Analyse: Kva tilfører Yves Bissouma Contes Tottenham?

Yves Bissouma vart nyleg Tottenhams tredje signering i det som ser ut til å bli ein innhaldsrik sommar. Spurs har betalt £25 millionar for å hente han frå Brighton, og det er høge forventningar til kva 25-åringen frå Mali kan bidra med i den liljekvite trøya. Kva slags type spelar er Bissouma? Korleis passar han inn i Antonio Contes Tottenham? Blir han ein suksess i Nord-London?

Bilde: Tottenham Hotspur

Dynamisk beist på midtbana

Då Yves Bissouma vart henta av Brighton frå Lille i 2018, var han ein nokså offensiv boks-til-boks-midtbanespelar – og ein heilt anna type enn den spelaren som går til Tottenham fire år etter at han kom til England. Graham Potter har flytta Bissouma djupare og djupare i bana for kvar sesong som har gått, og førre sesong spelte han omtrent utelukkande som defensiv midtbanespelar for Brighton.

Det første som verkeleg skil seg ut når ein ser på Bissouma sine tal og når ein ser han spele, er det defensive bidraget. 25-åringen frå Mali er ein av Premier Leagues aller beste midtbanespelarar defensivt, og er eit skikkeleg beist på midtbana. Det var berre tre spelarar som hadde fleire taklingar enn Bissouma (2,9 stk per kamp) i ligaen førre sesong, og det var kun sju som hadde fleire avskjeringar (1,9 stk per kamp) enn den defensive midtbanespelaren. Han har ein svært god taklingsteknikk, og eg har inntrykk av at han er gladare i å takle ståande enn liggande, noko som gjer at han ofte får med seg ballen etter taklingane, i staden for at den går ukontrollert vekk etter ei knallhard sklitakling. 

Bissouma kan springe ut av posisjonen sin for å presse høgt og aggressivt, men han fungerer aller best som eit skjold framfor forsvaret. Han er svært atletisk, rask og fysisk sterk, i tillegg til å lese spelet og forskjellige situasjonar strålande – og det gjer han utruleg effektiv til å stoppe kontringar, følgje løp frå motspelarar og vinne éin-mot-éin-duellar. Han gjer midtstopparanes jobb mykje enklare med det defensive bidraget sitt, og er rett og slett limet i laget defensivt. 

25-åringen pådrog seg heile ti gule kort i ligaen før midten av april i førre sesong, noko som betydde at han måtte stå over to kampar. Høg intensitet og aggressivitet defensivt, som Bissouma har, fører naturlegvis med seg ein del kort, men han måtte ofte takle dei defensive oppgåvene på midtbana heilt åleine, noko som gjorde at han tidvis vart isolert mot éin eller fleire motspelarar. 

Men sjølv om han hovudsakleg opererer som den mest djuptliggande på midtbana og som eit anker framfor midtforsvaret, betyr ikkje det at han ikkje likar å bli med framover og involvere seg høgare i bana, som vi ser av varmekartet nedanfor. Det viser kvar Bissouma var mest aktiv i ligaen førre sesong.

Bilde: SofaScore

Bissouma er ikkje berre "best utan ball", men likar også godt å kome djupt i bana for å involvere seg i det oppbyggande spelet. Han er svært pressresistant, og ber ofte om ballen sjølv om han er omring av motspelarar og blir hardt pressa. På grunn av gode dribleferdigheiter, ein robust fysikk og eit bra steg, kjem han seg ofte ut av desse situasjonane på ein god måte, samtidig som han trekker på seg fleire motspelarar, noko som er med på å opne opp rom for medspelarar. Han kan vende på mange forskjellige vis, og klarer som regel alltid å halde ballen i laget.

Han dribla 1,3 gongar per kamp i ligaen førre sesong – nest-mest i laget – og han er svært vanskeleg å stoppe når han først bestemmer seg for å føre med seg ballen framover i bana. Bissouma har ein suksessrate på 67 % på driblingsforsøka sine, noko som er veldig, veldig bra. Han oppfattar situasjonar og augneblinkar der han har moglegheita til å ta med seg ballen oppover i bana.

Skal ballen framover i bana, gjer han det i mykje større grad ved å drible eller føre ballen kontra å sentre. I motsetning til dribleferdigheitene hans, som er i det øvre sjiktet blant sentrale midtbanespelarar i Europa, kjem han ikkje spesielt godt ut på statistikkar som omhandlar pasningar framover i bana. Meir enn ni av ti sentrale midtbanespelarar i Europa slår fleire progressive pasningar enn han (2,22 stk per 90. minutt).

Bissouma slår mykje heller korte pasningar, som er med på å oppretthalde rytma i spelet, i staden for å prøve seg på spektakulære pasningar gjennom fleire av motstandars ledd. Under Potter har han fått ei ganske definert rolle der han ikkje skal ta for mange sjansar i pasningsspelet, noko ein ser igjen i at han treff på 89,2 % av pasningsforsøka sine. 

Eg er spent på å sjå om Conte brukar han på same måte som Potter, men eg sit med ei lita kjensle av at 25-åringen har meir i seg i pasningsspelet enn det han har fått vise i Brighton. Kanskje er Antonio Conte mannen som skal få det fram i lyset? Det vil tida vise.

