Tottenham utklassa Dortmund på Wembley

Tottenham utklassa Dortmund på Wembley


Eit skadeskote Tottenham mot eit ligaleiande Borussia Dortmund under flomlysa på Wembley. Det var ramma før kampen, og Dortmund vart av folk flest heldt som favorittar til å gå sigrande ut av åttedelsfinalen sin første kamp. Etter 1. omgang kunne det fort sjå ut som om folk flest hadde rett, og at Dortmund kom til å vinne, i alle fall samanlagt, men ein spektakulær 2. omgang frå heimelaget gjorde at dei har ein og ein halv fot i kvartfinalen før kamp nummer to skal spelast. Kvifor endra kampbildet seg så mykje etter pausen?

Pochettino viser taktisk forståing på nytt nivå

Mauricio Pochettino har tidlegare fått kritikk for å ikkje vere god nok til å gjere endringar og byte undervegs i kampen, men mot Dortmund kan ikkje dette seiast å vere tilfelle. Ved pause flytta han Christian Eriksen djupare i bana, formasjonen vart noko ala 3-5-2 og vingbackane fekk flytte seg høgare i bana og spele meir aggressivt. Denne aggressiviteten resulterte i mål under to minutt etter kvilen då Vertonghen pressa motstandar til feil, og assisterte Son på brilliant vis. Som om dette taktiske grepet ikkje var nok, så var timinga av innbytet til Llorente også heilt perfekt. Han kom rett inn og avverga Dortmund-innlegg to gongar, og gjekk rett opp og scora Tottenhams tredje mål - alt dette i løpet av dei to første minutta hans på bana. Det skal seiast at Tottenham-spelarane løfta nivået sitt i andre omgang kontra første, men det viser at Pochettino sin kampplan var svært god dersom spelarane leverte på toppnivået sitt. Han la opp til å slå innlegg, noko som må seiast at var ein suksess ettersom alle måla kom etter innlegg (ja, corner tel som innlegg her...). Men uansett, Pochettino har den siste tida vist at han har forbetra evna si til å forandre kampbildet undervegs, og denne kampen vart nok eit bevis på nettopp det. Ein av verdas klart beste managerar.

Super-Jan med monsterkamp

Vi var innom banens beste i førre avsnitt, nemleg Jan Vertonghen. Han vikarierte som vingback på venstresida ettersom Danny Rose og Ben Davies ikkje var klare til å starte kampen, og belgiaren leverte til 10 på børsen! Han spelte i same posisjon mot Newcastle for ikkje så lenge sida, men i denne kampen fekk vi sjå ei side frå Vertonghen som vi ikkje har sett sidan debutsesongen hans. I 2012/13-sesongen leverte han massevis av målpoeng som midtstoppar, men i resten av sesongane har det sagt heilt stopp. Men når han fekk spele litt høgare i bana viste han forbausande offensive kvalitetar. Innlegget hans på 1-0-målet var millimeterpresist og trefte rett på lissa til Son, og som om ikkje det var nok, så kom han på eit sugande løp og ekspederte eit strålande Aurier-innlegg i mål som om han aldri har gjort noko anna. I tillegg til dei offensive bidraga var han stødig bakover og hadde Jadon Sancho i lomma heile andreomgang. Han er svært god på å time taklingar og avskjeringar, og var banens klart beste i denne kampen. Med så stor konkurranse om midtstopparplassane så kan dette vere ei svært god løysing for Pochettino og Tottenham for å få alle til å spele. Super-Jan med ein fantastisk kamp i potensiell ny favorittposisjon!

Bilderesultat for tottenham dortmund
Bilete: The Mirror

Ein uslepen, argentinsk diamant

Frå ein midtstoppar (no vingback) til ein annan, Juan Foyth imponerte stort i denne kampen. Han har ikkje spelt Premier League sidan romjula, men vart kasta inn til ulvane mot Tysklands beste lag under flomlysa på Wembley i Champions League - og likevel klarte han å spele med stoisk ro. Den utrulege sjølvtilliten er på ein måte både hans beste og verste trekk. Trua på seg sjølv gjer at han klarer å spele seg ut eller drible av ein mann med ball i beina, men det gjer også at han kan verte overmodig og gjere feil. Han har ein utruleg god pasningsfot og med eit bra driv, så kjem han seg ut av nesten alle situasjonar. Han kan vere litt uvøren til tider, men potensialet er ikkje vanskeleg å sjå. Han er fabelaktig 1 mot 1 og utruleg taklingssterk. Han kan fort bli ein nøkkelspelar i løpet av få år. Ein diamant i emning!

