Analyse: Kva er løysinga på Contes taktiske utfordring?

Tottenhams poengfangst har vore tilfredsstillande så langt, men Antonio Contes Spurs har tidvis slitt mot ein spesifikk type motstandar i sesongopninga. Korleis bør Conte løyse ei av hans store taktiske utfordringar? Det skal eg forsøke å svare på i mi første taktiske spalte for Tottenhamsupporteren.

Bilde: Tottenham Hotspur

I skrivande stund står Tottenham med 17 poeng og ligg på 3. plass i Premier League. Ein må kunne seie at resultata har vore gode for Antonio Conte og co. så langt. Laget har berre tapt ein av sine første åtte kampar og ser rimeleg solide ut. Men: Alt har heller ikkje gått på skinner i sesongopninga. Mot West Ham sleit Spurs for eksempel med å bryte ned eit lågtliggande lag, der ein ikkje fekk bruke kontringsstyrken sin i like stor grad som i andre kampar, og ein tok berre eitt poeng trass i at moglegheita for å ta tre så definitivt var til stades. I helga som var kom sesongens første tap då Arsenal sigra 3-1 i Nord-London-derbyet.

Trøbbel mot spesifikt oppsett

Men la oss gå tilbake i tid, forbi tapet for Arsenal: Sjølv om det vart sigrar mot både Nottingham Forest, Wolverhampton, Leicester, og eit uvant poeng borte mot Chelsea, sleit Tottenham tidvis i alle dei kampane. Fellesnemnaren for dei fire motstandarane: Dei spelte med ei trebackslinje og lukkast med å skape overtal sentralt på midtbana. Mot Nottingham Forest klarte ein aldri å dominere kampen skikkeleg, men angrepsrekka fekk bra med rom å boltre seg i på kontringar, noko som gjorde at det vart ein rimeleg klar siger til slutt. Wolverhampton og Leicester var derimot det klart beste laget i førsteomgangen på Tottenham Hotspur Stadium, medan Chelsea stort sett dominerte oppgjeret på Stamford Bridge. 

Det desse laga gjorde bra, var å matche Tottenhams formasjon med tre midtstopparar og vingbackar, samtidig som dei klarte å skaffe overtaket sentralt i bana. Chelsea løyste det med ein hybrid mellom ein 3-4-3- og ein 4-3-3-formasjon der Ruben Loftus-Cheek, som i utgangspunktet starta som høgre-vingback, trakk innover i bana når Chelsea hadde ballen. Dette skapte ein tre-mot-to-situasjon der Pierre-Emile Højbjerg og Rodrigo Bentancur vart overmanna og spelt rundt. Når Mason Mount i tillegg droppa djupt frå sin angrepsposisjon, vart det tidvis fire-mot-to på midtbana. 

Wolverhampton starta med trioen Joao Moutinho, Ruben Neves og Matheus Nunes mot Tottenham. Trioen viste verkeleg kva dei var gode for dei første 45 minutta, og styrte stort sett det som skjedde på den strøkne grasmatta i Nord-London. Nottingham Forest skapte ikkje dei store sjansane mot Tottenham, men hadde mest ball og om det nyleg samansette laget hadde hatt litt meir kjemi, trur eg dei hadde skapt fleire, større og totalt sett betre sjansar – og sannsynligvis scora mål.

Leicester starta med Wilfred Ndidi, Youri Tielemans, Kiernan Dewsbury-Hall og James Maddison som alle bytta på å skape tre-mot-to-situasjonar sentralt på midtbana mot Tottenham. Antonio Contes lag hadde problem med å handtere Leicester i førsteomgangen av oppgjeret, men løyste problemet på godt vis, som vi skal kome tilbake til seinare.

Arsenal starta ikkje med ei trebackslinje i Nord-London-derbyet nyleg, men skapte overtal sentralt i bana. Venstreback Oleksandr Zinchenko trakk innover i bana for å dominere den sona saman med Arsenals tre midtbanespelarar, noko som skapte trøbbel for Antonio Contes mannskap.

Treng Spurs å kontrollere kampane?

Men så kan ein spørje seg: Treng dette Spurs-laget å kontrollere kampane? Er det så farleg om motstandaren dominerer den sentrale midtbana og har ballen mest? Gode spørsmål. I oppgjeret mot West Ham hadde Contes mannskap 62 % ballinnehav, den største andelen dei har hatt i løpet av dei fem første kampane. Samtidig var det den kampen dei har hatt lågast xGoals så langt denne sesongen, med 0.63 forventa scoringar. 

