Tottenham - Chelsea oppsummert i 12 punkt

Tottenham - Chelsea oppsummert i 13 punkt

Laurdag kveld var det duka for lokaloppgjer mellom to bitre rivalar. Nord mot vest, kvit mot blå, og hane mot løver. Tottenham kom flygande ut frå startblokkene, skaffa seg ei tomålsleiing og såg seg aldri tilbake. Her er 13 punkt som må nemnast frå toppoppgjeret:

1. Moussa Sissoko

"Wake me up before you go go, who needs Bale when you've got Sissoko?" vart originalt laga som ein humoristisk supportarsong, men den siste månaden har franskmannen levert prestasjonar på eit mykje høgare nivå enn tidlegare. Det er ikkje mange likskapar mellom han og Gareth Bale mens vi først er innom walisaren, men det kan sjå ut som om Sissoko er i ferd med å gjennomgå ein liknande transformasjon i Tottenham. Begge vart kjøpt inn i ei bestemt rolle og floppa. No har Sissoko, som Bale vart, blitt spelt i ei ny rolle og det ser ut som om han har fått ein ny vår. Sentralt på midtbana får han utnytte fysikken sin på best mogleg vis og er svært god til å vinne att ballen. Det verkar som om han tek klokare og rettare valg med ballen i beina også, noko som har løfta spelet hans til nye høgder. Mauricio Pochettino har gitt Sissoko mykje skryt medan andre utelukkande har kritisert han, men i det siste har vi fått sjå kvifor Pochettino likar han så godt. I denne kampen var han ein av banens beste. Han var med på å gjere det praktisk talt umogleg for Chelsea-midtbana å kome seg framover utan å flytte ballen ut på flankane, samstundes som han var ein trussel framover i bana. 

2. Jorginho er ikkje ustoppeleg

Den brasilianskfødde italienaren har vore ein av ligaens beste og mest kommanderande spelarar hittil i sesongen. Han har slått pasningsrekordar og har vore vital for Chelseas gode sesongstart. Hadde ikkje Maurizio Sarri fått med seg han frå Napoli, så ville nok ikkje utviklinga ha gått like raskt. Lag som har møtt Chelsea har slite med å finne ut korleis ein skal stoppe Jorginho frå å diktere spelet, men no kan det verke som om lag og trenarar har byrja å finne ut ei metode som fungerer. Den metoden er rett og slett å mannsmarkere han. Førre helg såg vi at Everton fekk det til, der Richarlison og Gylfi Sigurdsson byta på å passe på han. Den kampen enda 0-0 og uavgjort. For Tottenham var det Dele Alli som fekk oppgåva med å passe på midtbanemetronomen, noko han gjorde til punkt og prikke. Som vi alle veit, enda også denne kampen med poengtap for Chelsea. Det ein gjer når ein set eit frimerke på Jorginho er at ein stoppar angrepsspelet ved kjelda, og det har vist seg å vere nøkkelen til suksess mot dei blå frå London. 

3. Tottenham sitt kollektive press var "outstanding"

Det er lenge sidan vi sist såg Tottenham spele så aggresivt og frampå som i gårsdagens kamp. Kvar gong Chelsea spelte ballen framover i bana var det fleire Spurs-spelarar som var heilt oppi ballførar med eingong. Harry Kane, Dele Alli, Christian Eriksen og Heung-Min Son utførte jobben som førsteforsvarar til perfeksjon. Dette var ein kamp der det meste klaffa for Tottenham og det kollektive presset spelte ei stor rolle. Kvar gong Tottenham vann ballen nogenlunde høgt i bana, kontra dei med fart og presisjon mot eit skremt Chelsea-forsvar. Sarri sa følgjande etter kampen: "Mot Tottenham er det svært farleg å miste ballen på eigen banehalvdel, for på korte og kjappe kontringar er dei eit av dei sterkaste laga i Europa. Det vart dermed ei katastrofe etter 20 minutt, og det skulle berre mangle at det stod 2-0." Klarer Tottenham å presse slik mot storlag ved fleire høve, så kan det bli rett så artige kampar å sjå på. Både for Tottenham- og nøytrale fotballfans. 

4. Eden Hazard er enormt viktig

Den vesle belgiaren har hatt ei pangopning på sesongen, og vore ein av ligaens beste spelarar. Men når han ikkje har dagen er det svært lett å sjå kor avhengige Chelsea er av at han er påskrudd. Han har bidrege med 11 målpoeng hittil i sesongen, men mot Tottenham, som han har hatt til vane å score mot, ville det seg ikkje denne gongen. Hadde han berre ein dårleg dag eller var det motstandarane som var såpass gode og som gjorde at han fekk for vanskelege arbeidsforhold? Sannsynlegvis ei blanding. Tottenham klarte å stoppe han i denne kampen, men han blir svært viktig for Chelsea dersom dei skal henge med heilt i toppen. Han har vore linka til Real Madrid ei stund, og dersom han forsvinn vil Chelsea ha eit stort problem med å erstatte han. 

