Innlegg

Preview: Tottenham - Liverpool

Bilde
Preview: Tottenham - Liverpool Laurdag 1. juni kl. 21.00 er det klart for årets største fotballkamp, og for Tottenham den største kampen i klubbens historie. Dei "liljekvite" frå Nord-London har aldri vore i ei finale i den største klubbturneringa av dei alle, medan Liverpool har sjansen til å revansjere fjorårets tap mot Real Madrid og sikre sitt 6. Champions League-trofé. Men korleis kom laga seg til denne finalen? Kjelde: Golfarmagh.co.uk Comeback kings Jo, begge lag utøvde det mange vil kalle mirakel for å kome seg til denne finalen. Liverpool med Anfield i ryggen tok igjen Barcelona si 3-0-leiing frå den første kampen, og vann 4-0 heime mot katalanarane på ekstremt imponerande vis. Tottenham låg i pausen på Johan Cruyff Arena under 3-0 samanlagt, men eit hat-trick av Lucas Moura, der det siste målet kom heilt på slutten av overtida, gjorde at Tottenham gjekk vidare til finalen på Wanda Metropolitano i Madrid. Trenarane Jürgen Klopp og Mauricio Pochettino...

Korleis presterte "topp 6" i Premier League-sesongen 2018/19?

Bilde
Korleis presterte "topp 6" i Premier League-sesongen 2018/19? Premier League 2018/19 leverte det beste tittelracet (med tanke på kvalitet) vi nokon gong har sett, og det var til slutt berre eitt poeng som skilde Manchester City og Liverpool, i favør dei førstnemnde. Medan tittelracet var av høg klasse, kan ikkje det same seiast om kampen for Champions League-spel neste år. Chelsea, Tottenham, Arsenal og Manchester United leverte samla 3 sigrar på dei 20 siste kampane (kvart lag sine fem kampar lagt saman), noko som vitnar meir om ein nedrykksbatalje enn noko anna. I den raude delen av Manchester hamna Ole Gunnar Solskjær i sjefsstolen, og det såg lenge ut som ein dans på raude rosar, men det har etter kvart gått tråare for "the babyfaced assassin". 1. Manchester City: 100 poeng førre sesong. Dei kunne umogleg levere like bra denne sesongen, men Pep Guardiola og Manchester City viste kvifor dei er tidenes beste Premier League-lag. Å levere 100 poeng ein sesong ...

Kva lærte vi av Tottenhams avansement til semifinalen i Champions League?

Bilde
Son, Llorente og VAR - Tottenham er vidare til semifinalen i Champions League! Då Tottenham trakk Manchester City i Champions League-kvartfinalen skreiv Kyle Walker "This will be fun" på Twitter, og jammen fekk han rett. Etter eit drama ikkje eingong William Shakespeare kunne ha skrive, gjekk Tottenham vidare til semifinale i verdas gjevaste klubbfotball-konkurranse. La oss sjå på nokre av punkta ein kunne notere seg frå gårsdagens elleville kamp.  Kjelde: BBC So close, yet so VAR away for Manchester City. VAR (Video Assistant Referee) vart denne sesongen innført i utslagsrundene av Champions League, noko som har fått stor innverknad på kva veg kampane har bikka. Sjølv likar eg mest å prate om sjølve fotballen, taktikkane og spelet, men etter ein slik kamp må VAR diskuterast. Manchester City hadde gått vidare til semifinalen dersom det ikkje hadde vore for denne teknologiske nyvinninga, sidan Sergio Aguero var i offside då han fekk ballen frå ein touch av Bernardo ...

Kva lærte vi av Manchester United - Barcelona?

