Innlegg

Korleis passar Sergio Reguilón inn i Tottenham?

Bilde
Fleire pålitelege kjelder melder at Tottenham har henta Sergio Reguilón og at det berre er eit tidsspørsmål før han blir presentert i den liljekvite trøya. Den spanske venstrebacken kjem frå ein svært god sesong i Sevilla og vil tilføre laget frå Nord-London mykje kvalitet – men må José Mourinho endre systemet sitt for å spele til 23-åringen sine styrker? Det skal ein ikkje sjå vekk frå... Bilde: Daily Mail Offensiv og uredd i spelestilen Sergio Reguilón er ein vaskekte Real Madrid-gut og har gått gradene i klubben sitt akademi frå han var åtte år gamal. I 2018/19-sesongen fekk han sitt gjennombrot då han tok plassen til Marcelo i ei rekkje kampar. Zinedine Zidane var ikkje like entusiastisk som Santiago Solari, og førre sesong tok venstrebacken turen til Andalucia for å spele for Sevilla på lån. Han vart straks ei viktig brikke i Julen Lopetegui sitt mannskap og bidrog sterkt til at klubben tok sin fjerde Europa League-tittel på seks år. Reguilón passar på overflata fint inn i stereot...

Jan Vertonghen - ei moderne Tottenham-legende

Bilde
33-åringen kom inn portane på det gamle treningssenteret til klubben sommaren 2012 og har sidan då verkeleg vore med på ei reise i ein klubb som har sett stor utvikling. Åtte år etter overgangen frå Ajax, forlèt Vertonghen no Tottenham som ei ekte legende. Bilde: Reddit I løpet av sine ni år i Ajax, klarte belgiske Jan Vertonghen å bli kåra til årets spelar i Nederland i 2012, i tillegg til å plukke med seg to ligameisterskap og to cupgull. Dette gjorde at den teknisk skulerte midtstopparen tiltrekte seg merksemd frå fleire europeiske storklubbar, og det var Tottenham og nyleg tilsette André Villas-Boas som trekte det lengste strået i kampen om den då 25 år gamle Ajax-spelaren.   Vertonghen fekk ein svært bra start på livet i Nord-London og passa godt inn i Villas-Boas sin filosofi som baserte seg mykje på å halde ballen i laget. Han starta ikkje 2012/2013-sesongens første Premier League-kamp, som enda i eit 2-1-tap for Newcastle på bortebane, men allereie i serierunde nummer to fe...

Kva lærte vi av Sheffield United 3-1 Tottenham?

Bilde
Torsdag kveld møttest var det duka for kamp mellom Sheffield United og Tottenham, og begge lag måtte vinne for å i det heile tatt ha eit lite håp om Champions League-spel neste sesong. "The Blades" imponerte og slo eit tafatt Spurs 3-1, og det var nok av ting å ta tak i etter kampen.  Bilde: St. Louis Post-Dispatch Handsregelen - den største farsen i nyare fotballtid? Eg brukar vanlegvis ikkje å kommentere på dommaravgjersler, hands og VAR, ettersom eg helst vil at fokuset skal vere på det taktiske aspektet ved fotballkampar, korleis kampen utvikla seg og kvifor den enda som den gjorde - men i gårsdagens oppgjer mellom Sheffield United og Tottenham nådde kombinasjonen av den udugelege handsregelen og VAR eit nytt botnpunkt i det som allereie har vore ein introduksjonssesong av det verste slaget. Tottenham trudde at dei hadde skapt balanse i rekneskapen like etter Sander Berge si 1-0-scoring då Harry Kane sette ballen i mål med venstrefoten, men VAR ville det an...