5. Serge Aurier må vere førstevalg framover

Mannen som stoppa Eden Hazard var Serge Aurier. Ivorianaren leverte ein bortimot feilfri kamp og viste kvifor han er Tottenhams beste høgreback. Ja, prestasjonane hans går opp og ned, men det høgrebackkollega Kieran Trippier har prestert i haust har ikkje vore av det gode slaget. Han har vore dårleg defensivt, og har eigentleg kun fått spele p.g.a. den gode høgrefoten og prestasjonane hans i VM i sommar. Trippier vart skada i kampen mot Crystal Palace og Aurier fekk endeleg sjansen til å vise kva han kan. Eden Hazard, som av mange har blitt sagt å vere ligaens beste spelar i år, vart stoppa ganske lett og han leverte nokre innlegg det vart farlege sjansar av. Serge Aurier bør vere førstevalet på høgreback ei god stund framover for Tottenham. 

6. David Luiz og Marcos Alonso er ikkje gode nok defensivt

To av Chelsea sine beste spelarar frå den ligavinnande 2016/2017-sesongen har ikkje fått det heilt til i Sarri sitt 4-backssystem. Med Antonio Conte bak roret spelte Chelsea med ei 3-/5-backslinje der David Luiz hadde to midtstopparar saman for å rydde opp i feila hans, samstundes som Marcos Alonso fekk spele mykje høgare i bana og med mindre defensivt ansvar. Med "Sarri-ball" og eit anna system har eigenskapane deira vorte mindre synlege og svakheitene er meir tilstades. David Luiz laga frisparket som førte til Tottenhams første mål og lot seg finte vekk svært lett av Heung-Min Son på kveldens tredje mål. Tida hans som fast inventar i eit topplag er nok forbi. Alonso er ligaens beste back offensivt, men det har gått utover det defensive. Han etterlét svært mykje bakrom etter seg og er ikkje god i 1-mot-1-situasjonar. Her må Chelsea forsterke om dei skal ha håp om ligatittel i Sarri-systemet i næraste framtid. 

7. Dele Alli likar seg godt i storkampane

22 år gamle Dele Alli frå Milton Keynes har vist seg å ikkje berre vere ein fantastisk spelar, men også å vere ein "big game"-spelar. Sidan han kom til Tottenham frå MK Dons har han scora mål mot Manchester City, Manchester United, Liverpool, Chelsea, Arsenal og ikkje minst Real Madrid. Spesielt mot Chelsea likar han seg godt. Førre sesong scora han to mål mot dei på Stamford Bridge, og sesongen før det igjen scora han to mot dei på White Hart Lane. På denne novemberkvelden viste han kvifor han er så viktig for dette Tottenham-laget. Han spelte langt framme i bana, nesten som ein falsk niar. Bevegelsane hans utan ball er geniaktige og defensivt gjorde han ein av kveldens viktigaste jobbar - nemleg å ta Jorginho ut av kampen. Alli scora, assisterte det tredje målet, og var fysisk, taktisk og teknisk overlegen. Ein praktkamp av den unge engelskmannen. 

8. Playmaker Eriksen og lynving Son i storform

Både Christian Eriksen og Heung-Min Son var tilbake frå start i denne kampen, og det var ikkje vanskeleg å sjå at det spelte ei stor rolle. Eriksen skapte sju sjansar, noko som er det meste av ein spelar i ein enkeltkamp i Premier League denne sesongen. Nestemann på bana skapte tre sjansar, wow, for ein opptreden av dansken. Han leverte to målgivande pasningar og har ei ganske god sak for å verte kåra som banens beste. Dansken har slite med mageskader, men no verkar det som om han er tilbake for fullt. Det kjem Tottenham til å nyte svært godt av.

Ein kan ikkje kome utanom Heung-Min Son etter denne kampen. "Sonaldo", som han har fått som kallenamn, leverte ein strålande kamp. Han spelar på ein rask og direkte måte, og tilfører dette Tottenham-laget noko spesielt, noko praktmålet hans viser. Som kommentator Kasper Wikestad sa: "I kveld er Maradona frå Sør-Korea!". Han samhandlar bevegelsane sine nydeleg med Kane, Alli og Eriksen, og dersom Son kjem i form, veit vi alle nivået han har inne. Sør-koreanaren bruker ofte å levere i bølgjedalar, han er altså enten ute av form eller heilt på topp. 

