Kva midtstoppar bør Tottenham kjøpe?

 Spurs henta nyleg midtstoppar Clement Lenglet på lån frå Barcelona, men Antonio Contes mannskap må framleis forsterkast på midtstopparplass. Kven bør den store midtstopparsigneringa vere?

Alessandro Bastoni

Bilde: Inter

Det ser ikkje ut som om Conte, Paratici og Tottenham klarer å lokke Alessandro Bastoni til Tottenham denne sommaren, men eg må likevel berre presisere kor perfekt denne signeringa hadde vore for laget frå Nord-London. Han er berre 23 år og allereie ein svært god midtstoppar på veg mot å bli ein av verdas beste i sin posisjon. Han har spelt og stortrivst under Conte tidlegare, og passar perfekt inn til venstre i trebackslinja i 3-4-3-formasjonen hans tidlegare manager nyttar.

Bastoni er heilt fantastisk i det oppbyggande spelet. Han kan både føre ballen framover forbi motspelarar eller opp i ledig rom, eller finne medspelarar med linjebrytande pasningar langt framme i bana. Han minner meg mykje om Jan Vertonghen i måten han opererer på med ballen i beina. Eg anbefaler alle å søke opp den målgivande pasninga hans til Nicolo Barella i ein kamp mot Juventus. Den viser kva 23-åringen er i stand til å utrette med venstrefoten sin.

Som vi ser nedanfor, kjem han svært godt ut på progressive pasningar, progressive føringar, handlingar som fører til skot og forventa målgivande pasningar samanlikna med andre midtstopparar i fotball-Europa.

Bilde: FBRef

I Contes system er det veldig viktig at sidestopparane er komfortable med ballen, og kan bli med framover og skape overtal høgt i bana – og der er Bastoni svært god. Han kan kome på både overlappande og underlappande løp, og slår veldig gode innlegg frå djupe område. Den italienske midtstopparen er ein trussel offensivt som motstandar er nøydd å ta hensyn til. 

I tillegg til å vere strålande i det oppbyggande spelet og hjelpe til i sjanseskapinga, er Bastoni også svært solid defensivt. Han er på ingen måte ein "pushover" trass i den unge alderen og elegante stilen. Italienaren er svært god til å lese spelet, og har det typiske italienske forsvarar-genet som gjer han i stand til å stoppe trussel og fare på ein elegant måte før det i det heile tatt blir farleg. Det er kanskje store ord, men det er liksom noko Alessandro Nesta over spelestilen hans. 

Overgangen har verka daud ganske lenge, men det går stadig rykte om at Inter treng pengar denne sommaren for å få økonomien til å gå opp. Om dei ikkje får det til ved å for eksempel selje Milan Skriniar til PSG, kan det hende dei blir meir villige til å la Bastoni gå jo nærmare ein kjem 31. august. Så det ville ikkje forbausa meg heilt dersom rykta byrjar å dukke opp igjen på eit eller anna tidspunkt. Det ser usannsynlig ut no, men eg utelukkar ikkje heilt at Bastoni kan ende opp i Spurs allereie denne sommaren.

Og for ei signering det hadde vore for Antonio Conte og co!

Kalidou Koulibaly

Bilde: Napoli

Om ikkje Tottenham klarer å få kloa i Bastoni, ville eg framleis heldt meg i Italia og Serie A for å finne stjernemidtstopparen som kan ta Contes Spurs-lag til eit nytt nivå. Kalidou Koulibaly har berre eitt år igjen av kontrakten og har blitt linka til fleire klubbar, og eg meiner at sportsdirektør Fabio Paratici bør gjere alt han kan for å hente senegalesaren, som er ein av verdas beste midtstopparar, til Nord-London. Sjølv om han verkar å vere på veg til Chelsea, har eg likevel valt å profilere han her.

Koulibaly har ei ganske komplett pakke. Han har masse erfaring og rutine, og kjem til å gå rett inn i laget og levere med ein einaste gong. Han er ein kommanderande spelar og ein leiartype som står fram og spreiar tryggleik til spelarane rundt seg, og er rett og slett med på å forbetre heile laget. 

31-åringens fysikk er heilt ellevill. Sjølv om han "berre" er 1.86 meter høg, er han bygd som ein murvegg. Den enorme overkroppsstyrken hans gjer at han ofte taklar motspelarar med skuldra og får dei ut av balanse. Han brukar ofte den teknikken i staden for å legge seg ned og sklitakle, sjølv om han også kan gjere det om situasjonen tilseier at det er den beste løysinga. Svært få angriparar kjem sigrande ut av duellar mot Koulibaly.