Sonaldo i storslag

Ein kan ikkje kome utanom Heung-Min Son etter denne kampen. Sørkoreanaren har scora i fire kampar på rad og vore utruleg viktig, spesielt i fråveret av Harry Kane. Han er svært ubehageleg å møte for motstandarane, sidan han lurer seg inn bak forsvaret og strekkjer forsvaret til det andre laget. Vi såg måten han lurte seg bak fyrtårnet Dan-Axel Zagadou på 1-0-målet. Han visste at han ikkje hadde sjans i lufta mot den høgreiste midtstopparen og trakk seg heller vekk frå han. Eit innlegg, rørsle og avslutning i verdsklasse gjorde at det vart mål. Målet gjorde at Son no har 9 mål på 11 kampar mot Dortmund, det meste han har mot noko som helst lag i seniorkarriera si. Det blir spennande å sjå korleis Son kjem til å spele når Kane kjem tilbake i laget. Mest sannsynleg kjem han til å byte på å spele i tospann med engelskmannen eller å trekke litt ut på venstrekanten og skape kaos derfrå. Uansett, så kjem Son til å halde fram med storspelet. Soleklar kandidat til årets Tottenham-spelar.

Eriksen er Tottenhams aller viktigaste spelar

Når Harry Kane er skada, så kan Heung-Min Son kome inn og vere eit adekvat substitutt som gjer jobben ganske bra. Men dersom Christian Eriksen vert skada, så er det ingen som kan erstatte rolla hans i dette Tottenham-laget. Kreativiteten hans er det ingen som er i nærleiken av å inneha, og vi såg i denne kampen nok ein gong kor viktig dansken er. I 1. omgang opererte han ganske høgt i bana, utan suksess. Axel Witsel stengde av omtrent heile området, så endringar måtte til for å får involvert Eriksen i spelet. Pochettino flytta han lenger ned i bana, noko som gav stor avkastning. Han fekk meir ballkontakt og han fekk i større grad diktere spelet og tempoet i kampen. I tillegg til å styre 2. omgang frå den sentrale midtbana, så slo han også sine sedvanlege cornerar på første stolpe. Det er mange som har ergra seg over cornerane til Eriksen, men her funka det svært godt. Han traff det same området kvar gong, og skremmeskotet kom då Alderweireld fekk stange ballen mot mål. Roman Bürki redda den sjansen, men då Fernando Llorente fekk sjansen, så vart det uttelling. Uansett, så er Eriksen Tottenhams vikitgaste spelar. Kane kan erstattast til ei viss grad, det kan ikkje midtbanestrategen frå Middelfart. 

Super sub frå Pamplona sette punktum

Fernando Llorente har av mange blitt slakta for å ikkje vere i nærleiken av god nok til å spele for Tottenham. I mange kampar har han slite fælt, og dei fleste har nok rett i at han ikkje bør starte kampane, men som innbytar er han heilt perfekt å sette innpå når kampen nærmar seg slutten. Å ha spisskompetanse på benken gjer at ein kan endre kampen og vippe den i sin favør, og det er akkurat det ein får med Llorente. Den ekstreme luftstyrken gjer at han ikkje berre bidreg offensivt, men også defensivt. I forkant av målet klarerer og headar han vekk ballen to gongar. Dersom ein vil demme opp på defensive dødballar og samtidig vere ein større trussel på offensive dødballar - set innpå Llorente! Det er akkurat denne type jobb spanjolen vart henta for. Det var fleire som ville ha inn Vincent Janssen igjen, men Llorente er den beste backup-spissen Pochettino har hatt i Tottenham. Kan dette bety at det spanske oppspelspunktet blir verande lengre enn denne sesongen? Han har antyda det sjølv, og det kan vise seg å vere eit lurt trekk.

Eit Tottenham i stadig utvikling

For dei liljekvite frå Nord-London har dette vore ein turbulent sesong utanfor bana. Ingen nye spelarar har vorte signert på over eitt år, den nye stadionen har vorte forsinka ved fleire høve, og ny skaderekord har vore framtredande faktorar utanfor bana, men på bana og poengmessig har Tottenham levert ein utruleg sesong. Sjølv om det ikkje spelemessig alltid har vore bra, så ligg dei fem poeng bak førsteplass i Premier League og har skaffa seg eit svært godt utgangspunkt i åttedelsfinalen i Champions League. Laget held fram med å overgå forventningar, og å slå Dortmund utan to av sine beste spelarar i Kane og Alli, er alt anna enn dårleg. Tottenham har vist utruleg motstandsdyktigheit og effektivitet framfor mål etter det bitre tapet mot Manchester United. Dei klarer å vinne jamne fotballkampar, noko som naturlegvis er ein god og viktig eigenskap. Og med spelarar som blant anna Moussa Sissoko i storform, så ser det lyst ut for Tottenham i tida framover. 

Kommentarer

  1. Veldig bra og innsiktsfullt skrevet, men jeg er ikke enig i at Ali er en av de beste spillerne
    og heller ikke så imponert av Eriksen som du er. Ingen spillere er u-unnværlige, heller ikke Eriksen.
    Kane er Tottenhams viktigste og beste spiller, men laget har klart seg bra hver gang han har vært skadet, som er mitt poeng. Kane har slått drømme-pasninger til Ali, Son og Lucas, som har ført til scoringer, men spesielt Ali og Son gjør nesten aldri det samme mot Kane. De går seg ofte fast
    i stedet for å slå en drømmepasning. Kane er utrolig flink til å holde på ballen og å slå pasningen i rett øyeblikk, før han blir taklet. Derfor har jeg laget en Harry-sang.
    mvh Ove Thue

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?

Kva lærte vi av Sheffield United 3-1 Tottenham?