9. Cesar Azpilicueta sin fantastiske innleggsfot

Spanjolen hadde, i likskap med laget, ikkje ein spesielt god kamp, men han viste at han har ein innleggsfot av rang. I det 85. minutt slo han eit strøkent innlegg som landa på pannebrasken til innbytar Olivier Giroud som stanga den inn. Giroud hadde kome inn for Alvaro Morata som stod i offside omtrent heile kampen, og hadde ein elendig dag på jobben. I fjorårets sesong, spesielt i første halvdel, såg vi at spanjolane Azpilicueta og Morata hadde god kjemi. Azpilicueta fekk plass til å slå eit innlegg på høgresida og Morata posisjonerte seg bra i 16-meteren. Dette vart det scora i alle fall 5 mål på førre sesong. Med Giroud i rekkene, kanskje ligaens beste på hovudet, er dette eit våpen Chelsea verkeleg bør utnytte og melke for det det er verdt. Det er eitt av dei få lyspunkta dei kan ta med seg frå denne kampen. 

10. Juan Foyth er ein uslepen diamant

Den unge argentinaren har hatt ein innhaldsrik månad. I Premier League-debuten laga han to straffer, medan han i neste kamp vart matchvinnar i ein slitesiger. Han fekk vere med landslaget i landslagspausa og fekk med seg ein bestemannspris derfrå. Mot Chelsea var han også involvert "in the action". Han hadde ei Bobby Moore-liknande takling på Eden Hazard tidleg i kampen, noko som fekk supporterane opp på beina og engasjerte. Nokre minutt seinare skulle han nok ha fått idømt eit straffespark imot, men dommaren lot det gå. Litt seinare i den 1. omgangen var han nære på å flikke ballen i mål etter ein retur på ein corner. Tottenham har verkeleg skote gullfuglen angåande talentfulle Foyth, sjølv om han har nokre ting han må forbetre. Avgjersletakinga har til tider vore mistenksam, men den kjem til å forbetre seg med litt alder. I tillegg kan han nok trenge nokre økter i styrkeromet, men han har ei lysande framtid i vente. Han er rask, god til å lese spelet og svært god med ball i beina. Husk namnet Juan Foyth!

11. Kepa Arrizabalaga er ikkje verdsklasse enda

Det er ikkje til å leggje skjul på at nokre av Tottenham sine mål kunne ha blitt avverga ved fleire høve. Forsvaret gjorde ein sløv jobb, samstundes som keeper Kepa Arrizabalaga ikkje hadde sin beste kamp i Chelsea-trøya. Mange meiner at han skulle ha gjort ein betre jobb på Dele Alli si heading, men etter mi meining vert det vanskeleg å klandre han. Ballen kjem utruleg fort og hardt, og det er ekstremt vanskeleg å reagere og hindre ballen frå å gå i mål, sjølv om den går inn rett ved sidan av han. På Harry Kane sitt skot derimot må han ta litt meir skuld, sidan skotet ikkje er spesielt godt og er frå ganske langt hald. Han står planta på feil fot og gjer det vanskeleg for seg sjølv å redde ballen. Kepa har hatt ein god sesong og har vist at han har kvalitetar og potensiale til å bli verkeleg god, men han er ikkje oppe på verdsklassenivå heilt enda. 

12. Tottenham spelte endeleg god fotball

Tottenham har blitt kritiserte, med rette, for å ikkje spele spesielt god fotball denne sesongen. Sjølv om spelet ikkje har hatt ønska flyt for Pochettino & co, har poengfangsten vore svært god. Visst dei då i tillegg kan kome inn i ei rytme der dei spelar god fotball, slik som i denne kampen, så kan dei verkeleg utrette ting. Spurs har slite med mange skader denne sesongen, og ein kan sjå tilbake på VM som ei utløysande årsak for dette. Dei var nemleg det laget med flest spelarar i semifinalane og finalane, noko som kan forklare skadene. Det er svært lenge sidan Christian Eriksen, Dele Alli og Harry Kane har fått spele i lag, og samarbeidet dei imellom er strålande. Det lovar godt for Tottenham at ein så bra spelemessig prestasjon kom på dette tidspunktet av sesongen. 

Var dette sesongdefinerande?

Fleire sa før kampen at dette fort kunne vere ein sesongdefinerande kamp. Den som gjekk sigrande ut kunne sjå oppover på tabellen og jage dei framfor, medan taparen måtte sjå seg bakover og kjempe for ein topp 4-plass. Etter mi meining kan kampen ha ei sesongdefinarende effekt, men isolert sett og poengmessig er den ikkje det. Sesongen er lang, men kampen kan ha leia laga på forskjellige stiar for resten av sesongen. Tottenham kan "pushe" vidare, og spele med ei glød og tru på å vere med i kampen om ligatittelen, medan det kan ha motsatt effekt på Chelsea. Det er ikkje sikkert det slår ut slik, men det kan gjere det. Tottenham-supporterar som tek av og lettar frå bakken må hugse at det berre var ein kamp, medan Chelsea-supporterane må kome seg vidare og tenkje at det alltids kjem ein kamp til. 

Kommentarer

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?

Kva lærte vi av Sheffield United 3-1 Tottenham?