Det kunne vore så mykje meir for Victor Wanyama

Bilde
28-åringen leverte ein fantastisk debutsesong etter å ha kome frå Southampton til Tottenham i 2016, men ei kneskade gjorde at det etter kvart gjekk nedover for den kenyanske landslagskapteinen, og i mars melde han overgang til Montreal Impact. Bilde: Ninety Minutes Online I 2011 gjekk Wanyama frå belgiske Beerschot AC til skotske Celtic, og kenyanaren vart kjapt ein viktig del av «The Bhoys». Han imponerte stort i laget som vann ligaen dei to sesongane han oppheldt seg i Skottland, og høgdepunktet kom då Celtic klarte å slå giganten Barcelona i gruppespelet av Champions League i november 2012. Wanyama scora heimelagets første mål i ein historisk 2-1-siger, der Celtic hadde ballen 16,4 % av tida. Wanyama leverte heile 13 mål og 9 målgivande pasningar på 91 kampar i Glasgow, og Southampton og trenar Mauricio Pochettino fekk opp auga for den defensive midtbanespelaren. Han fann fort sin plass i laget på sørkysten av England, og bidrog mykje til Southamptons sterke prestasjo...

Preview: Borussia Dortmund - Bayern München

Bilde
Tysdag kveld er det klart for ein kamp som fort kan verte heilt avgjerande for korleis 2019/20-sesongen i Bundesliga endar. Dersom Borussia Dortmund går sigrande ut på Signal Iduna Park, tettar dei luka opp til 1. plassen til eitt poeng. Klarer Bayern München å ta sigeren, skaffar dei seg ei luke på sju poeng ned til 2. plassen og sikrar på lang veg nok ein ligatittel. Kva og kven må du halde eit auge med under dette oppgjeret? Og kven går sigrande ut? Bilde: 90 min Korleis blir lagoppstillingane? Då laga møttest i november, vann Bayern München soleklart i ein 4-0-siger på Allianz Arena, og i den kampen stilte Lucien Favre laget sitt opp i ein 4-2-3-1-formasjon. Etter at "Die Schwarzgelben" la om til ein 3-4-3-formasjon, har dei blitt meir solide defensivt samtidig som dei får meir ut av spelarane sine offensivt, eksemplifisert av vingbackane Achraf Hakimi og Raphael Guerreiro.  Mats Hummels måtte ut med ei skade i pausen mot Wolfsburg laurdag ettermiddag, og...

Dei 3 mest spennande talenta i fotballverda

Bilde
Det er lite som er meir spennande og interessant enn unge og lovande fotballspelarar. Borussia Dortmund er for eksempel eit av dei artigaste laga å følgje med på i fotball-Europa, mykje på grunn av spelarar som Jadon Sancho og Erling Braut Håland. Dei er begge fødde i 2000, men i dette innlegget skal eg prøve å kåre dei tre mest spennande talenta i fotballverda som er fødde i 2002 eller seinare. Det er sjølvsagt svært vanskeleg, faktisk umogleg, å seie kven som kjem til å bli best til slutt, men desse tre spelarane er etter mi meining dei mest spennande.  3. Jude Bellingham Bilde: Goal Lag: Birmingham City Fødselsdato: 29.06.2003 Posisjon: Sentral midtbane Lista startar med ein spelar som faktisk er fødd seinare enn 2002, nemleg 16 år gamle Jude Bellingham. Før denne sesongen var det svært få som hadde hørt om han utanfor "The Midlands", men han er no, ni månadar etter a-lagsdebuten hans, å rekne som eit av fotballverdas aller største talent. Då han starta bor...

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?

Bilde
I 2017 var Harry Kane verdas beste spiss, men frå og med 2018/19-sesongen har Tottenham-talismanen sine tal hatt ei nedgåande kurve, og denne sesongen er det ti spelarar som har scora fleire mål enn han i Premier League. Kva har skjedd? Er det skadane som har mest skuld? Eller har laget rundt han blitt såpass mykje dårlegare, og må ta det største ansvaret? Foto: Sporting Life Verdas beste spiss i 2017 Harry Kane slo for alvor gjennom i Premier League seint i 2014, og scora sitt første Premier League-mål i Pochettino-æraen då han avgjorde på overtid borte mot Aston Villa. Han enda 2014/15-sesongen med heile 21 mål, noko som er ekstremt imponerande ettersom hans første mål kom såpass seint i sesongen. Neste sesong, 2015/16, vart han toppscorar i Premier League med botnsolide 25 mål, rett framfor Sergio Agüero og Jamie Vardy på 24 mål. Men det var litt ut i 2016/17-sesongen at Kane verkeleg skulle nå det som har vore hans høgste nivå hittil i karrieren. Den sesongen scora h...