Bissouma samanlikna med andre sentrale midtbanespelarar i Europa det siste kalenderåret. 
Bilde: FBRef

Bissouma er ikkje spesielt god i lufta, og det er kanskje ei aldri så lita svakheit i spelet hans. I tillegg bidreg han ikkje med spesielt mange målpoeng. På dei fire sesongane i Brighton har han totalt levert fem målpoeng, og det er ikkje akkurat noko å rope hurra for. Han har ikkje det beste skotbeinet, og han bommar veldig mykje meir enn han scorar, men av og til kan han finne på å diske opp med eit skikkeleg kremmarhus frå distanse.

Hand i hanske i Contes system

Eg trur Bissouma kjem til å passe som hand i hanske i Antonio Contes system, og at han gir italienaren fleire moglegheiter når han skal sette opp eit lag og ein midtbanekonstellasjon. Etter at Dejan Kulusevski og Rodrigo Bentancur vart henta i slutten av januar, har Tottenham hovudsakleg sett opp i ein 3-4-3-formasjon, der Pierre-Emile Højbjerg og nemnde Bentancur ofte spelte i lag. Bissouma er ikkje spesielt ulik verken Højbjerg, Bentancur eller Oliver Skipp, og eg trur han kjem til å gå rett inn i 3-4-3-formasjonen saman med ein av dei tre andre utan problem. 

Signeringa av Bissouma gir Conte ei moglegheit til å velje mellom fire ganske like midtbanespelarar, som alle kan spele og danne ein duo i lag, samtidig som dei fire midtbanespelarane er forskjellige nok til at ein kan variere utifrå korleis kampbildet ser ut. 

Bilde: BuildLineup

Som skrive, har Bissouma primært sett spelt som eit anker for Brighton den siste tida. Førre sesong kom nokre av Tottenhams aller beste kampar i 3-5-2-formasjon, men på grunn av Kulusevskis gjennombrot på høgrekanten, vart 3-4-3 den føretrekte formasjonen på vårparten. Eg trur, dersom ein skal kvile ein av angrepsspelarane eller endre på formasjonen for å løyse opp i eit kampbilde der 3-4-3 ikkje fungerer optimalt, at 3-5-2-formasjonen kan bli reintrodusert. Bissouma passar svært godt som ankeret i ein midtbanetrear, og gir Spurs ei enda betre moglegheit til å bruke denne formasjonen ved høve.

Bilde: BuildLineup

Bissoumas enorme defensive bidrag gjer også at ein potensielt kan (og bør?) signere ein meir offensivt anlagt sentral midtbanespelar. Verken Skipp, Højbjerg, Bentancur eller Bissouma er ein skikkeleg boksopnar eller playmaker, men med Bissouma som eit skjold, vil det vere plass til ein kreativ spelar, som for eksempel Christian Eriksen, på midtbana. Ettersom Bissouma kan spele både djupt og som boks-til-boks på midtbana, kan ein for eksempel starte med Eriksen eller ein anna kreativ playmaker enten framskoten som den mest offensive av tre, eller djupt i bana som ein regista som styrer tempoet i kampen. 

Bilde: BuildLineup

Signeringa av Bissouma, som meistrar fleire roller, gir Antonio Conte store moglegheiter til å sette opp og forme laget sitt slik som han vil og gjere små taktiske justeringar. Kanskje ein til og med kan setje opp i ein 3-4-3 der Bissouma tek det defensive ansvaret og ein kreativ playmaker spelar saman med han i ein midtbanetoar.

Samtidig som Bissouma er ganske lik dei andre midtbanespelarane til Tottenham, gir 25-åringen svært mange moglegheiter for Conte til å rotere og justere på laget.

Ei perfekt signering?


Denne avtalen gir meining for Tottenham på fleire område: Bissouma har ikkje berre erfaring frå Premier League. Han har erfaring med å tidvis dominere kampar mot ganske gode lag i verdas beste liga. Han har ferdigheiter som passar svært godt inn i Contes system og spelestil, han leverer sjeldan dårlege kampar, og 25-åringen har vist at han rett og slett er ein svært god sentral midtbanespelar.

I tillegg har Spurs "berre" betalt £25 millionar for han, noko som må seiast å vere eit skikkeleg varp i dagens marknad. Bissouma hadde berre eitt år igjen av kontrakten hos sørkystklubben, så dei måtte selje han i sommar for å få att pengar for han – og det har Daniel Levy og co. verkeleg nytta godt. 

Sjølv om det sportsleg sett verkar å vere ein svært god overgang for Tottenham, er det likevel ein elefant i rommet når det kjem til signeringa av Bissouma: I oktober i fjor vart han arrestert på grunn av mistanke om eit seksuelt overfall, og politietterforskinga har ikkje blitt avslutta. Det er mykje usikkert knytt til saka, og ein får først meir informasjon etter at etterforskinga er over. 

Men sportsleg sett er dette ei strålande signering på dei aller fleste plan. Det er vanskeleg å få ein større garanti for at ei nysignering skal fungere enn det Bissoumas overgang frå Brighton til Tottenham tilseier, og eg har stor tru på at han kjem til å vere med på å ta dette Spurs-laget til eit nytt nivå. Det kan også godt hende at Conte klarer å utvikle 25-åringen enda meir på fleire område, og då byrjar vi å snakke om ein midtbanespelar av svært høg klasse.

Eg slit verkeleg med å sjå korleis Yves Bissouma skal floppe i Tottenham.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Kva midtstoppar bør Tottenham kjøpe?

Kva kjem Dejan Kulusevski til å tilføre Tottenham?