Dele Alli bør få speletid – her er kvifor:

2020/2021 har så langt ikkje vore av det optimale slaget for Dele Alli. Det har berre blitt usle 619 minutt med speletid i alle turneringar i skrivande stund, og sjølv om det verkar som om José Mourinho er klar til å gi 24-åringen sjansar framover, er det langt ifrå sikkert at han kjem til å få mykje speletid. Spørsmålet er då naturlegvis; Bør Mourinho gi Dele Alli mykje speletid? Eg meiner ja, og her er kvifor:

Bilde: Football London

Som skrive, har ikkje Alli spelt mykje denne sesongen. Det er vanskeleg å bedømme prestasjonane hans dei siste månadane, ettersom han gjerne har spelt mot motstandarar på litt varierande nivå, i tillegg til at det er vanskeleg å kome rett inn i laget eller bli bytta inn utan spesielt mykje kamptrening – og det med ein sjølvtillit som garantert ikkje er på topp. Det har vore gode augneblinkar, som i Europa League-kampen mot Ludogorets og FA Cup-oppgjeret mot Marine – men også ein del av det motsette, som i 1. omgangen i seriepremieren mot Everton og ballmissen som førte til Stoke si utlikning i 3-1-sigeren i ligacupen. 

Om ein ser på tidlegare sesongar, er det tydeleg at Alli har noko å tilføre dette Spurs-laget. Sesongane mellom 2015 og 2018 snakkar for seg sjølv, men sjølv om dei to føregåande sesongane ikkje ser like gode ut på papiret, er det mange grunnar til dette. Det blir ofte påpeika at han ikkje var spesielt god i 2018/19-sesongen, men det var mange faktorar som gjorde at han ikkje presterte like bra. Laget rundt han vart tydeleg dårlegare, spesielt på den sentrale midtbana der Harry Winks og Moussa Sissoko vart den (tvungne) føretrekte duoen for Pochettino. Dette var ei stor nedgradering på Moussa Dembele og ein frisk Victor Wanyama, og Alli måtte tidvis spele djupare i bana på grunn av manglande midtbanedekning, noko som gjorde at han ikkje kom til like mange sjansar. I tillegg var han ute med skader i heile 22 kampar den sesongen, ifølgje Transfermarkt, som også spelte si rolle i at det berre vart fem mål og tre assists. 

Eg trur også at Alli har fått meir tyn enn han burde fått, fordi han har ein spelestil og måte å utføre handlingar på som gjer at det kan sjå litt keitete og lite estetisk tilfredsstillande ut. Sjølv om han er i stand til å utføre silkemjuke touch og score ekstravagante mål, kjem det av og til ei ballberøring eller ei pasning som verkeleg ikkje ser bra ut. I den forstand kan ein samanlikne han med spelarar som Thomas Müller og Mohamed Salah, som ikkje alltid er spesielt artige å sjå spele fotball, men som leverer veldig solide resultat og underliggande tal. 

Målpoeng og underliggande tal

Den viktigaste grunnen til at Alli bør få mykje meir speletid enn det han har gjort hittil i 2020/21-sesongen, er at han tilfører målpoeng. Mourinho sitt system er sett opp for at Heung-Min Son og Harry Kane skal levere målpoeng, som dei så definitivt har gjort med totalt 43 målpoeng mellom dei i Premier League denne sesongen, men det har også gjort at laget er ekstremt avhengige av at dei to skal levere varene. Om dei ikkje har dagen eller er ute med skade, slit Spurs enormt med å skape sjansar og score mål. Det ser planlaust ut offensivt og tidvis har det sett ut som om Mourinho sitt mannskap kunne spelt i mange timar utan å score. Dele Alli er nok ikkje den store løysinga på dette problemet, men han kan absolutt gjere problemet mindre. 

I 2015/16 leverte han 10 mål og 9 assists i Premier League, i 2016/17 stod han igjen med enorme 18 mål og 7 assists, og i 2017/18 vart det solide 9 mål og 10 assists. 2018/19-sesongen var, av nemnde grunnar, ikkje like god med 5 mål og 3 assists – men førre sesong, 2019/20, vart det gode 8 mål og 4 assists. Alli starta berre 21 kampar i ligaen, og kom inn som innbytar i ytterlegare fire kampar, men stod altså likevel igjen med 12 målpoeng og eit bra snitt med eitt målpoeng kvart 154,5 minutt. Det som er interessant er at han leverte eit betre målpoengsnitt i 19/20 (154,5), ein nokså mislukka sesong i eit dysfunksjonelt lag, enn 17/18 (156,4) i eit Pochettino-lag som var samkøyrt og leverte på eit svært høgt nivå. Hadde Alli spelt like mykje i 17/18 som i 19/20, og levert eit liknande snitt, hadde han altså fort stått med rundt 20 målpoeng. Det er ei myte, reint statistisk, at Alli hadde ein dårleg 19/20-sesong. Det får ein til å tenkje på kva han kunne fått til i 20/21-utgåva av Spurs, som er pragmatiske, men samtidig også eit meir funksjonelt lag om han hadde fått speletid. 

