Innlegg

Kva kjem Steven Bergwijn til å tilføre Tottenham?

Bilde
Dei siste dagane etablerte og eskalerte rykta om at Spurs kom til å hente PSV-spelar Steven Bergwijn, og onsdag føremiddag annonserte Premier League-klubben at 22-åringen kjem til å spele i liljekvitt framover. Men kven er eigentleg Steven Bergwijn og kva type spelar er han? Korleis passar han inn i laget? Og er dette eit godt kjøp av Tottenham? Kjelde: Tottenham Hotspur Har teke nye steg kvar sesong Steven Charles Bergwijn vart fødd og vaks opp i Amsterdam, og var i Ajax sitt akademi fram til 2011. Men som 14-åring, etter ei konflikt med ein av ungdomstrenarane i den tradisjonsrike klubben, valde han å byte ut Ajax med PSV. I Eindhoven vidareutvikla han seg kvart einaste år, og sidan 2013 har han vore fast inventar i Nederland sine diverse landslag. I 2014 vart han kåra til turneringas spelar i U-17-EM, der "Oranje" tapte for England i finalen. I oktober 2018 fekk Bergwijn herrelandslagsdebuten sin, og han har til no spelt ni kampar med flagget på brystet på sen...

Korleis passar Gedson Fernandes inn i Tottenham?

Bilde
Onsdag føremiddag annonserte Tottenham at det har signert Gedson Fernandes frå Benfica på eit lån med 18 månadars varigheit, med ein opsjon på kjøp. 21-åringen har hatt ein sesong prega av skader og lite speletid, men no er han klar til å bidra og hjelpe til på ei skadeskoten Tottenham-midtbane. Kjelde: Tottenham Hotspur Vart hemma av trenarbytte Gedson Fernandes blir skildra som ein typisk "boks-til-boks"-midtbanespelar, og er mest komfortabel i "8ar"-posisjonen. Den unge portugisaren har kvikke føter og kan gjere kjappe retningsforandringar, han verkar som ein bestemt og moden type, kan frakte ballen framover ved hjelp av gode drible- og pasningsferdigheiter, kapabel til å gjere ein jobb i presset, bra skotfot frå distanse, og er generelt ein dynamisk spelar som tilfører energi i laget når han spelar på sitt beste.  Han har også vist at han leverer varene når det verkeleg gjeld, og presset er stort. Han var ein del av U17-laget til...

Preview: Tottenham - Liverpool

Bilde
Laurdag kveld tek Tottenham imot Liverpool, som hittil står utan tap i Premier League, på Tottenham Hotspur Stadium. Kjem Liverpool og Jürgen Klopp sitt maskineri til å halde fram med å ta sigrar, eller kjem José Mourinho til å kome med ein meisterplan som fiksar Tottenham sine defensive problem? Kjelde: The Liverpool Offside Lagoppstillingar Personleg ser eg for meg at José Mourinho fort kjem til å stille i sin føretrekte 4-2-3-1-formasjon. Hugo Lloris er framleis ute etter den forferdelege skaden i oktober. Eg trur at Davinson Sanchez kjem tilbake i startoppstillinga etter å ha vore ute av laget dei siste tre kampane. Ben Davies er framleis skada, Danny Rose er tvilsam, og eg trur at Mourinho kanskje tenkjer at dette er ein litt for stor kamp for Ryan Sessegnon, så eg trur at Jan Vertonghen kjem til å starte på venstrebackplassen. Den sentrale midtbana er skadelidande for tida. Rekordkjøpet Tanguy Ndombele slit med å halde seg skadefri, og er ikkje tilgjengeleg i...

Kva lærte vi av Manchester United 2-1 Tottenham?