Han er også veldig rask, og gjer at ein kan stå høgt med forsvarslinja utan å bekymre seg for mykje om rommet bak midtstopparane, noko som gjer at ein kan presse høgare og meir effektivt. Samtidig er han også svært godt rusta til å stå djupare i bana og forsvare målet om det er kampbildet. 

Bilde: FBRef

Som Bastoni, er Koulibaly også svært komfortabel og god med ballen i beina. Han slår fleire progressive pasningar per kamp, og sjølv om han har ein svært robust fysikk, har han også god nærteknikk som gjer at han ofte klarer å drible seg forbi motspelarar og drage av ein pressande angriparar. Kun 1 % av fotball-Europas midtstopparar dribla meir enn han det siste kalenderåret (0.74 per 90 minutt).

Kombinasjonen av fart, fysikk og gode ferdigheiter med ball i beina, gjer at han liknar ganske mykje på Virgil van Dijk i spelestilen. Hollendaren er ein god del betre enn han i lufta, men Koulibaly liknar ganske mykje på Liverpool-midtstopparen i spelestilen.

Både Eric Dier, som spelar sentralt i midtforsvaret, og Ben Davies, som spelar til venstre som sidestoppar, kan oppgraderast – og det fine med Koulibaly er at han kan meistre begge dei rollene. Han er høgrefota, men i Napoli har han stort sett spelt til venstre som ein av to midtstopparar i ei firebackslinje, noko han har løyst på ein svært god måte. I Contes trebackslinje vil han kunne spele enten sentralt eller til venstre (og forsåvidt til høgre), noko som gir den italienske manageren moglegheiter til å disponere laget på fleire måtar og vere meir fleksibel.

Conte har tidlegare uttalt at han er ein stor fan av senegalesaren, og går ein for å bygge eit så slagkraftig lag som mogleg for dei neste sesongane, vil det vere verdt å hente han – sjølv om han har fylt 31 år. Med eitt år igjen av kontrakten blir han ikkje altfor dyr, og eg trur han har fleire svært gode år igjen på det aller høgste nivået.

Å signere Koulibaly vil transformere heile Tottenham-forsvaret.

Benoit Badiashile

Bilde: Monaco

Nummer tre på lista dersom både Bastoni og Koulibaly er umoglege å hente, er Monaco-midtstopparen Benoit Badiashile. Franskmannen er berre 21 år og er framleis ganske rå og uraffinert i stilen, men han har eit enormt potensial og passar den profilen Tottenham er ute etter heilt perfekt.

21-åringen er ekstremt duellsterk, og med 194 centimeter på strømpelesten, er han luftas baron. Han vinn 77 % av duellane sine i lufta, noko som er mykje betre enn både Koulibaly og Bastoni, og han vil tilføre eit kvart lag enorm styrke i luftrommet. Høgda og den robuste fysikken gjer at han også er duellsterk langs bakken. 

Men Badiashile baserer ikkje berre spelet sitt på den enorme fysikken sin, for han er også svært god til å lese spelet. Han likar godt å gå ut av forsvarslinja for å bryte av ei pasning, og 2.96 avskjeringar per 90 minutt viser at han er svært god til å gjere akkurat det. Franskmannen er, som skrive, framleis ganske rå, noko ein ser igjen i diverse rare val, involveringar, posisjoneringar og tabbar bakover i bana, men slik er det med dei aller fleste midtstopparar som er 21 år eller yngre.

Bilde: FBRef

I tillegg til å vere ekstremt god i lufta og å lese spelet bra, er Badiashile også utruleg god med ballen i beina, noko som er eit "must" i eit Conte-forsvar. Han likar å involvere seg mykje i det oppbyggande spelet, og han har ein svært fin venstrefot kombinert med eit godt overblikk. 4.56 progressive pasningar per 90 minutt er heilt blant eliten av fotball-Europas midtstopparar, og han kjem stort sett godt ut på alle statistikkar som har med pasningar å gjere.