Mot Chelsea hadde ein berre ballen i 36 % av tida, men ein skapte likevel meir enn mot West Ham (1.01 xGoals). Arsenal hadde ballen i 65 % av laurdagens oppgjer og kontrollerte store delar av kampen, men fram til det raude kortet hadde dei berre 0.35 høgare xGoals enn Tottenham (1.83 vs 1.48 xGoals).

Tottenham er på sitt aller beste når motstandar står høgt og ein får kontre med Dejan Kulusevski, Heung-Min Son og Harry Kane. Det er det liten tvil om. Kampbildet som passar dette Tottenham-laget best er nok ikkje oppgjer der dei har ballen 2/3 av tida.

Samtidig kunne den tidvis manglande kontrollen i kampane mot Chelsea, Wolverhampton, Leicester og Nottingham Forest fått større konsekvensar for dette Tottenham-laget. Mot Arsenal fekk det faktiske konsekvensar, sjølv om ein såg ut til å vere med i kampen før Emerson Royal vart utvist. 

Det vil med andre ord vere fordelaktig dersom dette Tottenham-laget også kan meistre det å styre kampar og klare å ta kontroll over kampar mot motstandarar med dette spesifikke oppsettet, som har skapt trøbbel for Spurs innleiingsvis i årets sesong.

Men tilbake til spørsmålet: Korleis skal Antonio Conte faktisk løyse denne taktiske utfordringa?

Løysing 1: Halde fram på same vis

Ei av løysingane er å berre halde fram på same vis med 3-4-3-formasjonen og den same tilnærminga til kampane, og satse på at ting går fint. Dette laget har vore gjennom ein svært hard pre-season i sommar, og eg tvilar sterkt på at spelarane har nådd sin fysiske topp allereie no. Ein har sutte igjen med eit inntrykk av at dette Tottenham-laget har ein god del meir å gå på spelemessig, og at det kjem til å kome etter kvart som dei får sommaren ut av beina og haustar fruktene etter alt det harde arbeidet som vart lagt ned i vekene før sesongstart.

I tillegg har ikkje Conte fått moglegheita til å stille med sin føretrekte førsteellevar i alle kampane. Davinson Sanchez har starta til høgre i midtforsvaret i tre kampar på rad, og er ei tydeleg nedgradering på Cristian Romero, spesielt med ballen i beina. Ein skadefri tropp og nysigneringar som er hundre prosent inkorporerte i laget vil gjere ein stor forskjell, og vil potensielt kunne meistre å spele mot dette spesifikke systemet på ein god nok måte.

Samtidig vil det vere naivt å stole på at den føretrekte startellevaren konstant skal vere skadefri, og eg synst Conte bør ha nokre ess i ermet klare dersom ein møter ein slik motstandar igjen.

Løysing 2: Bruke ein 3-5-2-formasjon

Ei anna løysing er å stille opp i ein 3-5-2-formasjon. Det har faktisk Conte gjort i Tottenham eit par gongar allereie. Etter at Dejan Kulusevski og Rodrigo Bentancur blei signert, har italienaren omtrent ikkje nytta seg av formasjonen.

Det synst eg eigentleg er litt synd, for den har faktisk fungert heilt strålande. Mot Liverpool på heimebane førre sesong stilte Spurs i ein 3-5-2 med Tanguy Ndombele, Harry Winks og Dele Alli på midtbana. Greitt nok at dei spelte mot Tyler Morton og James Milner, men ein skapte svært bra med sjansar (2.80 xGoals) i den kampen og lukkast med å dominerte sentralt i bana.

Det same klarte ein mot Leicester på King Power Stadium. Der starta Harry Winks saman med Pierre-Emile Højbjerg og Oliver Skipp – og nok ein gong leverte laget ein kamp der dei klarte å skape mange gode sjansar, noko som resulterte i heile 4.25 xGoals. Ein stilte ikkje med spesielt kreative spelarar, men systemet og formasjonen fungerte som kreativiteten.

I 6-2-sigeren over Leicester for eit par veker sidan gjorde 3-5-2-varianten comeback. Yves Bissouma vart bytta inn for Dejan Kulusevski i det 70. minuttet, og formasjonsendringa utgjorde ein markant forskjell. Før byttet leia Spurs berre med eitt mål og sigeren vart langt i frå sikker. Heung-Min Son sikra tre poeng med tre kjappe mål, samtidig som 3-5-2-formasjonen gjorde at Leicester ikkje klarte å skape overtal sentralt lenger. Contes lag vart mykje meir solide defensivt, samtidig som det verka å gi Son meir rom å operere i samanlikna med 3-4-3-formasjonen.

