyelege til å ta imot lærdom og følgje filosofien hans 100 %. Ein spelar som Arnaud Kalimuendo (18) har denne sesongen scora fire mål på ni kampar på lån for Lens, og er ein spelar PSG tidlegare vanlegvis ville gitt frå seg. Timothee Pembele (18), Kays Ruiz-Atil (18) og Bandiougou Fadiga (19) har alle fått speletid for PSG i ligaen denne sesongen. Moise Kean (20) har scora sju mål for PSG på lån frå Everton denne sesongen, og ein skal ikkje sjå vekk frå at Pochettino gjerne vil ha han permanent. Det kan vere unggutane si tid til å skine på Parc des Princes med Pochettino i managerstolen.

Eit av kjenneteikna på Spurs anno 2016/2017 var backparet Kyle Walker og Danny Rose som herja på sidene, og akkurat no ser backposisjonane ut til å vere blant dei svakaste i spelarstallen. På høgrebacken har ein Alessandro Florenzi, Colin Dagba og Thilo Kehrer som kan bidra. Dei er alle hardtarbeidande spelarar, og ein kan sjå for seg Florenzi jobbe hardt langs høgresida for Pochettino ut noverande sesong, men det kjem nok til å vere ein posisjon dei vil oppgradere til sommaren. På venstrebacken har ein Juan Bernat, Layvin Kurzawa og Mitchell Bakker. Er nokon av dei eigentleg gode nok til å spele for eit lag som skal utfordre om Champions League-tittelen? Bernat er ein grei spelar, Kurzawa er uspektakulær, Bakker er ung og kan få tillit, men hollendaren har ikkje vist teikn på at han skal bli ein venstreback i verdsklasse. Her må det oppgraderast. 

Det blir også svært spennande å sjå om Pochettino prøver å signere nokre av spelarane han har trent tidlegare. Ein spelar som er svært utilpass i sin noverande klubb om dagen, er Christian Eriksen i Inter. Ein skal ikkje sjå vekk frå at Pochettino slår til dersom det er mogleg å få dansken for ein rimeleg penge. I Tottenham er det også ein spelar det har vore mykje styr rundt - nemleg Dele Alli. Alli var ein av kjæledeggene til Pochettino, og det å kome seg vekk frå Nord-London og til ein ny klubb, kan vere akkurat det han treng for å få karrieren på rett kjøl igjen. Tottenham-midtstoppar Davinson Sanchez vart i si tid henta av Pochettino til den engelske hovudstaden, men har slite med å få speletid denne hausten. Philippe Coutinho, som Pochettino jobba med i Espanyol, er også til sals om ein skal tru rykta. Blir det ei gjenforeining med nokre av desse spelarane i PSG for Pochettino? Det er langt ifrå umogleg. 

Eit rykte som har skote fart den siste månaden er Lionel Messi til PSG. Neymar ytra i starten av desember at han vil spele saman med argentinaren, og det ser ikkje ut som om Barcelona har økonomi til å kunne hente Neymar. Kva kan løysinga då vere? Jo; Messi, Neymar og Pochettino i lag i PSG. Den kombinasjonen hadde garantert levert mykje underhaldning på Parc des Princes. Om i det heile tatt skal vere realistisk, må nok Kylian Mbappé flytte på seg for at klubbøkonomien skal gå opp. Men ein kan ikkje utelukke at dette scenarioet potensielt kan utspele seg allereie komande sommar...

I Tottenham var det stor variasjon, mykje "midt i" og "stor bom høger" for å bruke Ola Lunde-terminologi, i det dei tok føre seg seg på overgangsmarknaden med Pochettino ved roret. Ein hadde kjøp som Toby Alderweireld og Dele Alli, men også Georges-Kevin Nkoudou og Vincent Janssen. PSG har, i motsetning til Tottenham, ein sportsdirektør. For at Pochettino-prosjektet skal lukkast, er det viktig å få på plass ein god tone og eit bra samarbeid mellom dei to. Thomas Tuchel og Leonardo var ikkje spesielt gode venar, og det kjentest ut som om tyskaren hadde jobben på lånt tid på grunn av nettopp det. Pochettino har kanskje enda meir tiltrekkingskraft enn Tuchel, noko ein såg då Tanguy Ndombele valde å fare til Tottenham over mange andre klubbar, og argentinaren kan vere med på å gjere at PSG dominerer den franske marknaden i større grad, slik som for eksempel Bayern München gjer i Tyskland. 

Blir argentinaren ein suksess i den franske hovudstaden?

Mauricio Pochettino si tid i den franske hovudstaden kjem til å bli avgjort av ei spesifikk turnering; nemleg Champions League. Etter at Nasser Al-Khelaifi og co tok over PSG i 2011, har det å vinne Champions League vore det store overordna sportslege målet for klubben. Førre sesong nådde dei si første finale, men tapte 1-0 mot Bayern München. Sesongen før, tapte Mauricio Pochettino i si første Champions League-finale. Både klubben og den nyleg tilsette trenaren har noko uoppgjort i den gjevaste klubbturneringa. 

Men sjølv om det til slutt er Champions League-troféet det heile kokar ned til, kjem i alle fall Mauricio Pochettino endeleg til å bli kvitt merkelappen "trofélaus" og spørsmålet; "kva har han vunne?". Sjølv om det han gjorde i Spurs bør vere nok til å rangere han som ein av verdas beste fotballtrenarar, er det ein stor andel av fotballfans som meiner at han må ha eit trofé i lomma for å kunne reknast som ein av dei ypparste trenarane i fotballverda. Allereie om ti dagar, 15. januar, får han moglegheita til å ta sitt aller første trofé i karrieren når PSG møter Marseille i den franske supercupen. 

I Espanyol, Southampton og Tottenham har Pochettino fått tid til å bygge opp eit lag, men i PSG må han inn og levere resultat med ein gong - samtidig som laget spelar flott fotball. 48-åringen tek over for ein svært god trenar i Thomas Tüchel, og bør få bra med tid om ein skal kunne hauste dei aller største fruktene og til slutt vinne Champions League. Samtidig har han vist at han kan levere gode resultat kjapt, og tok ein rotete spelartropp i Tottenham frå 6. plass i 2013/14 til tittelrace i 2015/16. Men om han ikkje vinn ligaen, cupane og kjem langt i Champions League, vil han straks vere i fare for å få fyken. Tuchel vann ligaen to år på rad og tok laget til Champions League-finale førre sesong, men ein litt treig start på sesongen der laget no ligg heile eitt (!) poeng bak ligaleiar Lyon, var nok til å få fyken. Om Pochettino får tid til å bygge eit lag, ein kultur og får pengar å bruke i overgangsmarknaden, er eg sikker på at dette blir ein stor suksess. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?

Kva lærte vi av Sheffield United 3-1 Tottenham?