Bilde
Onsdag kveld var det duka for eit svært spesielt og interessant oppgjer på Old Trafford. Ein nokså hardt pressa Ole Gunnar Solskjær tok imot tidlegare Manchester United-trenar José Mourinho og Tottenham til dyst, og det var nordmannen sitt lag som gjekk sigrande ut av oppgjeret. Kjelde: Football365 Mourinho har mykje å jobbe med Før gårsdagens oppgjer, hadde José Mourinho vunne sine tre første kampar som Tottenham-manager. Ein såg merkbare aspekt av spelet i dei tre første kampane som portugisaren bør gjere noko med, og i dette oppgjeret kunne ein bekrefte dette ytterlegare. I 56-åringen sine fire første kampar, har laget sleppt inn to mål i kvar einaste kamp, noko som er svært ulikt eit Mourinho-lag. Defensivt har han og støtteapparatet rundt han ein stor jobb framfor seg.  Og i desse fire kampane har Tottenham alltid hatt ei periode på rundt 30 minutt der laget har spelt elendig fotball, og det er i desse periodane at alle måla, utanom Marcus Rashford si straffe ...

Kva lærte vi av José Mourinho sin debut som Tottenham-trenar?

Bilde
Laurdag ettermiddag var det duka for ein svært interessant kamp på London Stadium. Ein hardt pressa Manuel Pellegrini og West Ham tok imot nyleg tilsette José Mourinho og Tottenham til dyst. Bortelaget gjekk opp i ei 3-0-leiing, og sjølv om heimelaget reduserte både ein og to gongar, vann Mourinho i sin debut som Tottenham-trenar. Men kva lærte vi av portugisaren sin første kamp på sidelinja for Spurs? Kjelde: Hidustan Times Dele Alli kjem til å blomstre José Mourinho har fått eit rykte på seg for å berre like store, fysiske midtbanespelarar som er gode i duellspelet, og neglisjere spelartypar som er annleis enn dette - men dette er ikkje sant. Portugisaren har spelt ei viktig rolle i Deco, Frank Lampard, Wesley Sneijder, Mesut Özil og Oscar sine karrierar, og no ser det ut som om Dele Alli er den neste "10-aren" som skal blomstre få under 56-åringen sine vingar. Det som kan vere til fordel for den unge engelskmannen, er at han, i tillegg til å ha mange av dei ty...

Vegen vidare for Tottenham

Bilde
Mykje har gått gale for Tottenham i 2019/20-sesongens første tredjedel. Med sterke signeringar i sommar skulle "dei liljekvite" frå Nord-London vere med og kjempe heilt i toppen, men slik har det ikkje vorte. Korleis ser vegen vidare ut for Spurs? Sesongens styggaste tap kom i Champions League-kampen mot Bayern München på Tottenham Hotspur Stadium. Tyskarane vann heile 7-2. Bilde: Fox Sports Uroleg spelargruppe Tottenham har, på papiret, kanskje ligaens tredje beste stall, men sjølv om kvaliteten på spelarane er svært bra, verkar spelargruppa uroleg. Like etter førre sesong, gjekk Christian Eriksen ut i media og fortalde at han var klar for ei ny utfordring i ein annan klubb. Han fekk ikkje den høgt ønskja overgangen sin i løpet av sommaren, og vart i staden verande i klubben - og utifrå prestasjonane hittil, er det heilt tydeleg at dansken er umotivert. I tillegg er midtstopparane Toby Alderweireld og Jan Vertonghen, to spelarar som ikkje har ønskja å signere ...

Kven bør Tottenham kjøpe?

Bilde
Kven bør Tottenham kjøpe? 31. januar 2018. Det er datoen Tottenham sist kjøpte ein spelar til førstelaget. Bygginga av ny stadion har teke opp mykje tid, energi og ikkje minst pengar, men denne sommaren ser det endeleg ut som om nye spelarar vil kome inn portane. Men kven bør laget frå Nord-London hente denne sommaren? Sentral midtbane Dette er den mest prekære posisjonen for Tottenham å investere i. Førre sesong var Tottenham avhengig av at Harry Winks og Moussa Sissoko var friske for å ha ei nokså fungerande midtbane. Når Eric Dier eller Victor Wanyama måtte inn og vikariere, så gjekk det bra nokre gongar, men i mesteparten av tilfella såg midtbana dårleg og mangelfull ut. Å selje enten Wanyama eller Dier dette vindauget vil vere smart, ettersom begge er på ei nedgåande kurve. Wanyama er nok den som er mest aktuell for eit sal, sidan han hadde nokre gode kampar på slutten av sesongen som kan ha auka verdien hans. I tillegg ser nok Pochettino på Dier som ein potensiell mi...