Tottenham i 3-5-2 mot Leicester. Bilde: BuildLineUp

Med Dejan Kulusevski, som har herja i høgrekant-rolla etter januarovergangen, er ein sett opp for å spele med ein fronttrio – og den har fungert svært bra i omtrent alle kampar. Men 3-5-2-formasjonen fungerte strålande førre sesong, og vil forhindre motstandarlaget i å skape overtal på midtbana og dominere dei sentrale områda. 

Med tre sentrale midtbanespelarar får vingbackane mindre defensivt ansvar. Om Kulusevski kan meistre ei offensiv vingback-rolle, kan ein ikkje berre fikse ein posisjon som har vore eit aldri så lite problem under Conte, men samtidig spele i ein 3-5-2.

Dagen før Nord-London-derbyet vart Antonio Conte spurt av Football.London om det kunne vere aktuelt å bruke 3-5-2-formasjonen mot Arsenal. Slik svarte han, oversett til nynorsk:

– Det kan definitivt vere eit godt alternativ, for vi har midtbanespelarar som kan spele som ein trear. Då Bissouma kom in mot Leicester spelte han bra og samarbeidde godt med Pierre og Bentancur. Det kan vere ei moglegheit, ikkje berre for morgondagen, men for framtida om vi treng å kvile andre spelarar, spesielt når ein har ein type situasjon som med Kulusevski som har eit problem.

Hadde Tottenham hatt større kontroll over oppgjeret mot Arsenal om dei hadde brukt ein 3-5-2-formasjonen? Eg trur kanskje det, og det verkar som om Conte vurderte å bruke den. 

3-5-2-varianten er ei løysing Conte definitivt bør ha i verktøykassa klar til å brukast dersom ein fryktar at motstandarens midtbane skal kontrollere kampen fullstendig, men det er også ein formasjon han bør vurdere å bruke permanent. Så lovande har dei få opptredenane i formasjonen vore.

Løysing 3: Spele med 4-2-4

Den tredje og siste løysinga eg skal lansere i dette innlegget, er løysinga Conte sjølv brukte mot Thomas Tuchels Chelsea på Stamford Bridge for nokre veker sidan. Spurs sleit mot Tuchels hybridsystem, men ting tok seg kraftig opp då Richarlison kom inn for vingback Ryan Sessegnon etter ein knapp times tid. Brasilianaren gjekk inn på topp saman med Kane og laget skifta frå 3-4-3 til 4-2-4.

Tottenham i 4-2-4 mot Chelsea. Bilde: BuildLineup

Det gjorde at Chelseas forsvarar, som var svært godt førebudd på 3-4-3-formasjonen, ikkje heilt visste kven dei skulle markere. Den ekstra spelaren i angrepsleddet forvirra dei, noko som resulterte i at Harry Kane blant anna kom åleine med keeper. Tottenham løfta seg mange hakk etter den taktiske endringa, og scora utlikningsmålet omtrent ti minutt etter byttet. Sjølve målet var ikkje nødvendigvis eit direkte resultat av at Conte bytta til 4-2-4, men at Spurs klarte å spele seg inn i kampen og presse Chelsea bakover, og deretter skape sjansen som førte til målet, det skal formasjonsendringa ha kudos for.

Antonio Conte kommenterte på bruken av 4-2-4-formasjonen til The Athletic i august:

– Vi jobbar også med det taktiske aspektet, for sesongen kjem til å vere lang og det er mange kampar der vi også må spele med fire angriparar. (...) Vi er nøydde å prøve å bli betre, for å spele med fire angriparar i løpet av kampen, og starte med det i nokre kampar.

Dette viser at Conte ser på 4-2-4-varianten som eit alternativ til å endre på kampbildet og gi motstandarlaget litt andre og nye ting å tenkje på. Formasjonen gir ein heilt tydeleg gevinst offensivt, men ein mistar tryggleik defensivt, noko som vart tydeleg då Chelsea tok leiinga igjen litt seinare i kampen. Reece James fekk enorme mengder rom å boltre seg i langs høgresida, og 4-2-4-formasjonen gjorde at han fekk gjere nesten det han ville ute til høgre.

4-2-4 har altså sine problem, men den var heilt avgjerande for at Tottenham skulle kome tilbake i oppgjeret på Stamford Bridge. Med litt meir øving i formasjonen, kan det bli Contes plan b dersom den sedvanlege 3-4-3-formasjonen ikkje gjer jobben.

Skal Conte og Spurs ikkje berre klare seg mot, men overvinne motstandarar med trebackslinjer og tremannsmidtbaner, trur eg dei er nøydd å gjere nokre små formasjonsendringar for å få kampen inn i sitt spor. 3-5-2- og 4-2-4-variantane kan vere italienarens taktiske svar på problemstillinga.

Kjelder: The Athletic, Understat og FotMob.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Kva lærte vi av Liverpool - Tottenham?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?