Dei underliggande tala viser også den same historia som målpoenga. Det som er interessant, er at Alli har levert omtrent like gode underliggande tal når det gjeld målpoeng sidan han kom til klubben, forutan i 18/19 då han, ifølgje Understat, leverte 0,45 xGoals + xAssists, altså forventa målpoeng, per 90 minutt (xGA90). I 15/16 stod han med xGA90 på 0,55, i 16/17 vart det 0,56 xGA90, i 17/18 leverte han 0,57 xGA90, og i 19/20 enda han med 0,55 xGA90. Førre sesong leverte Alli med andre ord 0,01 forventa målpoeng mindre enn i den fabelaktige 16/17-sesongen kor Spurs hamna på 2. plass og han stod att med 25 målpoeng. Tala lyg ikkje, og viser at med litt betre utteljing framfor mål og meir speletid, kunne Alli faktisk levert oppimot liknande tal førre sesong trass i at laget hamna på 6. plass. 

Når ein ser på kva dei andre offensive spelarane har levert denne sesongen, blir det berre enda meir tydeleg at Alli burde få meir speletid. Steven Bergwijn har spelt heile 1027 minutt i Premier League denne sesongen og berre levert to målpoeng (0 mål og 2 assists). Lucas Moura står med like mange målpoeng som hollendaren på 648 minutt (1 mål og 1 assist). Giovani Lo Celso har også levert to målpoeng (1 mål og 1 assist) på sine 437 minutt. Gareth Bale står med ei scoring og null målgivande pasningar på 249 minutt i Premier League. Carlos Vinicius har ikkje levert målpoeng på dei 160 minutta han har fått i Premier League hittil. Erik Lamela, som har fått 439 minutt på bana i ligaen, har heller ikkje levert eit einaste målpoeng. Om ein tek Heung-Min Son og Harry Kane ut av rekninga, har resten av laget totalt sett levert 24 målpoeng i ligaen denne sesongen. Det er utruleg svakt. 

Utifrå tala, er det ingen tvil om at Dele Alli hadde levert bra med målpoeng om han hadde fått speletid denne sesongen, og utifrå det dei andre offensive spelarane har levert, forutan Son og Kane, treng dette laget sårt ei tredje kjelde med målpoeng. Den kjelda kan vere Dele Alli.

Perfekt match i lagoppstillinga

I det siste har José Mourinho gått frå å spele med Tanguy Ndombele enten som ein 10ar i ein 4-2-3-1-formasjon eller som ein av tre sentrale midtbanespelarar i 4-3-3 til å spele han saman med Pierre-Emile Højbjerg som ein dobbel-pivot enten i ein 4-2-3-1- eller 3-4-3-formasjon. Ndombele har prestert bra i 10ar-rolla, men etter mi meining kjem han meir til sin rett djupare i bana ettersom han då kan bruke ferdigheitene sine i større grad til å forflytte laget framover eller spele av motstandar sitt press om det trengst. Ettersom trebackslinja ikkje har fungert spesielt bra i kampane mot Liverpool og Brighton, opnar det seg opp ein ledig plass i 10ar-rolla etter at Ndombele har blitt flytta ned saman med Højbjerg. 

Etter det dei andre offensive spelarane har prestert hittil, bør Alli få moglegheita til å vise seg fram i hans føretrekte posisjon i 10ar-rolla i ein 4-2-3-1-formasjon. I tillegg til dei garanterte målpoenga han bidreg med, har han andre ferdigheiter og kvalitetar som kan vere med på å påverke dette laget i positiv forstand. Alli likar godt å operere enten på løp inn bak motstandar sine forsvarsspelarar eller i mellomromet, og han er svært god på å gjere seg tilgjengeleg og ta imot ballen mellom linjene. Med Ndombele djupt i bana, som er ekstremt god på å finne medspelarar høgare i bana, verkar dette som eit potensielt svært bra samarbeid. Alli si evne til å linke opp spelet og kombinere nære motstandar sin 16-meter er på eit høgt nivå, og han har kreativitet nok til å opne opp eit forsvar frå mellomromet. 