I likskap med Koulibaly, kan også Badiashile spele både som den sentrale midtstopparen og sidestopparen ute til venstre, noko som gjer at moglegheitene blir større til å disponere laget på ein god måte enn dersom ein hentar inn ein spesialist i ei av dei to rollene i midtforsvaret. Han tikkar dei fleste boksene for begge rollene. Til venstre i midtforsvaret må ein vere rask, fysisk sterk og komfortabel med å ta eit stort ansvar i det oppbyggande spelet. Det same gjeld i sentralt i midtforsvaret, men ein blir meir beskytta i den rolla og er ikkje like avhengig av fart, samtidig som ein kanskje må vere meir fysisk robust og betre i lufta. Badiashile løyser begge desse rollene med bravur.

Badiashile er ikkje på det same nivået som Bastoni og Koulibaly, og er kanskje ikkje den spelaren ein går for dersom ein leitar etter ein garanti for leveranse frå første kamp, men potensialet hans er skyhøgt – og han er allereie ein svært god midtstoppar som ville forbetra Tottenham-forsvaret ganske markant. 

Gvardiol, Tapsoba, Bremer og Torres

Alessandro Bastoni, Kalidou Koulibaly og Benoit Badiashile er etter mi meining dei tre alternativa som bør vere øvst på Fabio Paratici si liste over midtstopparar Tottenham bør prøve å hente, men dei har sjølvsagt blitt linka til mange fleire enn berre dei tre. Nedanfor går eg gjennom nokre andre potensielle alternativ, og om Spurs bør gå for dei eller ikkje:

Josko Gvardiol er eit namn som stadig har dukka opp i løpet av sommaren, og kroaten er ein ekstremt spennande spelar. Han er ekstremt god i det oppbyggande spelet og framover i bana, og passar stilmessig svært bra til venstre i Contes midtforsvar. 20-åringen er framleis svært uraffinert, må forbetre seg defensivt og har kampar der det kan gå fullstendig gale. Når RB Leipzig då visstnok krevjar ein spinnvill sum, rundt £80 millionar, er det ein for stor sjanse å ta etter mi meining. Eg trur Gvardiol kjem til å bli svært, svært god, men det er fleire spelarar eg har i køa framfor kroaten.

Edmond Tapsoba er ein spelar eg ikkje har sett ein einaste Spurs-link til, men han er så absolutt ein spelar klubben bør ha på radaren. Han har vore svært god for Leverkusen, og minner om ein yngre Virgil van Dikj i spelestilen. Kommanderande, fysisk robust, rask og svært involvert i det oppbyggande spelet. Også han har svake augneblinkar og involveringar som må lukast vekk, men 23-åringen er i ferd med å utvikle seg til å bli ein midtstoppar i verdsklasse. Han har kontrakt med Leverkusen til 2026, så han ville nok blitt ekstremt dyr denne sommaren, men han er ein spelar Tottenham og alle andre storklubbar bør prøve å plukke opp etter kvart.

Gleison Bremer, som har blitt kraftig linka vekk frå Torino, har tidvis blitt linka til Spurs dei siste månadane – og brasilianaren er ein svært god og interessant spelar. Han er utruleg aggressiv og intens i spelestilen, og liknar eigentleg veldig mykje på Cristian Romero. Bremer har ein svært spennande profil, men eg er usikker på kor godt han vil passe inn i laget. Eg trur han vil slite i det oppbyggande spelet på venstresida av midtforsvaret, ettersom han er ganske tydeleg høgrebeint. Eg trur også forsvaret vil bli ubalansert dersom han og Romero skulle spelt saman til høgre og sentralt i midtforsvaret. Han er ein svært god spelar, men Spurs bør etter mi meining ikkje gå for han av dei nemnde grunnane.

Villarreal-midtstoppar Pau Torres er også ein spelar som har blitt linka til Tottenham denne sommaren. Stilmessig vil han passe godt inn til venstre i midtforsvaret, og spanjolen tilfører ekstremt mykje i det oppbyggande spelet. Det er få midtstopparar i fotball-Europa som er like god i pasningsspelet som Villarreal-stopparen. Men det er nokre ting som talar imot å hente 25-åringen. Han er ganske treig, og vil slite mot raske angriparar, noko som gjer at han ein ikkje kan føle seg spesielt trygge med å stå høgt i bana. Torres er høg, men har ikkje fysikken eller spensten til å dominere i lufta, og mot sterke oppspelspunkt og på dødballar imot kan han fort slite. Villarreal vil ha mykje pengar for han, og eg meiner det vil vere lurt av Spurs å ikkje bruke mykje pengar på ein midtstoppar med så tydelege manglar i spelet sitt.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Kva lærte vi av Liverpool - Tottenham?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?