Bilde
Kva lærte vi av Manchester United - Barcelona? Det var ein tett og jamn kamp mellom to av verdas største klubbar onsdag kveld, men ein augneblinks brillianse var nok til å gjere at bortelaget Barcelona gjekk sigrande ut av det første kvartfinale-oppgjeret. Men kva lærte vi så av kampen? Det skal vi sjå litt på no. Kjelde: 90min Manchester United: Dårleg backspel, men bra sentral midtbane Banens verste i går kan nok dei fleste seie seg einige i; nemleg Ashley Young. Engelskmannen slo gjennom som ein rapp kantspelar, men har i dei siste åra vorte flytta ned som back eller vingback på begge sidene. Han har gjort ein nokså bra jobb lenge, men det har etter kvart vorte tydeleg at 33-åringen byrjar å drage på åra. Sjølv om "Dei raude djevlane" klarte å halde Barcelona-angrepet overraskande stille, så sleit Young når han fekk ballen høgt i bana. Han kom til mange innleggsmoglegheiter, heile 11 forsøk faktisk, og trefte ikkje medspelar på eit einaste forsøk! Som eit re...

Kva lærte vi av Liverpool - Tottenham?

Bilde
Kva lærte vi av Liverpool - Tottenham? Liverpool tok søndag ettermiddag imot Tottenham til ein svært viktig kamp i Premier League. Heimelaget kjempar om ligatittelen, medan Tottenham har, etter ei dårleg rekke med resultat, blitt drege med i kampen om Champions League-plassane. Det såg ut til å ebbe ut i poengdeling, men heilt på tampen kløna Tottenham-keeper Hugo Lloris det til og ballen fann vegen til nettmaskene - sluttresultatet vart dermed 2-1 til Liverpool. Det var mange interessante punkt og hendingar som fann stad i denne toppkampen, og vi skal no kome innom nokre av dei. Kjelde: Evening Standard Marginar og ein fomlete keeper Liverpool si evne til å ha "tur" og å ha marginane på si side har vore heilt utruleg denne sesongen, men det er ikkje slik at flaks berre blir delt ut vilkårleg heile tida. Det er nemleg oftast dei gode laga som har flaks, nettopp fordi dei set seg sjølve i gode posisjonar og legg ned det harde arbeidet som må til for å kunne vippe ka...

Tottenham utklassa Dortmund på Wembley

Bilde
Tottenham utklassa Dortmund på Wembley Eit skadeskote Tottenham mot eit ligaleiande Borussia Dortmund under flomlysa på Wembley. Det var ramma før kampen, og Dortmund vart av folk flest heldt som favorittar til å gå sigrande ut av åttedelsfinalen sin første kamp. Etter 1. omgang kunne det fort sjå ut som om folk flest hadde rett, og at Dortmund kom til å vinne, i alle fall samanlagt, men ein spektakulær 2. omgang frå heimelaget gjorde at dei har ein og ein halv fot i kvartfinalen før kamp nummer to skal spelast. Kvifor endra kampbildet seg så mykje etter pausen? Pochettino viser taktisk forståing på nytt nivå Mauricio Pochettino har tidlegare fått kritikk for å ikkje vere god nok til å gjere endringar og byte undervegs i kampen, men mot Dortmund kan ikkje dette seiast å vere tilfelle. Ved pause flytta han Christian Eriksen djupare i bana, formasjonen vart noko ala 3-5-2 og vingbackane fekk flytte seg høgare i bana og spele meir aggressivt. Denne aggressiviteten resulterte i må...

7 ting vi lærte frå Liverpool - Manchester United

Bilde
7 ting vi lærte frå Liverpool - Manchester United Det tradisjonsrike oppgjeret mellom to raude erkerivalar enda i einvegskøyring og heimesiger. Liverpool og Jürgen Klopp er høgtflygande om dagen, medan Manchester United og José Mourinho har nådd eit nytt botnnivå. Her er 8 ting vi lærte frå Liverpool - Manchester United:  1. Fabinho er i gong Den defensive midtbanespelaren frå Brasil har hatt småtrøbbel med å kome i gang for raudtrøyene frå Merseyside. Hans første kamp frå start i Premier League kom seint i oktober, og i bortekampen mot Arsenal sleit han med tempoet. Det gjord han derimot ikkje i denne kampen. Han leste spelet godt, og hadde mange smarte og gode avskjæringar. Han var dermed svært viktig i å øydeleggje bortelagets rytme. Han viste også fram sine typiske "fiskekrok"-taklingar der han, med sine lange bein, pakka inn ballen med foten. Denne type takling gjer at han vinn ballen, og i tillegg klarer å halde på den. Det var ikkje berre defensivt han bidrog....