Smarte og godt tima løp i bakrom i forsvarsspelarane sine blindsoner har alltid vore eit særpreg i Alli sin spelestil, og det noverande Spurs-laget treng meir gjennombrotskraft i ellevaren enn nokon gong. Forutan Harry Kane sine pasningar i bakrom til Heung-Min Son, er det svært få andre ruter i bakrom for Spurs – men det kan Alli gjere noko med. Sjølv om han tidlegare har likt å starte løpa sine ute til venstre, verkar Alli såpass fotballsmart at han, etter mi meining, enten kan starte løpa sine litt ute til høgre eller gå direkte inn i romet Kane opnar opp når han kjem djupt i bana for å vere playmaker. Om Alli og Son klarer å finne ein måte å ikkje springe inn i kvarandre på, der dei angriper bakromet frå forskjellige sider, kan dette Spurs-laget løfte seg til eit nytt nivå. Son har også vist at han kan starte ute til høgre, som ein såg då han sprang gjennom frå høgre og innover i bana for å sende Spurs i leiinga mot Manchester City tidlegare denne sesongen. Uansett; Alli si gjennombrotskraft og løp i bakrom vil gjere Spurs vanskelegare å handtere. Får vi sjå ei langpasning frå Alderweireld finne Alli i bakrom, som så mange gongar før?

Dele Alli kjem også til å tilføre dette Spurs-laget luftstyrke og meir tyngde i innleggssituasjonar. Når ein skal styre kampen mot dårlegare motstand, kjem ein ofte til mange innlegg og dødballar. Då er det greitt å ha spelarar som kan gjere nytte av innlegga, og det har Alli tidlegare vist at han er kapabel til å gjere. 9 av dei 50 måla han har scora i Premier League, har blitt scora med pannebrasken. Med innleggsføter som Sergio Reguilón og Heung-Min Son i stallen, kan Alli si høgde, timing og smarte bevegelsar vere til nytte for å score mål – spesielt mot lågtliggande lag. 

Alli sine evner i presset må også nemnast som ein nøkkelfaktor for at han bør inkorporerast tilbake i lagoppstillinga. Under Pochettino var han ein svært viktig del av eit ekstremt godt press, og han viste også førre sesong at han er effektiv i presset. Sjølv om han tidvis kan sjå uinteressert ut med kroppsspråket sitt, seier tala at han er svært villig til å legge ned det harde arbeidet defensivt. Førre sesong leverte han 1,4 taklingar per kamp i Premier League, noko som er meir enn det Giovani Lo Celso (1,2), Steven Bergwijn (0,8), Heung-Min Son (0,7), Lucas Moura (0,6) og Erik Lamela (0,6) har levert i ligaen denne sesongen. I 4-5-tapet for Everton i FA Cupen stod Spurs litt høgare i bana og om Mourinho held fram med på same vis, vil det vere enda større grunn til å bringe Alli inn i lagoppstillinga. 

Opp til deg, Mr. Mourinho

Det finst sjølvsagt motargument mot at Dele Alli skal få meir speletid enn det han har fått hittil. Utifrå dette innlegget, verkar det som om det berre finst grunnar for at han må inn i startellevaren igjen, men det er naturlegvis ikkje tilfellet. Personleg hadde eg likt å sjå han tilbake i laget, men ein kan gjere ei sak for at kontringsfotballen Spurs har spelt denne sesongen, ikkje passar Alli spesielt godt. 24-åringen er ikkje spesielt god over store distansar på bana og kan vere med på å hemme kontringane. Ein har også sett at han kan vere litt for laus og usikker i kombinasjonsspelet når han kjem (for) djupt i bana, som då ballmissen hans førte til at Stoke utlikna i ligacupen og at han vart bytta ut av ein illsint Mourinho like etterpå. 

Det er umogleg å vite kva som har skjedd "bak sceneteppet" som har gjort at Mourinho ikkje har gitt Dele Alli speletid denne sesongen. Det kan godt hende Spurs-trenaren har gode grunnar for å halde Alli ute av lagoppstillinga, men utifrå det ein veit og det ein har sett frå Alli tidlegare, gir det lite meining at han ikkje har fått meir speletid denne sesongen. Dette laget treng ein spelar som kan gjere 10ar-posisjonen til sin eigen etter at Ndombele vart flytta djupare i bana, og Alli vil gjere laget meir uføreseielege. Mot dårlegare motstand der Spurs skal styre kampane, som laget tidvis har slite med denne sesongen, vil han vere til ekstra stor nytte. Relasjonane hans med Heung-Min Son og Harry Kane, som han har spelt saman med sidan han kom til klubben i 2015, er også positivt. Alli er ein spelartype som er god til å frigjere rom for medspelarar, og det kunne Son og Kane trengt. 

Sjølv om han kanskje forsterkar dette laget mest mot dårlegare motstand, er han også kapabel til å gjere det heilt store i dei aller største kampane også. Spurs-fansen gløymer neppe dei to headingane mot Chelsea på White Hart Lane i 16/17-sesongen, dei to scoringane mot Real Madrid på Wembley i 17/18, og flikken vidare til Lucas Moura mot Ajax som sende Spurs til Champions League-finalen i 18/19. Alli har x-faktoren, er uføreseieleg nok, er "homegrown" og har evnene til å levere i storkampane, i tillegg til å dominere mot dårlegare motstand. 

Mourinho bør, etter mi meining, prøve å få Dele Alli i kampform til å vere ein fast del av førsteellevaren.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Kva lærte vi av Liverpool - Tottenham?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?